Skulehistorie i Selje
Skulehistorie i Selje skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå tidlegare Selje kommune si skulehistorie.
Frå innføringa av formannskapslovene i 1837 og til 1910 var Selje og Vågsøy ein kommune, med Selje både som kyrkjestad og som administrasjonssenter. I 1900 vart Vågsøy skilt ut frå Selje med to eigne kyrkjesokn (Sør- og Nord-Vågsøy), og i 1910 vart kommunane Sør- og Nord-Vågsøy skilde ut frå Selje kommune.
Selje prestegjeld vart i 1741 delt inn i fire skuledistrikt eller krinsar. I 1746 var det seks skuledistrikt, og i 1857 kom eit sjuande. I 1864 vart det første faste skulehuset i Selje bygt på prestegarden. Knut Halvorsen var lærar og klokkar i Selje frå 1862, og var den første i kommunen med lærareksamen. I 1882 brann skulehuset ned, og tre av borna til klokkaren brann inne. Nytt skulehus vart reist på dugnad.
Ordførar Sivert J. Berge forsøkte i 1874 å få kommunestyret til å vedta at ein skulle gå tilbake til omgangsskuleordninga fordi den var billegare enn fastskulen. Dette vart ikkje godteke av stiftsdireksjonen i Bergen.
Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.
Oversikt over skulekrinsar
I Selje prestegjeld var det fire skuledistrikt i 1741. Kvar av desse skuledistrikta hadde fire krinsar. Fem år seinare var der seks skuledistrikt. I dei neste 90 åra vart Moldefjorden skuledistrikt lagt ned og skipa på nytt to gongar. I 1831 hadde Selje seks skuledistrikt der to var der det i dag er Vågsøy kommune: Vågsøy søndre og nordre skuledistrikt. Dei fire andre var Stad, Nordstrand, Moldefjord og Pollen skuledistrikter. Kvar skuledistrikt hadde fem tilhøyrande krinsar. I 1854 kom det det sjuande skuledistriktet for Drage og Fure samt Kvalheim og Kråkenes.
Det var stadig endring i tal krinsar. I 1861 var der 24 krinsar fordelt på 4 faste og 6 konstituerande lærarar. I 1867 var der 11 lærarar fordelt på 26 krinsar. I 1874 var der 12 lærarar på 29 krinsar, og i 1883 skal det ha vore 30 krinsar fordelt på 13 lærarar. Det var litt over to krinsar pr. lærar.
Skulekrinsar 1831
Selje sokn | Skulekrinsar |
---|---|
Stad skuledistrikt | 1. Hoddevik med ytre Fure, 2. Ervik, 3. Morkedalen, 4. Årvik med Ormeteige, 5. Honningsvåg med Eltvik |
Nordstranda skuledistrikt | 1. Tungevåg til og med Beitveit, 2. Beitveit til og med Sjåstad, 3.Sande til Otnheim, 4.Sandviknes, 5. Einehaugen til og med Skorge |
Moldefjorden skuledistrikt | 1. Drage til og med indre Fure, 2. Årdal til Grytingane, 3. Hove til og med Hamarsvik, 4. Bortne til og med Eide, 5. Berstad til og med Salt |
Pollen skuledistrikt | 1. Barmøy, 2. Rundreim til og med Venøy, 3. Vetrehus til og med Seljeneset, 4. Flatraket til og med Sørpollen, 5. Osmundvåg, Silda til og med Hagevik |
Vågsøy sokn | Skulekrinsar |
Nordre Vågsøy skuledistrikt | 1. Raudeberg til og med Kjerringdalen, 2. Hovseter, Langenes og Vedvik, 3. Refvik, 4. Kråkenes, 5.Kvalheim |
Søndre Vågsøy skuledistrikt | 1. Gotteberg til Seternes, 2. Saltkjelen, Kulen og Måløyna, 3. Blålid til og med Evja, 4. Holvik, Våge og Vågsberget, 5. Oppedal med stranda og Torskangerpoll |
Oversikt skulekrinsar over tid
1891 | 1892 | 1910 | 1917 | 1944/45 | 2013/14 | 2014/15 |
---|---|---|---|---|---|---|
Hove | Hove | Hove | Hove | Hove | Selje skule | Selje skule |
Moldestad | Moldestad | Moldestad | Moldestad | Moldestad | ||
Stokkevaag | Stokkevaag | Stokkevåg | Stokkevåg | Stokkevåg | ||
Eide | Eide | Eide | Eide | Eide | ||
Kjøde | Kjøde | Kjøde | Kjøde | Kjøde | ||
Nordstrand | Nordstrand | Nordstrand | Nordstranda | Nordstranda | Stadlandet skule | Stadlandet skule |
Borgundvaag | Borgundvaag | Borgundvaag | Borgundvåg | Borgundvåg | ||
Eltvik | Eltvik | Eltvik | Eltvik | Eltvik | ||
Honningsvaag | Honningsvaag | Honningsvaag | Honningsvåg | Honningsvåg | ||
Aarvik | Aarvik | Aarvik | Årvik | |||
Ervik | ||||||
Refsnes | Refsnes | Refsnes | Refsnes | Refsnes | Ytre Stadlandet Grendaskule | |
Morkedalen | ||||||
Rundereim | ||||||
Drage | Drage | Drage | Drage | Drage og Fure | ||
Hoddevik | Hoddevik | Hoddevik | Hoddevik | Hoddevik | ||
Barmen | Barmen | Barmen | Barmen | Barmøy | ||
Sandvik | Sandvik | Sandvik | Sandvik | Sandvik | ||
Nordpold | Nordpold | Nordpoll | Nordpoll | Nordpoll | ||
Fladaker | Fladaker | Fladaker | Flatraket | Flatraket | Flatraket skule | Flatraket skule |
Silden | Silden | Silden | Silden | Silda | (Flytta til Vågsøy kommune i 1965) | |
Hagevik | Ulvesund | (Flytta til Vågsøy kommune i 1965) | ||||
Rødberg | Rødberg | (Vågsøy kommune) | ||||
Halsør | Halsør | (Vågsøy kommune) | ||||
Hagevik | Hagevik | (Vågsøy kommune) | ||||
Skavøpold | Skavøpold | (Vågsøy kommune) | ||||
Revvik-Vedvik | Revvik-Vedvik | (Vågsøy kommune) | ||||
Skram | Skram | (Vågsøy kommune) | ||||
Kvalheim | Kvalheim | (Vågsøy kommune) | ||||
Oppedal | Oppedal | (Vågsøy kommune) | ||||
Kråkenes | Kråkenes | (Vågsøy kommune) | ||||
Våge | Våge | (Vågsøy kommune) | ||||
Holevik | (Vågsøy kommune) |
Skulekrinsar
- Hove/Selje krins
- Moldestad/Moldefjorden krins
- Stokkevåg krins
- Eide krins
- Kjøde krins
- Nordstranda/Leikanger krins
- Borgundvåg krins
- Eltvik krins
- Honningsvåg krins
- Refsnes krins
- Drage krins
- Hoddevik krins
- Barmen krins
- Sandvik krins
- Nordpollen krins
- Flatraket krins
- Rundereim krins
Skuleveg
Lærarar
Nokre lærarar hadde posten sin lenger enn andre, og det var i nokre krinsar stor gjennomtrekk av lærarar. I 1848 var der då 6 skuledistrikt med ein lærar i kvar distrikt.
Dei første nemte lærarane var Josef P. Moldestad (Salt-Fureneset), Rasmus Andersson Refsnes (Morkedalen og vikane på Nordvest-Stadtlandet), Gregorius Bergeson Kjøde (Nordstranda frå Skorge til Honningsvåg), Berge Jonsson Barmen (Osmundvåg, Barmen og pollane innanfor), Kristian Abrahamsson Hovset (Vågsøy), Mons Hansson Røysa (Vågsøy). Då det sjuande distriktet kom i 1854 vart Ole Nilsson Kvalheim lærar.
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Sigurd Balsnes | 22.07.1901 | 1919 | Volda lærarskule 1923 | Var vikar | ||
Andreas V. Barmen | 02.02.1889 | d.1921 | ||||
Knut Johan Severin Berstad | 09.10.1876 | Selje storskule | Volda lågare lærarprøve 1898, Volda lærarskue 1902 | |||
Daniel Berstad | 05.09.1851 | d.1938 | ||||
Dina Borgund | 23.07.1898 | Oslo lærarskule 1923 | ||||
Herman Borgund | 03.12.1890 | d.1932 | ||||
Rebekka Borgund | Handarbeid i folke- og framhandskulen | 1948 | Konstituerande lærar |
Skular og elevtal
I 2018 er det tre skular i Selje kommune. Ytre Stadlandet Grendaskule vart lagt ned etter skuleåret 2013/14.
- Flatraket skule 1. til 7.trinn
- Selje skule 1. til 10.trinn
- Stadlandet skule 1. til 10.trinn
2013/14 | 2014/15 | 2015/16 | 2016/17 | 2017/18 | |
---|---|---|---|---|---|
Tal på elevar | 329 | 318 | 316 | 297 | 309 |
Tal på skular | 4 | 3 | 3 | 3 | 3 |
Målform
I åra frå 1914 til 1939 vart nynorsk innført som undervisningmål i Selje-skulane. Prost Ludvig Strømme var sterk motsandard til dette. Den første krinsen som innførte nynorsk som målform var Hoddevik i 1914. I 1918 vart det innført på Honningsvåg skule, og i 1926 på Nordstranda, Barmen, Borgundvåg, Refsnes, Drage, Eide, Røyset, Sandvik, Nordpoll, Flatraket og Moldestad. Årvik og Kjøde kom etter med nynorsk i 1936. I 1939 la Stokkevåg, Eltvik og Hove krinsar om til nynorsk, dermed var det innført nynorsk i alle skulekrinsane i Selje kommune.
Arkiv
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Femårsmelding: Beretning om Folkeskolerne i Selje Skolekommune for Femaaret 1891-95. Sandane i Gloppen. Nordfjords Bog- og Accidentstrykkeri
- Femårsmelding: Beretning om Selje folkeskolevæsen for femaaret 1896-1900. Kristiania. Grøndahl & Søns bogtrykkeri 1902
- Femårsmelding: Beretning om Seljes folkeskole for 1901-1905. Kristiania. Grøndahl & Søns bogtrykkeri, 1906
- Edvard Os (1957) Selje og Vågsøy - Bygdene og Bygdesamfunnet.
Digitale kjelder
- Selje.info: Skulehistorie
- Allkunne: Skular i Selje
- Arve Åheim (2007) GeoAtlas: Skulane i Selje Kommune gjennom tidende
- Selje kommune: skulane i Selje
- Tal elevar: Skoleporten.udir.no
- Selje kommune - møtebok for skulestyret (1831-1877). Digitalt på fylkesarkivet.no.
- Aaland, Jacob (1957) Nordfjord fraa gamle dagar til no – Oslo : Forenede tr..
Ikkje-prenta kjelder
- Lærartilsetjingar Selje skulestyre 1921-1954
Skulehistorie i Selje er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid! Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no. |