Skulen min/Instruksjonar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Instruksjonar, tips og råd til dei som jobbar med prosjektet Skulen min.

Førebuing

Kva ønskjer du å formidle? Prosjektet trenger mellom anna informasjon om skulekrinsar, skulehus, lærarar, fag, skulevegar, leik i friminutta, lekser med meir. For kvar kommune har vi laga eit oppsett som alle kan vere med å bygge vidare på. Vi har bygd opp prosjektet på denne måten:

  • Nivå 1: Skulehistorie i X kommune
    • Oversikt over alle krinsane
  • Nivå 2: X krins
    • Dei ulike skulane/skulehusa i krinsen
    • Skuleveg
    • Skuledagen
    • Lærarar
    • Mogeleg å legge til fleire overskrifter her for å formidle minne/historier.
  • Nivå 3: X skule
    • Skildring av skulehuset
    • Historia til huset, inkludert dagens situasjon

Faktainformasjon

Vil du bidra med faktainformasjon? Då må du vise til kjelder. Dette kan mellom anna vere arkiv, bygdebøker, anna lokalhistorisk litteratur, årbøker eller sogeskrift. Legg inn referansar under "Kjelder og litteratur".

Personlege minne/historiar

Det er veldig viktig å ta vare på den delen av skulehistoria vi ikkje finn i historiebøkene eller i statistikken. Hugsar du ting frå di eiga skuletid, eller har du eldre slektningar som hugsar eller har skrive ned minne frå skuletida si? Dette vil vi gjerne få formidla i prosjektet "Skulen in". Hugs at det som vert skrive på lokalhistoriewiki.no vert fritt tilgjengeleg for alle på nettet, og kan også brukast vidare av andre, til dømes i publikasjonar eller på heimesider. Det er difor viktig at ein viser respekt for andre menneske, og at ein får løyve viss ein vil fortelje andre sine historier/minne.

Foto

Det er også mogeleg å laste opp og dele bilete på lokalhistoriewiki.no. Ein kan dele nye og gamle bilete. Men det er viktig å hugse på to ting før du lastar opp bilete: 1) Opphavsrett: Er det du som har teke biletet? I så fall er det heilt greitt at du lastar det opp. Viss det ikkje er du som har teke biletet må du enten ha løyve frå fotograf eller så må opphavsretten ha gått ut. Les meir om dette på hjelpesida til lokalhistoriewiki.no. 2) Personvern: Er det personar på biletet? Er det i så fall greitt for dei at biletet vert publisert på nett med open lisens? Les meir om dette på hjelpesida til lokalhistoriewiki.no. Ta kontakt med prosjektleiar Sigrun Espe eller Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane om du har ei biletsamling som du ønskjer hjelp til å dele.

Redigering

Når du er klar til å bidra med informasjon om skulehistoria, er det ein ting du må starte med: Opprett brukar på lokalhistoriewiki.no. Bruk gjerne ditt eige namn som brukarnamn. Du må stadfeste brukaren ved å følgje ei lenke som vert sendt til e-postadressa du legg inn.