Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane tok vare på og formidlar arkiv- og kjeldemateriale frå Sogn og Fjordane fylke. Arkivet samarbeider tett med kommunar, bibliotek og museum, og har ulike fysiske og digitale publikumstenester. Frå 1.1.2020 vart Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane slått saman med Hordaland fylkesarkiv og danna Fylkesarkivet i Vestland. Arkiv er ein seksjon i avdeling for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylke.

Arbeidsområde

Kommunale arkiv

Eit tyngdepunkt i fylkesarkivet si verksemd er kommunalt arkivarbeid. Gjennom kommunearkivordninga har fylkesarkivet ansvar for utviklings- og rådgjevingstenester for kommunane, og har etablert eit fellesdepot for oppbevaring av det eldre arkivmaterialet deira. Nær alle kommunane i fylket deltek i dette samarbeidet.

Private arkiv og immateriell kultur

Fylkesarkivet forvaltar samlingar innan privatarkiv, musikk, foto og stadnamn med tilknyting til Sogn og Fjordane. Den immaterielle kulturarven står sentralt i fylkesarkivet si verksemd.

Fotoarkivet

Fotoarkivet har ei omfattande samling med bilete frå heile fylket. Bileta vert gjort tilgjengelege i fotodatabasen på internett, etter kvart som dei vert registrert og digitalisert. I samlinga finn ein originalt materiale som er deponert, materiale som er i arkivet sitt eige, og reproduksjonar på film. Materialet er oppbevart i fotoavdelinga sine magasin på fylkeshuset i Leikanger. Klima i magasina er tilpassa strenge krav for best oppbevaring av fotografisk materiale. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er regional ansvarsinstitusjon for foto i Sogn og Fjordane.

Einskilde fotografar:

Organisasjon

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart oppretta som ei prøveordning av Sogn og Fjordane fylkeskommune i 1983, og vart etablert som fast ordning frå 1986. Fylkesarkivet er plassert under ansvarsområdet til fylkesdirektør for næring og kultur i fylkeskommunen. Fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl er leiar med personalansvar for dei 17 fast tilsette.


Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!