Sigurd Balsnes (1901–1993)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skulestyrar og biblioteksjef Sigurd Balsnes
Foto: Norske skolefolk, 1952

Sigurd Balsnes (fødd 22. juli 1901 i Stårheim i Eid kommune, død 30. september 1993 i Vadheim i Høyanger kommune) var lærar, skulestyrar og biblioteksjef. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923 og tok kurs i bibliotekstell, skolehagearbeid, engelsk og skulefilm. Han var lærar i Selje i 2,5 år og lærar og skulestyrar i Vadheim krins i Høyanger i 46 år. Han var og klokkar ved Vadheim bedehuskapell og formann i skoleråd og lærerlag. Sigurd Balsnes var bibliotekinspektør i Sogn og Fjordane og biblioteksjef i Høyanger. Han var med på skipinga av fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og var styremedlem i Norsk bibliotekforening i seks år. Han fekk Kongens fortjenstmedalje.

Sigurd gifta seg med Astrid Løbø i 1927. Foreldra til Sigurd var bonde Samuel Balsnes og Oline Hafsås frå Stårheim.

Kjelder