Den nye gamleskulen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamleskulen frå 1901-02

Rapport om Kinn folkeskular skreiv at det vart bygt nytt skulehus i Eikefjord i 1900. Det var eit skulerom berekna for 40 elevar. 17 september 1901 valde Kinn herad Oliver Kvalvik og Kristoffer Dale til å overta Eikefjord skulehus frå entreprenør Daniel M. Knapstad som meldte det klart for levering. Dale og Kalsvik meldte at huset var i stand etter kontrakta og skulehuset vart overtatt 7. februar 1902.

Daniel M Knapstad søkte om eit tillegg på kr 521,86 for arbeidet med skulen. I skulestyremøte den 12/6-1902 blei det foreslått å innvilge dette dersom amtstinget gav halvdelen. I møte 7 november 1902 ville heradstyret ikkje godta skulestyret sitt forslag på kr 521,86, men derimot kr 200.- med forutsetning av at Amtet innvilga halvdelen av dei nemnte kr. 200.-.

Elevar ved skulen i 1908

Eikefjord krets søkte om å få sette opp gjerde kring leikeplassen ved Eikefjord skule då skulen var ny. På skulestyremøte vedtok dei at krinsen skulle ordne dette utan utgift for heradet. Heradsstyret godkjende dette, men ville at kretsen også tok vedlikehaldet.

Det var ikkje vedhus ved Eikefjord skule før i 1934. Kostnaden vart rekna til kr 277,52 og heradsstyret gjekk ut frå at ein fekk det vanlege fylkestilskotet. Same året blei det vedtatt å legge nytt golv i skulen.

Heradsstyret vedtok i 1935 at dei 80 kr som stod att av dagsverkstilskota kunne brukast til opparbeiding av leikeplassen ved Eikefjord skule. Leikeplassen vart bygt ovanfor skulehuset og blei flittig brukt fram til ny bane vart bygt ved sentralskulen.

Hella Sæterlid (f. Endestad) hugsar godt skuledagane. Ho hadde Liv Aalen som lærarinne dei første åra. Ho var streng og hadde god orden i klassen. Seinare hadde ho Storøyen og hugsar at han var spesielt fokusert på kristendom og rekning. I friminutta var dei på skuleplassen ovanfor skulen og aktiviteten var ofte Dirking, eit spel med ein kort og ein lang kjepp og to steinar. I langfriminuttet gjekk mange heim og åt middag. Også dei som budde på Knapstad, som ho, og dei som budde på Hovland.

Jan Magne Endestad var ein av dei siste som begynte på gamleskulen. Han husker godt ein episode der dei eldre gutane spelte fotball på leikeplassen. Andur Hovland skaut på mål og trefte kontant. Mål trefte han, men også vindaugsruta til småskulen, så ballen hamna inne i klasserommet. Jan Magne gjekk vel eit halvt år på gamleskulen før klassen flytta over til sentralskulen tidleg i 1962.

Elevar ved Eikefjord skule 1908
Elevar ved Eikefjord skule i 1908
1.       Abraham Storøy

2.       Oliva Dale Hovland

3.       Salmon Hovland

4.       Augusta Hovland

5.       Anders Øvrebø

6.       Sigvald Indrebø

7.       Johanne Knapstad (på Leite)

8.       Kaia Hovland

9.       Rikka Hardbakk

10.  Laurents Kvalvik

11.  Laura Hovland

12.  Albert Eimhjellen

Anna Hardbakk

14.       Olaf Kvalvik

15.       Olga Hovland

16.       Gunda Hovland

17.       Sigurd Hovland

18.       Matilde Eikefjord

19.       Trygve ?

20.       Marthe Kvalvik

21.       Olga Knapstad

22.       Johanne Knapstad

23.  Astrid Kvalvik

24.  Hjalmar Eikefjord

25.  Oliva Eikefjord Refsøy

26.  Jens Hovland

27. Betsy Hamn

28.       Alfred Hovland

29.       Bergljot Lien

30.       Lars Eikefjord

31.       Annie Agledal

32.       Olai Øvrebø

33.       Ludvik Agledal

34.       Eva Agledal

35.       Anders Hovland

36.       Erik Havn

37.  Nelly Knapstad

38.  Salmon Eikefjord

39.  Jorunn Knapstad

40.  Salmon Hamn

41.  Alfhild Hovland