Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter. Les mer …
Faksimile fra Aftenposten 27. februar 1922: utsnitt av nekrolog over Hjalmar Torp.
Hjalmar Torp (født 7. desember 1856 i Eid i Nordfjord, død 25. februar 1922) var ingeniør, utdannet i Trondheim og i Hannover. Han var i en årrekke ansatt i Kristiania kommune, hvor han var oppmålingssjef fra 1897 og reguleringssjef fra 1906. Hjalmar Torp var sønn av infanterikaptein Frederik Adrian Svenning Torp (1816–1869) og Gjerthrud Mathilde Ravn (1830–1876), og var gift med Marie, født Vaumund (1860-1946). Han var far til veisjef Alf Torp (1894-1969) og arkitektene Leif Torp (1897-1991) og Ernst Torp (1900-1988), og var bror av språkforsker Alf Torp (1853-1916). Les mer …
Tegning av Julius Cæsar Hartmann i sine eldre år. Foto: Tegnet av Ivar Tøsti (1960-tallet) Julius Cæsar Hartmann (fødd 2. mars 1885 i Selje, død 5. september 1969 i Eid) var kunstmålar, og var i mange år var den einaste i ytre Nordfjord som livnærte seg berre av måleri. Han måla særleg landskapsmåleri.
Julius Cæsar Hartmann - namnet hadde han etter bestefaren Julius Cæsar Hartmann (1811–1875) - vaks opp på Nedre Berge i Selje. I folketeljinga 1920 noterta han at han hadde vore i Amerika frå 1907 til 1920, og at var amerikansk statsborgar. Han skal òg ha vore ei tid i Canada og mange av motiva er derifrå. Etter at han kom heim frå Amerika arbeidde han ei tid som sjømann. Hartmann hadde i periodar svært dårleg råd og mange av måleria hans vart måla på oljedukar i staden for lerret. Dette har resultert i at mange av maleria har gått tapt ved at målinga flassar av. Han døydde i 1969. Les mer …
|