Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter. Les mer …
Lars Kinsarvik: Armstol med treskurd og rosemaling. (2018)
Lars Kinsarvik (fødd 8. september 1846 i Kinsarvik, død 21. juni 1925, same stad) vaks opp på garden Hus i Kinsarvik i Hardanger, i eit miljø som ga impulsar til rosemaling og treskurd. Han blei fengsla av dette og utvikla seg til kanskje si tids fremste treskjerar. Først med sete i Hardanger, seinare på Sunnmøre. I 1905 flytte Kinsarvik med familien til Ørsta. Grunnane til dette var nok fleire. Ein var at han ei tid hadde ikkje hadde så store innkomer, og hadde ansvar for ein stor familie: kone og fem barn.
Det var Andreas Austlid som overtalte Kinsarvik til å velje Ørsta. Austlid var skulestyrar på den nyss oppretta folkehøgskulen i bygda. Han hadde tidlegare vore lærar ved folkehøgskulen i Ullensvang. Der hadde Austlid og Kinsarvik blitt godt kjende, fordi Kinsarvik var sterkt medverkande til både oppretting og drift av skulen. I Ørsta fekk Kinsarvik arbeid som lærar ved Møre folkehøgskule. Samtidig hadde han inntekter av å vere ein mykje brukt foredragshaldar i ungdomslag og andre organisasjonar. Les mer …
Synnøve Riste i 1880. Foto: Ukjend
Synnøve Riste, f. Synnøve Oline Rasmusdotter Aarflot (fødd 19. august 1858 i Volda, død 22. oktober 1889 same staden) var målforkjempar og kvinnesaksforkjempar. Mellom anna er ho kjend for pionerverksemd innan den nynorske pressa. Ho var oldebarn av opplysningsmannen Sivert Aarflot (1759–1817), og livet hennar vart prega av slekta Aarflot sitt engasjement for folkeopplysning og politikk – sjølv om ho òg vart ståande i opposisjon til onkelen Maurits Aarflot. Ho var ein av dei første kvinnene som skreiv offentleg på landsmål, og vert kalla «Fjøyra som dreiv» for si rolle som drivkrafta bak det radikale folkehøgskulemiljøet i Volda. Les mer …
Marianne og Ola K. Brøste. Foto: Ukjent
Ola K. Brøste (født 5. desember 1875 i Nedre Kleiva i Romsdalen, død 10. desember 1970 på Verma) var gardbrukar på fjellgarden Ner-Brøste øvst i Romsdalen. Foreldra var Ingeborg Pedersdtr. (1843-1935) frå Nest-Tande på Lesja og Knut Olsson Kleven (1840-1910) som var født på Ner-Brøste. Da Ola overtok Ner-Brøste, var ikkje jordvegen dyrka opp i nemnande grad. Han, og etter kvart sønene, rydda og dyrka minst 100 dekar. For det fekk han i 1929 diplom og ein sølvkopp. Buskapen var frå starten ein hest og 4-5 kyr. I 1939 var det tre hestar, 27 storfe og ein del sau. I 1938 var kornavlinga på 5000 kg godt bygg. Som nemnt under garden, var skogen viktig. Da Ola bygde om saga til sirkelsag i 1917 var kraftverket ved Stavem under bygging, og da måtte det rivast eit sagbruk som han kunne kjøpe delar frå. Deretter kjøpte Ola mykje tømmer også på Lesja-sida av fylkesgrensa. Særleg i 1933-34 hogde og skar dei mykje tømmer, mellom anna til den nye stugubygninga som Erika og Knut bygde på garden. For oppgjør for fallrettane i Ulvåa bygde han om saga i 1934.
Ola var aktiv på saga så lenge den var i bruk. Siste gongen det er nemnt var i 1959. Da var han 84 år. Les mer …
Ole Sivertsen og kona Anne. Biletet må vere teke i 1884 eller litt tidlegare. Fotograf ukjend. Ole Sivertsen Hyrve (fødd i Skjåk 16. mai 1814, død same stad 26. desember 1884) var gardbrukar og politikar i Skjåk og ei kortare periode i Grytten i Romsdalen. Han var ein svært sentral person i Skjåks historie på 1800-talet. Han var leiande innan den liberale fløya i bygda i 1870- og -80-åra, og rakk så vidt å bli leiar i det første venstrelaget i Skjåk det siste året han levde.Ole Sivertsen var fødd og oppvaksen på garden Hyrve i Nordberg sokn i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Anne Olsdotter og Syver Sylfestsen. Båe foreldra var kjende haugianarar i bygda. Han hadde fem sysken. Eldst var broren Sylvester Sivertson.
I motsetnad til broren Sylvester fekk Ole lite og ingenting av skolegang ut over allmugeskolen. Som nittenåring i 1833 var han nokre månader hjå broren i Christiania for å få litt undervisning. Undervisning vart det mindre av, men dess meir politiske og ideologiske impulsar frå det miljøet av bondetingemenn og liberal intelligentsia som Sylvester Sivertson stod midt oppe i. Les mer …
Magnhild Almhjell i 1948.
Magnhild Havdal Almhjell ( 1894– 1985) var ein folkemusikkutøvar frå Tingvoll på Nordmøre. Magnhild Havdal vart fødd den 11. juni 1894 i Oppigarden i Havdalen inst i Tingvoll kommune på Nordmøre. Mora, Karen Havdal, dødde i 1895, berre 23 år gammal. Etter at Magnhild miste mor si, vaks ho opp hos besteforeldra på Havdal. Ho fekk mykje tradisjonsstoff frå morfaren, Kristoffer Knutson Havdal ( 1822– 1912), og av mormora, Magnhild Eriksdotter Havdal, f. Valset (Ålvundeid) ( 1841– 1942), lærte ho mange gamle tonar. Les mer …
|