Forside:Ulstein kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Ulstein kommune
1516 Ulstein komm.png
Ulstein kommune ligg på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Det er ein øykommune som famnar den vestlege delen av Hareidlandet, øyane Dimnøy og Eika og nokre mindre øyar. Administrasjonssenteret er Ulsteinvik. I 1916 vart Hareid kommune på Hareidlandet utskilt som eigen kommune. Dei noverande grensene vart fastsette i 1964, då Eika og delar av Hareidlandet vart overført frå Herøy.

Kommunen har ein del industri som sysselsett kring ein tredjedel av arbeidsstokken. Ein finn særleg verkstadsindustri. Fisket var tidlegare særs viktig for kommunen, men er ikkje lenger like sentralt. Jordbruk blir helst drive i kombinasjon med andre næringsvegar.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Det første skulehuset på Nordre Vartdal.

Det første skulehuset på Nordre Vartdal var den største Vartdalsaka Ulstein skulestyre hadde i åra fram til 1895. På denne tida var Vartdalstranda ein del av Ulstein prestegjeld. I april 1892 blei teikningane til skulehuset godkjend i skulestyret. I første omgong var det meininga å byggje lærarbustad i skulehuset, men amtsformannskapet gjekk imot dette og meinte at skulen fekk greie seg med eit rom for læraren. Etter mykje usemd blei den vesle skulestova bygd i 1893. Amtstilskotet var kr.1.200 kr og skulestova var 5,65 m i firkant og 3,05 m.høgt, plassert i ei skråning sentralt i bygda. Skulen blei truleg ikkje teken i bruk av elevar før hausten-93, dette er uvist.

Skulen hadde i 1905 eit tjuetals elevar. I 1910-1915 gjekk det nedover til berre 15, og heilt ned i 12 elevar, før det frå 1920 og utover aukar i ei bratt kurve. I 1930/31 var der heile 41 elevar. Så gjekk talet nedover att, til berre 11 elevar i 1945/46.   Les mer …

Grava til sokneprest Peter Thams Buschmann.
Foto: Olve Utne.

Peder Thams Buschmann (fødd 6. desember 1762Nesna, død 6. april 1845Aure) var sokneprest i Ulstein prestegjeld i perioden 1798-1822 og i Aure prestegjeld i perioden 1822–1845. Han var fødd i Nesna, der faren Augustinus Buschmann var sokneprest. Mor hans var Anna Barbara Thams.

Peder Thams Buschmann fekk teologisk eksamen i 1787, og same året vart han personleg kapellan hos faren, som då var sokneprest i Frosta prestegjeld. I 1798 vart han utnemnt som sokneprest i Ulstein prestegjeld på Sunnmøre, og i perioden 1818-1823 var han også prost på Sunnmøre. I 1822 vart han utnemnd som sokneprest i AureNordmøre. Her døydde han i 1845.

Peder Thams Buschmann vart i 1798 gift med Elen Johanne Buschmann (1777-1806). Paret fekk tre born. Etter at kona hans døydde i 1806, vart han året etter gift med Christine Schreuder (1780-1810), dotter til sokneprest i Vanylven prestegjeld, Peder Schreuder. I dette ekteskapet fekk Thams Buschmann to barn. Han gifta seg for tredje gongen i 1811 med Barbro Henrika Wind.   Les mer …

Hans B. Osnes med familie kring 1910.
Foto: Gustav Osnes
Hans Berntsen Osnes (fødd i Ulstein 19. juni 1872, død same stad 14. oktober 1958) var lærar, gardbrukar, forretningsdrivande og pressemann. Han var aktiv i norskdoms- og fråhaldsrørsla og i lokalpolitikken. I ei jubileumsomtale da han runda 85 år, vart han karakterisert som «ein av sentrumsfigurane i bondereisinga i Møre og Romsdal». Han var engasjert i Landmannsforbundet frå 1906 og i Bondepartiet da det vart stifta, og var ei tid redaktør for bondebladet Sunnmøre Tidend. Han var også ein tiltaksmann som sette i gang ei rekkje moderniseringstiltak i heimbygda. I ei omtale frå 1919 blir han av ein sambygding karakterisert slik: «Hans B. Osnes er ein evnerik og energisk mann - full av idear og handlekraft, og det stend javnt eit friskt ver av han.»   Les mer …

 
Sjå òg
 
Kategoriar for Ulstein kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar