MB «Timann» M 46 VA

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
MB «Timann» a
MB «Holsvik-loddebåten»

MB «Wichmann» H 128 AM, frå 1946 MB «Timann» M 46 VA eller «Holmegrisen» M 46 VA var i flg. Register over merkepliktige norske fiskefarkostar 1948 s. 455/745 bygd i 1921 og er før 1948 overført til Volda. Eigar i Austrheim var Andreas Olsen, Fonnes. Den er i Austrheim oppgitt med desse måla: L/B/D: 28,0/9,0/4,5. Motoren er ein 5 HK Wichmann. Same opplysingar i same register s. 390 i 1936.

Ved leiting bakover i fiskeriregisteret blir den førebels borte. Kanskje nokon som kjenner att historia kan skrive vidare på dei føregåande åra tilbake til 1921. Det var mange endringar som aldri vart innført i fiskeriregisteret, så her kan det bli eit fullstendig båtstykke med tida.

MB «Rolf»
MB «Rolf»

Båten hadde krum stamn og stemne/stemnestykke (mellomstykke frå fremste ende av kjølen skråande opp i om lag to fots lengde til bakkant av framstamnen på ein 30-foting). Denne konstruksjonen, at stamnen starta langt bak under båten, var vanleg på gavlbåtar bygde til bruk med landnot. At kjølen vart kort gjorde båten rask å svinge/styre (når du jakta på fisk fylgde du ofte fjøra med lite klaring). Når du skulle drage fram nota var det viktig å kome godt fram i fjøra med båten slik at det vart lite klaring under nota for å berge fisk. Brukarane sa det ofte på denne måten: "Båten var god i fjøra". Ved bygging hadde den runde kjølforma den fordelen at det var lett å "få båten utyve", å gi den ein "rund bunkje" (rund i botnen med god berevne, denne runde forma var nok grunnen til tilnamnet Holmegrisen). Ulempa var at båten flaut så høgt i sjøen at den ikkje fekk "vatn på tvora (propellen)" når nota var i sjøen (lite last bak). Båtane var derfor ofte uberegnelege ved manøvrering utan last, propellen drog luft ved oppbakking og gikk i fjøra eller kaia med for stor fart. Var det fleire ombord samtidig såg ein ofte at ledige folk gjekk så langt bak på båten dei kunne når tida for oppbakking nerma seg for "å få vatn på tvora".

Holsvik notlag, Austefjorden i Volda må ha kjøpt båten etter notsesongen i 1946. Truleg seinast i august eller september. Den felles hukommelsen i ettertid fortel at MB «Timann» var kjøpt «synnja i Stadt» (sør om Stadt) slik mange av dei brukte samtidige «gavlane» (gavlbåtane) til notbruk. Den er registrert i handskrive fiskeriregister for Volda 12. november 1946 med desse lengde/breidde/djupne-måla i norske fot og tiendedeler derav; 33,8/10,7/4,8, byggeår ukjent og motor «Union» 1934, 15 HK.

På tur rundt Stadt på nordtur i ruskever hausten 1946 reiv lagra på motoren seg grunna for lite tilførsel av olje frå veiksmurninga. Harald Botn og Lars Holsvik kom seg så vidt velberga til land på nordsida og fekk slep til Volda Mekaniske Verkstad for reparasjon.

MB «Wichmann/Timann» har vakse med nokre fot og fått annan motor på eit eller anna tidspunkt. Den er sikkert forlengd i Austrheim, for det hugsar ikkje Austefjordingane. Motoren, tja, eit godt forslag er at den reparasjonen som blir hugsa etter nestenhavari på nordtur hausten 1946 vart til eit motorbyte til brukt større motor ved Volda Mekaniske Verkstad.

Ved kjøp til Holsvik notlag hadde båten smal og liten lugar med full høgde i breidd med rorhuset, seinare utvida til full høgde i båtbreidd. Der vart fire køyer i lugaren og ei bak motoren i motorromet. Her overnatta ti mann i båten når dei var på fiske, den som låg inst i køya i motorromet sleit med å få luft og ville stadig vekk kovne.

Senastrekk og grauttjukk luft var årsak til at få eller ingen fekk den søvnen dei trengde. Så lenge dei brukte landnot flaut dei nokolunde forsvarleg, men med den nye snurpenota (rundt 1950, ingen hugsar sikkert) vart der så lite fribord at få torde å late att augene når dei skulle sove. Det vart romslegare og tryggare når notlaget forstod at ved bruk av snurpenot måtte ein ha større båt.

Ved bruk av leigd båt til snurpa («Bror I») og etter at «Rolf» vart kjøpt, vart MB «Timann» brukt til slepar/hjelpar til Holsvik notlag vart avvikla i 1963.

Det er alltid slik at gode eigenskapar ein og annan gongen blir nytta over evne: Ein Austefjording fortalde at han var mannskap på MB «Timann» med landnot eit av åra rett før 1950. Dei hadde sett landnota på langgrunn, mjuk fjøre i Vanylvsfjorden. Eigenskapane til notbåten vart nytta fullt ut, dei drog den godt fram i fjøra, men på fellande sjø. Båten saug seg fast i den mjuke botnen. Kva som vart sagt vart ikkje sitert fullt ut, men båten la seg på sida etter kvart som sjøen fall. "Når nauda er størst er hjelpa nærast" heiter det. Ei hes; og eit anna gamalt munnhell seier "det er så mangt med ei hes". Eit lyst hovud såg ei nyhesja hes. Nokre av karane hivde seg i robåt, tok ut høyet, tok ned hesa og lånttok hesveden (staurane). Hesveden sette dei så tett langs båtripa i den mjuke botnen. Båten vart stabilisert i rett, ståande stilling. Sjøen fall ut, vende og flødde att til båten flaut. Nota vart ordna, hesa vart sett opp att og graset lagt i. Bonden, som var lite blid i starten, vart vel fornøgd, landluten var normalt 2 prosent av fangstverdien.

MB «Timann» vart seld til Karl K. Ulstein m.fl., Ulsteinvik. Fyrste gong, Ulsteinvik i fiskeriregister 1966, M 91 U. Mg, (motorgavl, tydelegvis ommålt) 33,7/10,6/4,7. Motor: «Union», 1932, 15 HK. Siste reg. Ulsteinvik, 1968. I Ulstein vart den brukt til fiske med garn og line. Då «Timann» ikkje vart brukt meir vart den dregen fram i fjøra og brend.

Kjelder

Informantar

  • Botn, Rolf f. 1934
  • Gjersdal, Kåre f. 1927
  • Holsvik, Hallgeir f.1954
  • Høydalsvik, Oddvar E. f. 1951
  • Høydalsvik, Ragnar E. f. 1948
  • Løfoll, Sigurd f. 1933
  • Sandnes, Rasmus f. 1930
  • Skare, Ivar f. 1939
  • Åslid, Einar f. 1943