Forside:Sykkylven kommune

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Sykkylven kommune
1528 Sykkylven komm.png
Sykkylven kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på sørsida av Storfjorden og grensar mot Fjord i aust, Stranda i søraust og Ørsta i sørvest. Nordom Storfjorden grensar Sykkylven til Ålesund og Sula kommunar.

Allment

Administrasjonssenteret ligg på Sykkylven, som også inkluderer bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grepstad og Vik. Til saman er det vel 4000 innbyggjarar i tettstaden Sykkylven. Dei to andre tettstadene er Ikornnes med 825 innbyggjarar og Straumgjerde (Straumgjerdet) med 482 innbyggjarar. Dei større bygdene er Velledalen, Hundeidvika og Ramstaddalen .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Løparane gjer seg klare til start i Konradløpet 2024.
Foto: Eldar Høidal
(2024)
Konradløpet er eit løp som vert arrangert i Velledalen i Sykkylven kommune for å ære minnet etter Konrad Brunstad (Mons-Konrad 1910-2000). Arrangør er Velledalen Idrettslag (VIL). Konrad Brunstad byrja å trene då han var i 70-åra, etter at han hadde observert fenomenet ”jogging” i USA. Han deltok ved fleire høve i Ålesund halvmaraton – også etter han hadde passert 85 år. Konrad likte best å trene tidleg om morgonen, då lufta var reinast. Difor startar Konradløpet klokka 05.00. (05.15 etter 2022) Ei av dei faste treningsløypene hans var runden frå Brunstad til Hole og tilbake, akkurat der Konradløpet går.   Les mer …

Ungdomshuset Vårvon feira i 2012 100-årsjubileum.
Foto: Eldar Høidal (2012)
Ungdomshuset Vårvon ligg i Straumgjerde i Sykkylven kommune. Huset vart bygd av Ungdomslaget Samhald, med Ole Ingebrigtsen Strømme og Hans Tandstad blant drivkreftene. Vårvon vart innvigd i 1912, og gjennom fleire tiår var bygningen det einaste samlingshuset i Straumgjerde. Fram til første byggjesteg på nyeskulen stod ferdig i 1955, var det ikkje noko anna lokale som kunne samle bygdefolket under større arrangement. Først tretten år seinare vart gymnastikksalen på skulen bygt. Om lag på same tida kom bedehuset. Etter kvart som det nye fjernsynsmediet tok meir og meir av merksemda til folk, vart det vanskelegare å få friviljuge til å aktivisere seg i lagsarbeidet, ja, også å få dei til å stille som publikummarar når det vart skipa til grendafestar eller kinoforestillingar. Kring 1980 var det likevel nokre ungdomar som bles nytt liv i laget. Jarle Strømmegjerde var ein av drivkreftene. Då han gjennom lokalavisa i september 1983 inviterte straumgjerdingane til grendafest, var det nettopp fjernsynet han såg på som den hardaste konkurrenten. I følgje Strømmegjerde hadde likevel ein grendafest meir å fare med enn aktørane i den amerikanske såpeserien Dynastiet.   Les mer …

Fabrikkeigar Jens E. Ekornes, grunnleggaren av Ekornes-konsernet.

Jens Ellingsen Ekornes (fødd 20. januar 1908 i Sykkylven, død 25. november 1976 same stad) var ein industrileiar frå Sykkylven, grunnleggar av Ekornes-konsernet.

Jens Ekornes var nr. to av fem brør: Sigurd f. 1906, Jens f. 1908, Martin f. 1912, Leiv Peder f. 1917 (men døydde halvt år gamal) og Leif som yngstemann f. 1919. Foreldra var gardbrukar Elling Sivertsen Ekornes (1877–1966) og husmor Berte Jensine Nikoline Jensdotter Ekornes (1884–1968). Allereie i barneåra hadde Jens ein trong til å sysle med alt som rørte seg, og mange finurlege konstruksjonar vart til, til dømes skovlhjul i elva. I 15-årsalderen vart Jens med som stuert på båt i to månader på etterjulsvinteren, og ferda gjekk til Kvalvåg på Bremangerlandet, der faren dreiv oppkjøp av fisk. Denne etterjulsvinteren gav Jens reiselyst og eventyrlyst. Han ville oppdage meir av den store verda og melde seg på ein tur med den 35 fots lille ”Brand I”, eit sjøgutskip med 12 gutar i alderen 16-17 år. Dei drog sørover langs kysten frå Ålesund til landsspeidarleiren i Horten. Jens vart seinare aktivt med i speidarrørsla og i losjearbeid for avhaldssaka.   Les mer …

Tomas Tandstad i 2008.
Foto: Asgeir Tandstad

Tomas Tandstad (fødd 12. september 1912 i Straumgjerde, der han seinare budde, død 16. september 2013) arbeidde som møbelarbeidar og småbrukar, og var ein av Sykkylven sine fremste tradisjonsberarar.

Han måtte tidleg ta eit tak på garden heime på Tandstad, då faren, Petter, var sterkt redusert fysisk etter ein skade han fekk på Polson-campane i USA. Tomas var også med på forskjellig dagarbeid for andre, han var handlangar ved murarbeid og han var med på fiske i Borgundfjorden i to vintrar. Hausten 1930 byrja han ved AS Sykkylven kurvvarefabrikk, som kom i gang året før. Dei første tre månadane var introduksjonstid, og då måtte han arbeide gratis. I 1930 hadde verksemda nettopp byrja å tilverke overstoppa stolar. Tomas si oppgåve var å stoppe korgstolsete. Dei la stoppinga oppå ei finerplate. Ikkje lenge etterpå gjekk bedrifta over til å lage overstoppa og polerte lenestolar.   Les mer …

Formfin i 1950-åra.
Formfin er ein møbelfabrikk som ligg i Hundeidvik i Sykkylven kommune. Verksemda vart etablert i 1946 av brørne Lars O. og Jakob O. Utgård, Johnny Myrseth og Magne Bueide. Sidan 1970-talet har fabrikken vore ein av dei største salongprodusentane i Noreg, og modellane «Flexi» og «Verona» er mellom dei mest kjende. I 2009 gjekk møbelprodusentane i Sykkylven saman for å lage verdas lengste sofa, og Formfin sin salongmodell «Basic» vart då vald som grunnlag. Formfin Møbler AS rår i 2013 over eit bygg med ei grunnflate på 11.000 kvadratmeter.   Les mer …

Aure Teglverk er den eldste industribedrifta i Sykkylven og også mellom dei aller første industritiltaka på Sunnmøre. Aure Teglverk er først nemnt i skriftlege kjelder i 1814. Då søkte Nils L. Aure på Aurebøen og Lars Karl A. Aure i Kapralgarden dei andre oppsitjarane på Aure-garden om løyve til å vinne ut leire på den staden som framleis vert kalla «Verket». Seinare finn vi at teglverket i Jens Kraft sin Beskrivelse over Kongeriget Norge i 1832; «et maadelig drevet Teglverk paa Gaarden Overdal i Søkelven Sogn». Vi finn også verket att i amtmannen si femårsmelding for 1836-40. Han karakteriserte det som eit lite teglverk som årleg produserte om lag 3.000 takstein, 3.000 doble murstein og like mange enkle murstein. Steinen vart seld til Ålesund og andre stader i fogderiet.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sykkylven kommune
 
Andre artiklar