Edvard Drabløs

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Edvard Drabløs les Ivar Aasens brev og dagbøker.
Foto: Leif Ørnelund

Edvard Drabløs (fødd 1. april 1883 i Sykkylven, død 27. april 1976 i Oslo) var skodespelar, fødd og oppvaksen på Dravlaus i Velledalen, Sykkylven kommune. Foreldra var Jens Helgesen Drabløs (1856–1925) og Olave Velle (1852–1917). Edvard Drabløs vart i 1920 gift med Astrid Peersen (1895–1979). Edvard Drabløs var i nesten heile sin karriere ein av hovudkreftene ved Det Norske Teatret, som han hadde vore med å grunnlegge. Drabløs var æresmedlem i Norsk skuespillerforbund, fekk Statens kunstnarløn frå 1959 og vart riddar av St. Olavs Orden i 1953.

Bakgrunn

Edvard Drabløs hadde sju søskjen og var odelsgut til Barbro-garden på Dravlaus i Velledalen. Faren var haugianar og borna lærte tidleg verdien av måtehald. Heimen var likevel open for både politiske og kunstnarlege straumdrag. Alle borna fekk utfalde seg med dei talenta dei hadde.

Etter barneskule og framhaldsskule byrja Drabløs på Andreas Austlids Møre folkehøgskule i Ørsta, der han møtte den nynorske kulturen i si fulle breidde. Dette vart avgjerande for hans store engasjement i målsaka. Heime i Velledalen øvde ungdomslaget inn stykke på nynorsk, og Edvard og sonen til læraren øvde inn Handes «Ei hugvending.» 17 år gamal debuterte han som 70-åringen Gunnar. Like etter sette han opp Ivar Aasens Ervingen.

Til Kristiania

For å kunne løyse inn odelen måtte han ha pengar. Han skaffa seg eit agentur for Singer symaskiner, og selde symaskiner i tre år i Ålesund, før han reiste til Kristiania for å gå på Treiders handelskule. I Kristiania kom han snart inn i norskdomsmiljøet. I Bondeungdomslaget vart han kjent med Hulda Garborg og Rasmus Steinsvik. Då Hulda Garborg skulle reise på turné i 1911 med Det norske spellaget, vart Drabløs med som skodespelar. Sidan han hadde handelsutdanning, fungerte han óg som reklameansvarleg og reiseleiar. På denne turnéen var dei også på Sunnmøre. 18. februar spelte dei Rationelt fjøsstell på Flemsøya og to dagar seinare framførte dei Varg i Veum av Ivar Mortensson Egnund for fullt hus i Ørsta. Dagen etter var det like fullt hus i Volda. I tillegg til Drabløs var også Anders Underdal, Olav Nygard og Lars Nygard med på denne turnéen. Alle desse var tidlegare elevar ved Møre folkehøgskule.

Drabløs var initiativtaker til L/L Det Norske Teatret, som starta 22. november 1912. Det var byrjinga på Det Norske Teatret, eit teater Drabløs var trufast mot heile livet.

Teatersjef

I 1915 tok Drabløs over som teatersjef etter Rasmus Rasmussen. Han byrja si leiartid med Ivar Mortensson Egnunds Varg i Veum. Så kom Sven Morens Vårflaumen, Vilhelm Krags Jomfru Trufast og Den meinsvorne av Ludwig Anzengruber. Stykka hadde liten suksess, og 14 dagar etter premiera på Den meinsvorne slutta Drabløs som teatersjef, lånte 200 kroner av Arne Garborg og reiste til Stockholm og København for å studere teater. Ved sida av studia dreiv han farsgarden i Velledalen i fem år. Det vart ei slitsom pendling mellom teateret og bygda.

Eige teater

Etter eit kort mellomspel ved Fahlstrøms Friluftsteater drog han ut med sitt eige teater, Drabløs Teater. I fem år, frå 1920 til 1925, reiste han rundt i heile landet, med over tusen framsyningar. I denne tida presenterte han ei rekkje forfattarar, mellom andre Peter Egge, Bjørnstjerne Bjørnson, Johan Bojer og Johan Falkberget. Ei rekkje skodespelarar fekk sin debut på Drabløs Teater, bl.a. Dagmar Myhrvold, Tordis Maurstad, Finn Bernhoft og Olafr Havrevold. Ved sida av at han reiste rundt i heile Norge, reiste Drabløs også til Amerika og spelte Jeppe på berget i New York og Chicago.

Ved sida av å vere ein sikker tolkar av Ludvig Holberg sine tekstar var Edvard Drabløs også ein fin tolkar av russisk litteratur, m.a. som godseigaren Teljegin i Morbror Vanja av Tsjekhov (1930), regimentslegen i Tre systrer (1941) og den gamle tenar Firs i Kirsebærhagen (1949).

Det var nok dei norske forfattarane som stod han nærast, Holberg først og fremst, men også Oscar Braaten og Arne Garborg. Hans siste sceneoppgåve var rolla som Kristen i Bleikeplassen av Tarjei Vesaas (1963). Stykket vart også spelt i Fjernsynsteatret i 1965.

Regi og film

Drabløs vart igjen sjef for Det Norske Teatret i åra 1950–51 og hadde flere regioppgåver for teateret, bl.a. Arne Garborgs Læraren (1943, 1948 og 1951), Holbergs Det lykkelige skibbrudd (1942 og 1946) og Erasmus Montanus (1947).

Drabløs spelte også i ei rekkje filmar, m.a. Fante-Anne (1920), Bør Børson jr. (1938), Gjest Baardsen (1939), Tørres Snørtevold (1940), Trysil-Knut (1942), Vi gifter oss (1951), Ni liv (1957)og Arthur Millers Smeltedigelen, gjort for Fjernsynsteatret i 1965.

Ettermæle

Edvard Drabløs er gravlagt på Gamle Aker kirkegård i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013)

I ein nekrolog i Aftenposten 30. april 1976 skreiv Odd-Stein Andersen mellom anna om Drabløs:

Så er også Edvard Drabløs gått bort – den siste av den merkelige flokk eventyrere som i 1912 startet Det Norske Teatret i en målfiendtlig hovedstad, i konkurranse med Nationaltheatret – uten de store gullaldernavn og uten nåla i veggen. Det trengtes en slags blanding av uskyld og desperado for å gi seg i kast med en så selvmorderisk plan. Nettopp denne blandingen var karakteristisk for den stillferdige Drabløs som var født under Sunnmørsalpene og kom og gikk i huset hos Arne Garborg i Asker. ... For Drabløs som for Garborg ble det nasjonale aldri provinsielt. De var begge europeere, og begge var europeere med rot i sin norske hjembygd.

Det er reist ein statue av Edvard Drabløs ved Velledalen grendahus. Statuen er laga av skulptøren Tore Bjørn Skjølsvik og vart avduka under ein seremoni 14. august 1983, der mellom andre dåverande sjef ved Det Norske Teatret, Svein Erik Brodal, og skodespelaren Gisle Straume var til stades.

Edvard Drabløs er gravlagt på Gamle Aker kirkegård i Oslo.

Kjelder

  • Aftenposten 30. april 1976, nekrolog av Odd-Stein Andersen
  • Arthur Klæbo: Edvard Drabløs. Et liv på teatret. Oslo 1967.
  • Norsk biografisk leksikon

Eksterne lenkjer