Sykkylven kommune
Sykkylven kommune | |
---|---|
![]() | |
Basisdata | |
Kommunenummer | 1528 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Sykkylven |
Areal | 337.8 km² |
Areal land | 328.84 km² |
Areal vann | 8.96 km² |
Folketall | 7 626 (2025) |
Målform | nynorsk |
Nettside | Nettside |
Sykkylven kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på sørsida av Storfjorden og grensar mot Fjord i aust, Stranda i søraust og Ørsta i sørvest. Nordom Storfjorden grensar Sykkylven til Ålesund og Sula kommunar.
Allment
Administrasjonssenteret ligg på Sykkylven, som også inkluderer bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grepstad og Vik. Til saman er det vel 4000 innbyggjarar i tettstaden Sykkylven. Dei to andre tettstadene er Ikornnes med 825 innbyggjarar og Straumgjerde (Straumgjerdet) med 482 innbyggjarar. Dei større bygdene er Velledalen, Hundeidvika og Ramstaddalen . Kommunen har to kyrkjer, Sykkylven kyrkje og Ikornnes kapell.
Hovednæringa er industri, hovudsakleg møbelindustri. Dei mest kjende fabrikkane er Ekornes, Hjellegjerde og Brunstad. Cylindra held også til i kommunen. Jarnesbåtane frakta møbla frå Sykkylven til Åndalsnes, der dei vart frakta vidare med jarnbane. Anna enn møbelindustri finst det også konfeksjonsindustri. Til dømes vart Strømme konfeksjonsfabrikk skipa i 1962.
I 2009 vart den lengste sofaen i verda laga i Sykkylven.
Arkeologiske funn under leiing av fylkesarkeolog i Møre og Romsdal, Bjørn Ringstad, viser at der har vore fast busetnad på tettstaden Aure sidan kring 800 f.Kr.
Riksvei 60 går gjennom kommunen, frå fergekaia på Ørsneset i nord, gjennom kommunesenteret, mot sør til Stranda kommune. Fra Straumgjerde, midt i kommunen, går Sørestrandavegen vestover heilt til fergekaia i Hundeidvik i vest.
Kommunehistorikk

I 1883 vart Ørskog kommune delt, og Sykkylven vart oppretta som eigen kommune. I 1955 vart også bygdene Ramstaddalen og Søvikdalen tillagt frå Ørskog. Deler av nåtidas Sykkylven i øst tillhøyrde også Stordal før.
Sykkylven sogenemnd og Velledalen historielag er nokon av dei som har tatt vare på historien gjennom fleire utgivelser, websider og Sykkylven leksikon.
Kommunens slagord før var «Sykkylven - venleg, vill og vakker». No er det «Skaparkraft».[1]
Organisasjonsliv
Næringsforeininga Sykkylven handelsforening vart skipa i 1954.
Hundeidvik blandakor vart skipa i 1871, og held framleis til i kommunen. I 2003 fekk kommunen Sykkylven sykkelklubb. Allaktivitetshuset Fønixhuset vart opna i 2007.
Nokre personar frå Sykkylven
- Sverre Andestad, radioteknikar og lokalhistorikar.
- Jostein Fet, litteraturforskar og fagbokforfattar
- Nicolay Grevstad (1851–1940), norsk-amerikansk jurist, pressemann, politikar og diplomat.
- Per Grønli, lærar og musikar, opphavleg frå Skotfoss i Telemark, busatt i Sykkylven.
- Petter Kursetgjerde, fagorganisasjonsleiar.
- Johnny Myrseth, møbelleiar og lokalpolitikar.
- Rolf Sagen, forfattar
- Kjell Slinning, skreddar og idrettsmann.
- Henrik Straumsheim,(1893–1975), diktar
- Ole Ingebrigtsen Strømme, lærar og gardbrukar.
- Hans Tandstad, gardbrukar og lokalpolitikar.
- Tomas Tandstad, møbelarbeidar og småbrukar.
- Petter K. Thoresen, mekanikar og industripioner.
- Olav Harald Ulstein, lokalpolitikar.
- Karstein Oddmund Vik, arkitekt og oppdrettar.
- Arnold Weiberg-Aurdal, fødd 1925, tidl. stortingsrepresentant, ordførar og forfattar
- Bastian Weiberg-Aurdal, lege.
- Marie Aase, sjukepleiar.
- Martin Gjævenes, forfattar Sykkylven gardssoger.
- Edvard Drabløs, skodespelar.