Sykkylven kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Sykkylven kyrkje
Foto: kirkenorge.no

Sykkylven kyrkje er ei firkanta kyrkje i tettstaden Sykkylven i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1990 og bygd i betong. Arkitekt var Oskar Norderval. Størstedelen av interiøret i kyrkja vart laga gjennom dugnad av kyndige snikkarar i Sykkylven. Dette gjaldt orgelhuset, gallerifronten, altarringen, lesestolen, bokbrettet, talarstolen og kyrkjebenkane. Mange eldre snikkarar, med Haldor Vik som leiar, arbeidde på dette prosjektet i fleire månader. Dei heldt til i den nedlagde Brødrene Hole Møbelfabrikk i Velledalen og hadde som regel åtte til ti timars arbeidsdagar. I februar 1990 kunne orgelhuset køyrast i smådelar til Marcussens Orgelfabrik i Aabenraa i Danmark. Etter 3000 dugnadstimar, i april 1990, var orgelet kome på plass. Det var første gongen at orgelfabrikken i Danmark sette bort delar av arbeidet på denne måten. Dei danske orgelbyggjarane rosa innsatsen til dei friviljuge i Sykkylven og gav arbeidet karakteren «Meget, meget bra».

Sykkylven kyrkje fekk ein pris ved Nordisk kyrkjebyggarkonferanse i Bergen i 1992.

Kyrkja har 850 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

I samband med at det vart skipa til kranselag då nyekyrkja var taktett, 22. september 1989, vart verdas høgaste kransekake laga i Sykkylven sentrum. Kaka vart laga av bakar Sigmund Kulseth, og dei to sønene hans, Halldor og Odd Kristian. Kaka målte 717,5 cm og vart då notert som verdas største kransekake. Rekorden er sidan slått.

Gammal kyrkjestad

Aure har vore kyrkjestad i lang tid. I nyare tid er det gjort fleire fornfunn ved kyrkja på Aure, mellom anna spor av langhus frå folkevandringstida (cirka 400-600 e.Kr.). Ein reknar med at desse husa var høvdingesete og dei kan også ha vore nytta til religiøse seremoniar. Skriftlege kjelder fortel om ei stavkyrkje på Aure om lag 1300. Dette var bygda si kyrkje før og etter reformasjonen. I 1705 brann stavkyrkja ned etter lyneld. I åra 1709-1710 vart det ført opp ei ny krosskyrkje på tomta. Denne kyrkja skal ikkje ha hatt særleg med utsmykking i første omgang, då alt utstyret forsvann i brannen. Etter kvart vart det mellom anna skaffa ei vakker altertavle. Den strauk med i kyrkjebrannen i 1983. Krosskyrkja fekk også ei stor klokke. Folkeminnegranskaren Peder Fylling fortel at klokka gav så god lyd at ho høyrdest heilt til Velledalen.

Krosskyrkja var både låg og lita, så frå 1870-åra vart det arbeidd med planar om bygging av ny kyrkje. Tidleg på året 1882 tok byggjearbeidet til. Byggmeister var K.L. Stokkeland frå Vestnes og arkitekt var Johan P. Digre frå Trondheim. Kyrkja som fekk plass til 750 personar vart vigsla 10. juli 1883 av prosten i Austre Sunnmøre prosti, A.N. Saxegaard. Kyrkja var gjennom utbetringar og utvidingar i åra framover, mellom anna vart ho utvida mot vest i 1969. Denne kyrkja stod til 2. februar 1983 då ho brann ned til grunnen. Medan sykkylvingane venta på at ei ny kyrkje skulle reisast, tente Sykkylven bedehus som samlingslokale for kyrkjelyden.

Kjelder

  • Per Welle: «Den store orgeldugnaden», i Årbok for Sykkylven 2010.
  • Søndmørsposten 12.7. og 2.8. 1883.
  • Jon Hole og Mindor Hjellegjerde: Sykkylven kommune - Sykkylven kyrkje 1883 - 1983. Sykkylven 1983.


Koordinater: 62.393582° N 6.581581° Ø