Velledalen
Velledalen er eit frodig dalføre sørover i Sykkylven. Det strekker seg frå Fetvatnet og Fetgardane i vest til grensa mot Ladalen i aust. Tradisjonelt har landbruket stått sterkt i Velledalen. Framleis er dalen eit kjerneområde for landbruket i Sykkylven kommune. Her er fleire brukarar som har gått over til økologisk drift. Knapt nokon stad i landet er det ein så høg andel av brukarane som driv økologisk. Men dei fleste som bur her arbeider i andre grender i kommunen.
I påska, helger og i feriane vert folketalet i Velledalen auka på grunn av tilstrøyminga av feriegjester til Fjellsetra. Sykkylven Skisenter og hytteområdet der oppe er størst på reiseliv i Sykkylven kommune. Den nye heilårscampingen og utvidinga av parkeringsplassen har gjort at aktiviteten har auka dei siste åra.
I Velledalen var det fram til 1980-åra også ein del møbelproduksjon. Bedriftene her dreiv i hovudsak delleveransar av treverk til stoppmøbelbedrifter i området, men her var også større stoppmøbelbedrifter som Brødrene Brunstad og Lade Møbelfabrikk.
Største arbeidsgjevaren i Velledalen er i dag Hole Maskin. Dette er ei transport- og entrepenørverksemd som tek på seg ulike grave- og masseforflytningsoppdrag m.v. Elles er det eit gartneri på Hole i Velledalen, Holmergs gartneri. Gartneriet produserer og sel blomar, prydbusker og nyttevekstar.
Busetnaden i Velledalen er desentralisert og spreidd ut over på gardane i dalen. Dei siste tiåra er det også bygd ein del hus nummer to på gardane. I tillegg er det etablert eit kommunalt byggjefelt midt i dalen, Tregarane. Mellom byggefeltet og elva ligg Velledalen Montessoriskule, barnehagen og Dalemyra idrettsplass. Den kommunale Velledalen skule vart lagt ned av kommunestyret, og i staden vart det etablert ein Montessoriskule i privat regi. Også barnehagen er driven som eit lokalt samvirketiltak.
Velledalen er kjent for sin unike dugnadsånd. Då krinsen trong eit nytt samlingshus starta dei med revyar som gjennom nokre år skaffa fram grunnkapitalen til det som vart Grendahuset i Velledalen. Dei siste åra har Velledalen også greidd å få fram arrangement som kombinerer det humoristiske med det sosiale og helsefremjande. Tiltak som romjulsmarsjen, Konradløpet, Sildedagen, Folkeskirennet og Brøvollfestivalen har vore med å utvikle identitet og samhald. Selskapet Velledalen i balanse har gjennomført ei rekkje bygdeutviklingstiltak for å skape trivsel og framgang i dalen. Selskapet stod lenge bak drifta av daglegvarebutikken på Brunstad.
Velledalen har også sitt eige sogelag, Velledalen sogelag. Laget har gjeve ut ei stor bok om sætrane i Velledalen og årsskriftet Hår du itte. Sogelaget skipar elles med jamne mellomrom til bygdakveldar på Grendahuset. I parken ved huset står det ein statue av skodespelaren Edvard Drabløs som voks opp på Dravlaus i Velledalen. I ein annan del av parken er det reist ein bautastein til minne om spelemannen Rime-Knut. Like ved bautaen står gamle Brunstad skule, som er sett tilbake i autentisk stand og fungerer som eit lokalt skulemuseum.
Velledalen har eit idrettslag, Velledalen idrettslag, som står bak mange av dei tidlegare omtala aktivitetane. Ustoppeleg leiar, pådrivar og idemakar i laget har vore Atle Hole. Velledalen har sidan 1968 hatt eit skulekorps. Det vart i mange år drive i samarbeid med nabokorpset, Straumshorn Juniorkorps i Straumgjerde.
Kjelder og litteratur
- Høidal, Eldar: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Ystenes, Edel Pernille (red.): Innflyttarboka. 41 historier om å kome til Sykkylven. Sykkylven: Sykkylven sogenemd, 2010.