Konradløpet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Løparane gjer seg klare til start i Konradløpet 2024.
Foto: Eldar Høidal (2024).

Konradløpet er eit løp som vert arrangert i Velledalen i Sykkylven kommune for å ære minnet etter Konrad Brunstad (Mons-Konrad 1910-2000). Arrangør er Velledalen Idrettslag (VIL). Konrad Brunstad byrja å trene då han var i 70-åra, etter at han hadde observert fenomenet ”jogging” i USA. Han deltok ved fleire høve i Ålesund halvmaraton – også etter han hadde passert 85 år. Konrad likte best å trene tidleg om morgonen, då lufta var reinast. Difor startar Konradløpet klokka 05.00. (05.15 etter 2022) Ei av dei faste treningsløypene hans var runden frå Brunstad til Hole og tilbake, akkurat der Konradløpet går.

Jarle Konrad Fausa stormar mot mål under løpet i 2024. Han var den einaste deltakaren som delte namn med han som inspirerte til løpet, Konrad Brunstad.
Foto: Eldar Høidal (2025).

Konradløpet vart fyrste gong arrangert i 2002. Det har start og mål på Brunstad, like ved nærbutikken. Løypa er 4,5 km lang etter asfalt, og stort sett ganske flat. Det er drikkestasjon i Holeøyane etter halve løpet. Deltakarrekorden i hovudløpet er 372 frå 2006. Samla deltakarrekord medrekna Minikonrad, Oslokonrad, Slovakiakonrad og Påskekonrad er 511 frå 2015.

I samband med VIL sitt 100 års-jubileum i 2006 vart det spandert gratis frukost på alle deltakarane i Konradløpet. Dette vart så populært at det sidan har vore fast tradisjon. Frukosten vert servert i Velledalen grendahus, der det også er garderober, premieutdeling m.m.

Konradfilmen

Odd Kvammen – slektning av Konrad Brunstad – forstod at Konrad Brunstad var noko utanom det vanlege. Han laga film om Konrad frå dei åra han dreiv som hardast, og der han sjølv fortel om sin fysiske kvardag, om helse og motivasjonen for å drive på. Utan denne filmen hadde det kanskje aldri blitt noko Konradløp. Filmen vart vist i gravferda til Konrad. Ole Petter Berge var sendebod til idrettslaget og den som fyrst ymta frampå om at ”Konrad eigentleg skulle hatt sitt eige løp”. Det fekk han, og Odd Kvammen har gitt ein film i gåve til VIL, slik at Konrad sine tankar kring mosjon, helse og livsfilosofi elles kan bli friska opp att i samband med Konradløpet.

Mange kvinner

Konradløpet – der farta ikkje er viktig, heiter det. Og mesteparten av deltakarane stressar ikkje i løypa. Rett nok er det tidtaking i Konradløpet, men berre av dei drygt hundre fyrste som går over mål. Tidene til 2/3 av deltakarane vert aldri gjort offentlege. Litt spesielt er det òg at løpet i mange år samla fleire kvinner enn menn. Ikkje stor skilnad, men om lag 55-45 i kvinnene sin favør i snitt. Dei aller siste har det vore nokså jamn fordeling mellom kvinner og menn. Det er eit prov på at dette er eit ”landevegsløp” utanom det vanlege.

Minikonrad

Minikonrad vart fyrste gong arrangert i 2007. Den gongen var løpet for aldersgruppa 0-13 år, og samla 64 deltakarar. Tilbakemeldingane var positive. Seinare vart løpet utvida til å gjelde aldersgruppa 0-16 år (ut ungdomsskulen). Løpet vert alltid arrangert før hovudløpet, frå 2025 helga før. Deltakarrekord for Minikonrad er 203 deltakarar.

Kjelder: