Brunstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Designer Helge Taraldsen med modell av sofaen Stream som han utviklet for Brunstad sammen med Arild Alnes.

Møbelfabrikken Brunstad vart etablert i møbelkommunen Sykkylven av Hjalmar Brunstad i 1941. Før Brunstad skipa eigen fabrikk, var han, frå 1934, aksjonær og arbeidar ved K. Emdal & Co i Straumgjerde. Med på eigarsida hadde Hjalmar Brunstad frå starten i -41 broren Ole og svigerbrørne Fridtjof Drabløs og Jon Hjortdal. Dei fire dreiv verksemda saman i eit kjellarlokale på Brunstad i Velledalen og i kjellaren i det lokale ungdomshuset til like etter krigen. Hjalmar vart då eineeigar og flytte verksemda til Straumgjerde der han førte opp eit nytt fabrikkbygg som vart teke i bruk frå 1946. I 1948 hadde verksemda, som produserte stoppa møblar, 32 tilsette. I 1959 var talet på arbeidarar kome opp i 46. Veksten heldt fram utover i 1960-åra, og i 1968 kunne Brunstad ta i bruk eit moderne industribygg på Vik i Sykkylven. Bygget vart opna av dåverande industriminister Sverre Walter Rostoft.

I 1978 innleidde bedrifta eit salssamarbeid med platemøbelprodusenten Nordås Industrier i Hordaland. Samarbeidet vart utvida då Nordås gjekk saman med Arna Bruk i 1983. For å kunne ta unna den auka etterspurnaden kjøpte Brunstad i 1979 opp Stranda Industri, som då fekk namnet Brunstad Industri AS. Dei to selskapa vart slegne saman til eitt selskap i 1988.

Etter 1985 har bedrifta satsa målmedvite på utvikling av ein særeigen designprofil. Bedrifta har i mange år hatt eit nært samarbeid med designarane Arild Alnes og Helge Tharaldsen, som står bak mange av dei mest profilerte produkta.

Brunstad var ein av dei første som lanserte såkalte modulsofaer, det er sofaer som brukarane kan setje saman slik dei vil, innanfor ein bestemt meny. Brunstad har også hatt stor suksess med stolserien Delta. I 2008 fekk Brunstad sin stol Sting Norsk Designråd sitt Merke for god design.

Etter at Hjalmar Brunstad brått døydde i 1974, stod sonen Helge Brunstad, for den daglege leiinga av bedrifta i ei årrekkje. Han vart i 2014 avløyst av Reidar Mjelde. Ronny Bjøringsøy tok over som leiar då Mjelde slutta i Brunstad i 2016.

Brunstad har dei siste åra hatt eit frittståande dotterselskap i Estland, Violante.

Kjelde

Eksterne lenkjer