Forside:Sykkylven kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sykkylven»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Sykkylven kommune
1528 Sykkylven komm.png
Sykkylven kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på sørsida av Storfjorden og grensar mot Fjord i aust, Stranda i søraust og Ørsta i sørvest. Nordom Storfjorden grensar Sykkylven til Ålesund og Sula kommunar.

Allment

Administrasjonssenteret ligg på Sykkylven, som også inkluderer bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grepstad og Vik. Til saman er det vel 4000 innbyggjarar i tettstaden Sykkylven. Dei to andre tettstadene er Ikornnes med 825 innbyggjarar og Straumgjerde (Straumgjerdet) med 482 innbyggjarar. Dei større bygdene er Velledalen, Hundeidvika og Ramstaddalen .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Løparane gjer seg klare til start i Konradløpet 2024.
Foto: Eldar Høidal
(2024)
Konradløpet er eit løp som vert arrangert i Velledalen i Sykkylven kommune for å ære minnet etter Konrad Brunstad (Mons-Konrad 1910-2000). Arrangør er Velledalen Idrettslag (VIL). Konrad Brunstad byrja å trene då han var i 70-åra, etter at han hadde observert fenomenet ”jogging” i USA. Han deltok ved fleire høve i Ålesund halvmaraton – også etter han hadde passert 85 år. Konrad likte best å trene tidleg om morgonen, då lufta var reinast. Difor startar Konradløpet klokka 05.00. (05.15 etter 2022) Ei av dei faste treningsløypene hans var runden frå Brunstad til Hole og tilbake, akkurat der Konradløpet går.   Les mer …

Volda lærarskule kring 1950.
Foto: Johan J. Nerbøvik

Henrik Straumsheim (fødd 8. februar 1893 i Sykkylven, død 26. juli 1975) var ein skulemann, ungdomsleiar og lyrikar frå Sykkylven kommune.

Han voks opp på bruket Teigen på Straumsheim inst i Sykkylvsfjorden, som son av Severin Martinus Johansson Straumsheim og Anne Helgesdotter Straumsheim. Etter grunnskulen reiste han i 1909 til Volda der han tok mellomskulen. Det var medan han gjekk her at han fekk det første diktet sitt på prent. Heimen min stod i bladet Aarvak si utgåve 22. januar 1910. Hausten 1910 var Straumsheim vikarlærar i småskulen i Sykkylven.

1911 byrja han på Volda lærarskule, og han var ferdig utdanna lærar i 1913. I åra framover hadde han lærarpostar fleire stader i landet, i heimbygda Sykkylven (1914-15), i Drangedal (1915-16) og Skodje (1916-17). Han vart styremedlem i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag i 1920. Året etter vart han valt som styremedlem i Sunnmøre Songarlag.

Etter å ha arbeidd to år som lærar ved Tandstad skule, byrja han i 1928 som lærar ved Møre folkehøgskule i Ørsta. Her fann han seg godt til rette, og her vart han verande resten av yrkeslivet. Dei siste åra var han rektor ved skulen.   Les mer …

Ola Martin Longva (fødd på Moltustranda i Herøy kommune 22. august 1928) er tidlegare skulemann og lokalpolitikar. Han har vore rektor, skulesjef og varaordførar i SykkylvenSunnmøre. Familien flytte i 1931 til Longva i Haram der Ola vaks opp. Faren var styrar på det lokale handelslaget, og ungguten fekk tidleg vere med å hjelpe til i forretninga og på garden heime. Under krigen søkte han seg inn på Volda landsgymnas for å sleppe utskriving til tysk arbeidsteneste. Etter at han var ferdig med gymnaset i 1949, vart det militærteneste. Seinare vart han forsyningsleiar i HV. Han gjekk så attende til handelsyrket. I 1950 vart han tilsett som 1. betjent ved Volda samyrkelag. I 1950/51 gjekk han handelsskulen på kveldstid. Hausten 1951 fekk han arbeid ved Norges Kooperative Landsforening sitt kontor i Ålesund, der han var i fire år.   Les mer …

Ikornnes sett frå lufta i 1953, til venstre er møbelfabrikken og hjørnesteinsbedrifta Ekornes.
Foto: Ekornes fabrikker.
Ikornnes er ei grend på sørvestsida av Sykkylvsfjorden i Sykkylven kommune. Denne sida vert gjerne kalla Sørestranda. Fram til 1930-åra var kulturlandskapet heilt dominert av gardsbruk der det vart drive landbruk. Spreidde næringstiltak utanom landbruket var her heilt frå starten av det førre hundreåret. I 1904 kom Johan O. Erstad i gang med møbelfabrikk ved Ekornes-elva. Når Johan flytte frå Erstad til Ikornnes, var det fordi det var isfri hamn her og fordi han fekk tilførsel av stabil vasskraft frå elva.Heilt avgjerande for utviklinga av Ikornnes vart etableringa av J.E. Ekornes Fjærfabrikk i 1934. Jens E. Ekornes hadde vore både på Stranda og i Ørsta og arbeidd i møbelverksemder. I 1934 såg han at det var ein marknad for møbelfjører som han byrja å produsere i eit toetasjes trehus ved strandkanten på Ikornnes.   Les mer …

Tomas Tandstad i 2008.
Foto: Asgeir Tandstad

Tomas Tandstad (fødd 12. september 1912 i Straumgjerde, der han seinare budde, død 16. september 2013) arbeidde som møbelarbeidar og småbrukar, og var ein av Sykkylven sine fremste tradisjonsberarar.

Han måtte tidleg ta eit tak på garden heime på Tandstad, då faren, Petter, var sterkt redusert fysisk etter ein skade han fekk på Polson-campane i USA. Tomas var også med på forskjellig dagarbeid for andre, han var handlangar ved murarbeid og han var med på fiske i Borgundfjorden i to vintrar. Hausten 1930 byrja han ved AS Sykkylven kurvvarefabrikk, som kom i gang året før. Dei første tre månadane var introduksjonstid, og då måtte han arbeide gratis. I 1930 hadde verksemda nettopp byrja å tilverke overstoppa stolar. Tomas si oppgåve var å stoppe korgstolsete. Dei la stoppinga oppå ei finerplate. Ikkje lenge etterpå gjekk bedrifta over til å lage overstoppa og polerte lenestolar.   Les mer …

Det fyrste bedehuset, som sto ferdig i 1892. Teikning av Martin Furseth.

Sykkylven indremisjon er ei misjonsforeining i Sykkylven. Skipingsdatoen til foreininga er 9. desember 1888, og det første styret var samansett slik: Peter O. Eidem, leiar, Sven A. Ullavik, nestleiar, Lars P. Grebstad, skrivar og Nils C. Aure, kasserar. I januar same året kom det i gang ei misjonsforeining i Hundeidvik og året etter fekk dei også misjonsforeining i Velledalen.

Utløysande årsak til at det kom i gang tre misjonsforeiningar i Sykkylven på om lag eitt år, var virket til vekkingspredikanten Paul Gerhard Sand frå Biri. I 1888 var Sand i Sykkylven og tala, mellom anna i sykkylvskyrkja. «Sand stansa berre nokre dagar, men det var lenge nok til at heile bygda kom i rørsle. Det vart ei folkevekking som Sykkylven aldri har sett maken til anten før eller sidan,» skriv Oscar Handeland i boka Vårløysing II.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sykkylven kommune
 
Andre artiklar