Hatlemark Trevarefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hatlemark Trevarefabrikk i 1940. Verksemda låg like ved kaia i Tusvik.

Hatlemark Trevarefabrikk er ein tidlegare trevare- og møbelfabrikk i Sykkylven. Den vart skipa i 1900 av Karl Johan Gulliksen Hatlemark som er rekna for å vere ein av dei fremste industripionerane i Sykkylven. Frå han bygde eige hus i Hatlemarka tett etter hundreårsskiftet, dreiv han trevareproduksjon i nær 40 år i Sykkylven.

I 1900 bygsla Hatlemark ei tomt i Tusvika og bygde fabrikk der. Det var hovudsakleg vindauge og dører han laga, men også møblar. Netthendt og praktisk som han var laga han maskiner sjølv, mellom anna ei høvlemaskin. Elva frå Tuvatnet gav trekk-kraft til maskinene. Vatnet vart leidd til fabrikken i ei trerenne. Renna enda mot eit stort skovlhjul som dreiv alle maskinene med reimkoplingar.

Etter det gardssoga for Sykkylven opplyser, gjekk Hatlemark konkurs i 1905. Kan hende var det kostnaden med å reise det nye fabrikkbygget som vart for tung. I alle høve reiste han i oktober 1906 over til Washington i USA. Grunnen skal ha vore at han ville tene pengar for å kome i gang på nytt i Sykkylven. Kona og dei to borna vart ikkje med over til Statane. Dei fire åra han var på andre sida av Atlanterhavet, budde han i Tacoma og laga forretningsmøblar, diskar og liknande.

I 1910 kom han heim til Sykkylven for godt. Då tok han opp att trevareproduksjonen, men han verka særleg som bygningsmann. Vinterstida, då det ikkje var vertilhøve til å bygge, heldt han til inne i fabrikklokala og tilverka vindauge og dører, både til hus han førte opp sjølv og til andre byggherrar.

Karl Hatlemark bygde mellom anna «Høgtun» på Ikornnes og samlingshuset i Tusvika. Han praktiserte og som treskjerar og laga til dømes ei altertavle.

Då Sykkylven fekk elektrisk kraft i 1918 vart den første elektriske motoren i Sykkylven montert av Hatlemark i fabrikken i Tusvika.

Bedrifta hadde ti-tolv snikkarar då ho var på det mest aktive. I trettiåra var det til vanleg fire til seks arbeidarar der. Frå 1930 engasjerte Hatlemark Trevarefabrikk seg i nokon mon i underleveransar av treverk. Hovudprodukta var likevel dører, vindauge, trapper og husinnreiingar. I 1939 tok son til Karl, Konrad Hatlemark, over den daglege leiinga. Konrad dreiv fabrikken til han reiste til Island i 1947.

Frå 1948 til 1951 dreiv bror til Konrad, Olav Hatlemark, verksemda vidare i same namnet som tidlegare. Olav Hatlemark laga treverk til møbelfabrikkar og enklare møblar. Han hadde fire til fem tilsette. Ved sida av at han dreiv Hatlemark Trevarefabrikk, var han med i A/S Elegant på Fauske.

Etter 1951 vart fabrikkbygget i Tusvika leigd bort. Det var fleire som prøvde seg med trevareproduksjon i det gamle trebygget, men ingen fekk drifta til å løne seg.

Kjelde