Ikornnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Ikornnes sett frå lufta i 1953, til venstre er møbelfabrikken og hjørnesteinsbedrifta Ekornes.
Foto: Ekornes fabrikker.
Ikornnes er ei grend på sørsida av Sykkylvsfjorden i Sykkylven kommune. Denne sida vert gjerne kalla Sørestranda. Fram til 1930-åra var kulturlandskapet heilt dominert av gardsbruk der det vart drive landbruk. Spreidde næringstiltak utanom landbruket var her heilt frå starten av det førre hundreåret. I 1904 kom Johan O. Erstad i gang med møbelfabrikk ved Ekornes-elva. Når Johan flytte frå Erstad til Ikornnes, var det fordi det var isfri hamn her og fordi han fekk tilførsel av stabil vasskraft frå elva. Erstad fekk omdreiing til turbinen sin ved å leie vatn gjennom ei renne og inn i andre høgda på fabrikken. Via eit system av reimoverføringar dreiv denne turbinen fleire maskiner i dei to produksjonsetasjane. I 1915 laga han det første elektriske kraftverket i kommunen. Det private verket forsynte også andre gardar på Ikornnes med straum inntil det kommunale kraftverket på Riksheim kom i drift i 1918. Johan O. Erstad vart ein lokal pioner i møbelnæringa som seinare skulle få så stor betydning for Ikornnes-krinsen og Sykkylven elles.

Kaia på Ikornnes vart tidleg eit lokalt sentrum. Her var det landhandel og skipsekspedisjon. Buda var elles tilhaldsstad for ulike verksemder, mellom anna Strømpefabrikken AS som dreiv tilverking av strømper frå 1919 til 1925.

J.E. Ekornes og møbelindustrien

Ekornes-fabrikken byrja som fjør- og madrassprodusent. Her frå madrassavdelinga i 1950-åra.
Foto: Ekornes fabrikker.
Heilt avgjerande for utviklinga av Ikornnes vart etableringa av J.E. Ekornes Fjærfabrikk i 1934. Jens E. Ekornes hadde vore både på Stranda og i Ørsta og arbeidd i møbelverksemder. I 1934 såg han at det var ein marknad for møbelfjører som han byrja å produsere i eit toetasjes trehus ved strandkanten på Ikornnes. Alt året etter etableringa tok han opp framstillinga av madrasser, og seinare voks produksjonen og modellspekteret raskt. Fram gjennom åra har det stadig vore byggjeverksemd i tilknytning til Ekornes-fabrikken, noko som har endra strandlinja i krinsen på grunnleggande vis.

Etter 1934 kom det i gang fleire møbelfabrikkar på Ikornnes: Gjerde Trevarefabrikk i 1938, Jarnes & Krokå og P.O. Jarnes Møbelfabrikk i 1947. Det var også einskilde etableringar i andre industrigreiner som Konrad Gjerde Sport- og Lærvarefabrikk og Nordex Plast. Den sistnemnde bedrifta, som vart etablert i 1970, dreiv med produksjon av skistavar, fiskestenger og teltstenger og liknande i glasfibermateriale.

Lenge var transport sjøvegen den sikraste måten å kome til og frå Ikornnes på. Etter siste krig kom det fram behov for å betre ut vegen til grenda, frå Straumgjerde, fordi varetransporten byrja å gå over frå sjø til land. Vegutbetringa var driven fram mellom andre av ein utålmodig Jens E. Ekornes som også bidro med arbeidskraft til vegbygginga.

Tilflyttarar og fritidsaktivitetar

Ikornnes-grenda var frå 1930- og 40-åra mykje prega av tilflyttarar. Dei var med å engasjere seg i ungdomslag og idrettslag som stod for mange fritidsaktivitetar i åra framover. Ikornnes Idrettslag har vore ei kraft i bygdeutviklinga heilt til det siste. I 1970-åra fekk dei fram ei idrettsbane der det seinare også kom til eit stort garderobebygg. I 2012 vart det lagt kunstdekke på løpebana på Ikornnes stadion som no står fram som eit tenleg friidretts- og fotballanlegg.

I 1977 fekk Ikornnes eiga kyrkje. Reisinga av kyrkja vart gjort mogeleg gjennom ei gåve frå Jens E. Ekornes. Sidan 2004 har Ikornnes vore eit eige kyrkjesokn.

Også nevøen til Jens E. Ekornes, Jens Petter Ekornes, har gjeve ei storfelt gåve til heimkrinsen sin. Kring 2000 var han med å realisere eit friluftsbad i tilknyting til småbåthamna på Ikornnes. Friluftsbadet, som er oppvarma av spillvarme frå Ekornes-fabrikken, har dei siste åra vore ein populær attraksjon for born og vaksne.

Det vart eit ny tidsrekning for ikornnesingane då Sykkylvsbrua vart opna 14. oktober 2000. Då vart Ikornnes tettare knytt til sentrumet i kommunen. I kommunale planar er Ikornnes i dag ein del av det utvida sentrumsområdet.

I desember 2011 vart ein ny barneskule teken i bruk på Ikornnes. Sørestranda skule, som er teikna av arkitektfirmaet Aarstiderne, er innretta for å ta i mot grunnskuleelevar frå Sørestranda og Hundeidvik.

Kjelder


Koordinater: 62.3862017° N 6.550697° Ø