Nordex Plast

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile frå Nationen 13. mai 1972: annonse for gjerdepinner frå Nordex Plast.

Nordex Plast var ei plastbedrift i Sykkylven som mellom anna vart kjend for sin produksjon av lette skistavar i karbon. Selskapet vart skipa av Magne Josefsen i 1970. Josefsen tok over ein del av utstyret etter Nordisk Industri Plastic A/S som var gått ut frå Gjerde Fabrikker AS. Josefsen etablerte selskapet Nordex Plast A/S, og tok opp produksjon av skistavar, fiskestenger, antenner, nivelleringsstenger og teltstenger i glasfibermateriale.

Verksemda nytta første tida lokala som Nordisk Industri Plastic A/S hadde disponert, i andre etasje i Gjerde-fabrikken.

Ved juletider 1978 kunne Nordex Plast A/S flytte inn i nye lokale på Jarnes. Firmaet hadde utsikter til store leveransar av skipsantenner, og bygget vart tilpassa slik produksjon. Salet av antenner vart ikkje som ein hadde venta. Teltstongproduksjonen gav heller ikkje tilstrekkeleg inntening til å dekkje gjeldsutgiftene i firmaet. Nordex Plast gjekk difor konkurs i mai 1980. Hausten same året fekk to av sønene til Magne Josefsen, Einar og Jon Kåre, ta over konkursbuet, og dei skipa då Nordex Sport A/S. Med på eigarsida kom også Magne og Magnhild Josefsen og Astrid Jarnes.

Grunnlaget for drifta kom til å bli teltstongproduksjon. Elles utvikla dei ein type skistavar som var noko av eit teknologisk spissprodukt. Stavane hadde innlegg av karbonfiber og ei aluminiumshylse utvendig. Stavane kombinerte lett vekt med stor styrke, og dei vart m.a. nytta av det norske skilandslaget. Men prisen på produktet var slik at det ikkje vart noka stor salsvare.

Nordex Sport tok elles opp dei ymse produkta som Nordex Plast tidlegare hadde laga. Arbeidsstokken var ei tid oppe i ti personar. I 1987 vart bedrifta seld til Sandella Fabrikken, men dei avvikla glasfiberproduksjonen året etter.

Kjelde