Erstad Trevarefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile frå Søndmørsposten 17. juli 1925; annonse for Erstad Trevarefabrikk

Erstad Trevarefabrikk var ein tidlegare produsent av møblar i Sykkylven. Bedrifta vart etablert på Ikornnes i 1904 av Johan O. Erstad som ei vidareføring av møbelverkstaden faren, Ole B. Erstad, dreiv frå 1871 i Instebakktunet på Erstad. Ole Erstad laga kommodar, senger, nattbord og benker. Dette vart selt til møbelhandlarar i dei næraste byane.

Til arbeidshjelp hadde Ole Erstad læregutar som han tok inn åtte-ti av i gongen. Høgsesongen for trevareproduksjon var vinterstida, for då var det lite å gjere på gardane. Læregutane hadde ikkje løn i den tjue veker lange læretida, og dei måtte sjølve halde seg med mat og olje til lampene. Det dei hadde igjen, var solide kunnskapar i handverksbasert møbelframstilling. Verkstaden til Ole vart reine snikkarskulen, dit kom det ungdomar både frå Sunnmøre og Nordfjord. På Erstad hadde dei og «internat». Eit stabbur tente som sove- og opphaldsstad for læregutane. Kona til Ole, Olave, heldt dei som ikkje gjekk heim til middag, med varmmat.

Johan O. Erstad kom tidleg med i arbeidet på verkstaden. Det vert fortalt at han allereie i 1890 fekk ombodet som arbeidsformann, berre tolv år gammal. Dei halvvaksne læregutane måtte pent lystre han i arbeidstida, men under middagspausen fann Johan det tryggast å gøyme seg, elles kunne det vanke juling.

Frå 1895 vart Johan tiltrudd ansvaret for kjellarverksemda, og det gjekk ikkje lang tid før han byrja å sjå seg om etter ei eigna tomt for å føre opp ein større verkstad. Før han kom så langt, var han frå 1900 eit par år ved Trondhjems Tekniske Skole og tok eksamen ved arkitektlinja der.

I 1904 skipa han Erstad Trevarefabrikk, og same året kjøpte han ¾ mål av Petter H. Ekornes for å kunne bygge fabrikk. Når Johan valde Ikornnes som lokaliseringsstad, var det fordi det var isfri hamn der, og der fekk han stabil tilgang på vasskraft frå Ikornneselva. Fallet i elva kunne utnyttast på ein stad som låg berre 200 meter frå kaiplass. Bygget frå 1904/05 var i tre høgder med ei grunnflate på 200 m2. Det brann ned i 1907, men vart ført opp att på same staden kort tid seinare.

For å få varene ut frå fabrikken og råvarer inn, la dei eit jarnspor ned til hamna. På skinnene trekte dei ei tralle, først med handemakt, sidan med vinsj. Erstad fekk omdreiing til den nyinnkjøpte turbinen ved å leie vatn gjennom ei renne og inn i andre høgda på fabrikken. Via eit sinnrikt system av reimoverføringar dreiv denne turbinen fleire maskiner i dei to produksjonsetasjane. Fabrikken vart utstyrt med dei mest moderne maskiner som var tilgjengelege for trevareindustrien, og Johan Erstad var ein av dei første på våre kantar som fekk damptørke for trematerialar. Det var i 1912/13.

Johan Erstad konsentrerte produksjonen om polerte møblar, kommodar, senger og speilbord med dreia føter, i tillegg til dører, vindauge og trapper. Det gjekk mykje dører og vindauge til Ålesund i samband med attreisinga etter brannen i 1904, og desse vart laga på bestilling. Møblane vart produserte i seriar. Johan Erstad heldt oppe forretningssamband som faren hadde etablert. K. Vågnes i Ålesund, som dei var knytte til gjennom slektsband, var den viktigaste avtakaren.

Kring 1915 bygde Johan Erstad eige elektrisitetsverk. Aggregatet var på 50 hk, og det var ingeniør Drege på Stranda som monterte det. Tidlegare hadde det vore vanskeleg å få jamn kraft til maskinene, særleg vinterstida når vassføringa i elva var lita. Det private kraftverket forsynte og andre gardar på Ikornnes med straum inntil det kommunale kraftverket på Riksheim kom i drift i 1918. Frå då av gjekk også Erstad over til å ta kraft frå kommunekraftverket.

Johan O. Erstad stilte høge kvalitetskrav til seg sjølv og medarbeidarane sine. Heilt frå starten i 1904 engasjerte han finsnikkarar frå Bergen for å rettleie læregutane på område der han sjølv ikkje hadde gode nok kunnskapar. Særleg gjaldt det polering av soveromsmøblar i mahogny. Også i bruken av spesialmaskiner drog han nytte av fagfolk som vart henta til fabrikken for kortare periodar.

Erstad var borte frå Sykkylven i seks år frå 1924. Den tida var han m.a. disponent for Stjørdal Møbel & Trevarefabrikk, og han var engasjert i trelasteksport til England. Frå 1924 til 1930 var Erstad Trevarefabrikk leigd ut til brørne Bernt og Ole Stave, som hadde vore ved verksemda i mange år. Dei heldt fram med det same produktutvalet som Erstad Trevarefabrikk hadde slått inn på tidlegare. Namnet på bedrifta vart heller ikkje endra.

I 1930, då Johan Erstad kom attende til Sykkylven, søkte han patent på ein vevstol han hadde utvikla. Det nye ved vevstolen var at han hadde ståande slagbom i staden for hengande. Elles var han berre halvparten så stor som dei tidlegare vevstoltypane. Stolen vart laga i tre breidder. Den minste utgåva var på ein meter, dei andre på 1,30 meter og 1,60 meter. Vevstolen hadde automatisk framdrift. Erstad produserte også ein enklare type kontramarsj. Det var ei innretning for veving på opptil åtte skaft, til dømes til dukar med eit innvikla mønster.

Vevstolen gav verksemda ein god skuv framover. Etterspurnaden etter møblar i heiltre mahogny fekk ein svikt etter at billegare finerte møblar vart introduserte. Tynes Møbelfabrikk, som kom i gang i 1927, var først ute med slik produksjon i Sykkylven.

Ved sida av at Erstad Trevarefabrikk gjekk over til å lage vevstolar, fann leiinga ved verksemda også ein nisje i produksjon av lenestoltreverk til lokale møbelfabrikkar. Dører, vindauge og trapper vart framleis laga som tidlegare.

Sønene til Johan, Olav og Petter, tok over fabrikken i 1939. Olav Erstad var dagleg leiar fram til han døydde i 1968.

I 1965 brann fabrikken ned for andre gong. Då starta Olav og Petter eit nytt aksjeselskap og reiste nytt fabrikkbygg på 400 m2 nede ved sjøen. Det nye selskapet vart kalla Erstad Trevarefabrikk A/S. Etter at Olav døydde, tok Petter over åleine. Han hadde då i fleire tiår drive møbelfabrikk på Hareid.

I 1971 vart fabrikkbygget selt til J.E.Ekornes Fabrikker A/S, og i 1977 vart også tomta overlaten til storkonsernet.

Kjelde