Riksheim Kraftverk
Riksheim Kraftverk er eit vannkraftverk på Riksheim (gnr 36) i Sykkylven kommune, eigd av Sykkylven kommunale kraftverk.[1][2][3]
Kraftverket utnyttar eit fall på 259 meter i Riksemelva frå inntaksmagasin i vatnet som heiter "Dammen" oppe i Riksheimdalen, til sjønivå.
Kraftverket starta produksjonen 22. januar 1918, og det blei oppgradert fleire gonger. Frå 1958 var effekten 3,3 MW og produksjonen 16 GWh.
I 2013 blei det bygt eit nytt kraftverk ved sidan av det gamle. Den gamle rørgata er fjerna og nye rør er gravd ned.
Installert effekt er 5,3 MW frå ein peltonturbin. Gjennomsnittleg årsproduksjon er 26 GWh.
Tidleg historie
Då det ikkje vart nok vatn i Dammen, valde ein etterkvert at lage ein tunell opp fra Dammen inn til Storevatnet lengre inne i Riksheimdalen. Gardbrukarer fra bygda fekk til så pass med veg at ein kunne transportere materialar med hest og vogn innover, og "[...]12. september 1940 vart gjennomslaget gjort". Tunellen tetta seg dog fleire gonger. Dei som var med på det farlege arbeite med å få opna det igjen dei tre gongene var mellom anna fleire fra Sykkylven i følgje Gjævenes: Jon Sandvik, Ole Drotninghaug og ikkje minst Lars O. Tusvik var nokon av dei. Frå sommaran 1942 vart han opna for godt.
I 1954 vart det bygd maskinistbolig på Riksheim. Peter J. Riksheim, Johan P. Riksheim, Sivert Kalvatn og fleire har vore maskinstar som budde der. Utvidinga av stasjonen og installering av nye aggregat var fullført i 1958.
Vilkårsrevisjonen
I 2017 starta vilkårsrevisjon hvor mellom anna Riksheim grunneigerlag, Sykkylven Energi og Fylkeskommunen kom med inspill til NVE. Av saksdokumenter ser det blant anna ut til at det siden "Kgl. Res. Av 1938: Regulering av Storevatnet [...]" har vært nokon utfordringar med at Sykkylven kommune har hevdet å eige "[...]heile vassdraget, like til sjøen". Grunneigarane hevder at det ikkje er riktig, og at de eier alt fra Riksheim Kraftstasjon og ned til sjøen. Det er også siden 1938 blitt mindre fisk. Siden det har vært naturlig lekkasje fra dammen fram til den ble tetta på 1980-tallet, har fisk i elva klart seg. I tiden etter det har det vorte mindre og mindre fisk i følgje grunneierlaget, spesielt ser det ut til at ein viss minimummvannførsel burde bli oppretthaldt. Det kan også se ut til at fiskebestanden har vært heilt utrydda og at det i den forbindelse er ønskjeleg at auke bevisstheita rundt mogligheter for at styrke det biologiske mangfaldet og fiskebestanden spesielt. Karleggingar av mangfoldet og fisken har i den sammenhengen også blitt gjort hevder grunneierane vidare.[4] [5]
Kilder
- www.nve.no, besøkt 4. april 2020. Hentet fra Wikidata
- www.sykkylven-energi.no, besøkt 4. april 2020 [Hentet fra Wikidata]
- NVE vannkraftdatabase
- Sykkylven energi Arkivert 29. desember 2017 hos Wayback Machine.
- Christie Partner om nybygget (arkiv)
- NVE Atlas». Utbygd vannkraft. Norges vassdrags- og energidirektorat
- Tandstad, Kjetil: "Sykkylven kan få tredobbla kraftproduksjon". Sunnmørsposten 18.okt 2020.
Referanser
- ↑ Gjævenes, Martin (1983). «Riksheim». Garssoga for Sykkylven band III. Oslo/Gjøvik: Sykkylven Sogenemd/ Norbok A/S.
- ↑ https://www.sykkylven-energi.no/alt-anna/produksjon-av-straum/
- ↑ Sykkylven Energi. Drivkraft i meir enn 100 år. (Hatlehols Trykkeri)https://www.calameo.com/hatlehols/read/0057643759bb09943c864
- ↑ Fråsegn - saksnummer 201703682 frå grunneigarane på Riksheim fra NVE
- ↑ Villkårsrevisjon Rikshemvassdraget NVE.NO