Riksheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Riksheim
Alt. namn: Riksem, Rixem, Rigsem
Fyrst nemnd: Kring 1200
Stad: Sørestranda
Sokn: Ikornes sokn
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Sykkylven
Gnr.: 36
Ant. bruksnr.: 61 (2025)
Type: Matrikkelgard
Adresse: Sørestrandvegen (192-357)
Postnummer: 6220
Gyljane med Løvoll (Instegyljane) på Riksheim, tatt litt ute på Sykkylvsfjorden. Riksheimgjerde ligge til venstre, sør for bilde. Oppe i bakgrunnen ser ein starten på Riksheimdalen i tåka.

Riksheim er ein matrikkelgard (gnr. 36) i Sykkylven, på Sørestranda på vestsida av Sykkylvsfjorden. Garden grensar mot Riksheimgjerde (gnr. 35) og Straumsheim i sør og Erstad (gnr. 37) i nord. Området gjeng opp i eit større fjellparti innover Riksheimdalen i vest.

Namnet finst i kjelder frå kring år 1200 med dativforma Rikisheimi, og Oluf Rygh trur at første lekk kjem av gn. riki, som tyder makt eller gjævleik, og at namnet såleis tyder «ein stor, gjæv gard». Frå 1520 finn ein forma Rigesym, i 1603 Rigsem, i 1617 Rigsemb og sidan i lang tid Riksem eller Rixem. Overgangen frå Riksem til Riksheim gjekk parallelt med overgangen frå Strømsem til Strømsheim. Og Riksheim vart då einerådande, medan formene Strømsheim og Straumsheim enno konkurrerer som familienamn. Heim-endinga tyder på at begge desse gardane er gamle.

Tømmereksport

Gamle kvelvingsbrua over Riksheimelva.
Foto: Statens Vegvesen og Vegmuseet (1996).

Riksheim ligg ved Sykkylvsfjorden, utanfor Riksheimgjerde og innanfor Erstad. Gjennom garden renn Riksheimelva, som i gammal tid dreiv sag og kverner, og som etter temjing av fossen gir bygda elektrisk kraft.

Tømmereksporten først på 1600-talet er vel kjend. Kva tid den tok til er uvisst, men kva tid den slutta veit vi på året. Dei som dreiv saga måtte betale ei årleg avgift på 2 riksdalar, og dessutan levere ein tiendedel av produksjonen, såkalla tiendebord, som vart selde og såleis omgjorde til skattepengar. Til dømes vart 6 tylfter tiendebord i 1612-1613 selde for 4½ rd. I tida 1600-1640 varierte produksjonen frå 80 tylfter i 1611-1612 til 10 tylfter i slutten av 1620-åra. Det meste på 1630-talet var 40 tylfter. Men brått var det slutt. I 1640-41 var sagskatten 1 rd, men ingen på Riksheim saga noko det året. 1650-51: «Ringe bekkesaug som bønderne bruger til at forbedre deres huse med». (Bhl pk 118). I 1647 vart alle eigarane av Riksheim-saga stemnde for skuldig sagskatt, og då dei ved ny stemning i 1654 vart spurde kvifor dei ikkje hadde betalt, var svaret at:

«de havde aldeles ingen saugbrug uden dennem iblandt kunde skjære en fjæl eller to til husbehov av et tørt træ som dog neppelig er med stor besværing og umage udi fjeldene at bekomme, thi så stor mangel er der nu er på tømmerskog så de for den årsag ei kunde give saugskat. Det samme profet også en stor del udaf almuen.»[1]

Det var med andre ord lite trevirke å oppdrive på den tida og ikkje mykje eller noko å betale skatt, avgiftar eller tienda av lenger, som ein ser elles på Sunnmøre.

I 1818 vart det oppført ei ny sag på Riksheim. Brukarane av dei tre hovudbruka åtte saga, som stod på deira eigen grunn ved Riksheimelva, på sørsida eit stykke frå sjøen, der lendet er heller flatt. Difor vart det lagt ned mykje arbeid på sagveita, som enno er godt synleg. I 1819 var der synfaring på saga. Då hadde dei søkt om løyve, men enno ikkje fått svar. Saga kunne berre drivast i flaumtida, og på sine eigne gardar hadde dei ikkje eit einaste tre til tømmer. Heller ikkje på grannegardane fanst det skog. Alt tømmer til å skjere måtte førast dit frå Borgund på den andre sida av Storfjorden, 1½ til 2 mil borte. Skurden, meinte dei kunne bli 10 tylfter årleg til ca. 40 spd.

Det er registrert minst eitt kulturminne på Riksheim som er verneverdig, som ser ut til å vere ein stad som frå gammalt av har vore brukt til å brenne tjære.[2]

Geografi og fiske

Bilete av Riksheim og Erstad til høgre, nord for Riksheim. Dalføret innover, vestover, er inngangen mot Riksheimdalen, med vassledningar frå Riksheimdammen som går ned til Riksheim kraftstasjon. Setrene og framsetrene ligg innover dalen. Til høgre, vestover i dalen, kjem ein til setergrendene som tilhøyrde Hundeidvik-gardane.
Foto: Wenche Rokseth.

Også kvernene vart drivne med vasskraft frå elva. Av forliksprotokollen frå 1797 går det fram at brukarane på Straume og Straumgjerde også mol kornet sitt på Riksheim. Seinare kom andre til. Fram til 1910 var der 10 kverner. På sørsida av elva, 100 meter frå sjøen stod Tømmeskverna og Tandstad-kverna som Johannesgarden og Jakobgarden hadde i lag. Litt lenger oppe stod ei beinmylne.

Ved elva stod også Riksheim meieri som starta i 1897. Det var brukarane frå og med Tandstad og rundt fjorden til og med Erstad som var med i meierilaget. Meieriet vart også omtala i ei sak på NRK, der ei 25 år gammal jente vart drepen i si tid. Gjerningsmannen innrømde drapet først på dødsleiet.

Noko nedanfor det gamle tremannstunet er der ein bakke ned til flata ved fjorden. Dette er Løbakken. Derifrå er det god utsikt over fjorden, og der stod nok ein eller annan ofte på speiding etter silda. Både havfiske og heimefiske har vore viktige attåtnæringar for Riksheim, som har hatt mange særs dugande sjøfolk. I Romsdals Budstikke frå 1840 kan ein lese om ein fiskebåt frå Riksheim. «Den vandrende Lykke», reiste til Bergen med sild den 29. august. Om det var denne som forliste er uvisst. Men tradisjonen fortel at ei Riksheim-jakt ein gong på veg heimatt frå Bergen kappsigla med ei nordlandsjakt, forliste og miste heile farmen; det einaste dei hadde med seg til gards var vottene.

Utsikt frå «Kvilesteinen» opp mot Riksheimdalen. Steinen vart antakeleg brukt mykje før når ein skulle opp til setrene. Du ser søraustover mot Sykkylvsfjorden.
Foto: R. Riksheim (2013).

Riksheim Notlag var kjent for framifrå fiske og sjømannskap. Samanheng med notlaget har stadnamnet Bytningane, Pegarden. Når dei hadde brukt sildenota, la dei til lands på neset innanfor notanaustet, tok fangsten på land og bytte lutane. Det var 23 mann som åtte nota, og mannslut og notalut vart lagde utover marka. Ein mann fekk bind for augo og ein annan gjekk og peika på ein og ein lut og spurde: «Kven skal ha denne?» Slik gjekk bytinga for seg og slik vart stadnamnet til.- Notlaget eksisterte heilt til 1917. Den 15. januar var det tillyst auksjon over naust og andre eignalutar utan at nokon baud på det. Men den 24. mai same året vart notlaget oppløyst og all eigedom seld for kr. 1784,73.

Vi finner også høve på liknande skrivd stedsnam andre plassar i vera, til høve Rixheim i Frankrike.[3]

Plassemenn og opphav

Riksheimsætra i gamledagar. Krisen-selet høyrde til Krissengarden, opphavleg bnr. 1
Foto: Sykkylven Gardssoga III

I følge Gjævenes har det vore tre bruk eller plassar under Riksheim garden frå gammalt av.

Desse omtalast også berre som bruk A, B og C seinast på tidleg 1600-tallet. Etter dette er det komme navn på plass på tre nye hovedbruk på Riksheim, men dette er ikkje nødvendigvis dei samme bruka og har nok komme til fleire tiår etter.

Det som vart omtala som Bnr 1 KRISSENGARDEN, er etter mannsnamnet Krister. Stova heitte Krissenstova, og lå lengst i sør.

Så kjem Bnr 2 TØMMESGARDEN. Gardsnamnet skal spele på namnet til den første oppgitte bonden, nemlig Tomas Olsen Riksheimgjerde, fødd cirka 1650 og død i 1736. Riksheimgjerde har nok tidlegare vore del av Riksheim, og ein kan finne antydningar til dette alt på 1600-talet. I Hundeidvik har det det same skjedd med Kurset og Kursetgjerde. Vidare skriv Gjævenes at "Ein del av jorda til Tømmesgarden kom frå bruk B, medan slekta kom frå bruk C".

Til slutt kjem Bnr 3 PEGARDEN, med Pe-stova, antakeleg oppkalt etter mannsnamnet Per eller Peder.

Høgebakkan på Riksheim, under Krissengarden. Riksheimfossen i bakgrunnen

Ved utskiftinga i midten av 1880-åra var det ingen som flytte ut, men tunet har vorte regulert noko seinare. Ein del av Krissengard-stova (gamlestova) vart flytt opp til ein husmann. Før utskiftinga av innmarka var slåttemarka teigbytt, men det var store teigar, noko som kan tyde på at der hadde vore ei utskifting tidlegare. Kvart bruk hadde eit samla stykke av den gamle åkeren på Fløten, som låg til sides og ned for tunet. Denne åkeren var skild frå slåttemarka ved eit gjerde. Når dei sleppte krøtera på bøen om hausten stengde dei ei grind i gjerdet og lét krøtera beite på slåttemarka inn mot Riksheimgjerde. Det var ikkje gjerdt mot Riksheimgjerde, og då det ikkje var sambeite mellom dei to gardane, måtte dei på Riksheimgjerde passe på å jage riksheimkrøtera vekk frå si mark. Det var først rundt siste århundre-skifte at det vart sett opp gard på bømarka mellom Riksheim og Riksheimgjerde. Mot Erstad har der vore hagard frå gammalt av. Teigen under Riksheim var eit slåttemarkstykke mellom Straumsheim og Riksheimgjerde. Der er ikkje minne om korleis Riksheim har fått det mark-stykket. Teigen rekk midtvegs opp til bøgarden. Der er ikkje sett opp gjerde mellom Teigen og Straumsheim.

Bilde av Høgebakkan, tatt mot Straumshornet, nord for Riksheimelva

Det vart etter kvart nokså mange plassemenn på Riksheim, og eit kommunestyrevedtak som galdt dei, gjekk ut på at alle plassemenn som ikkje brukte matrikulert jord og som ikkje fekk stønad frå fattigstellet, skulle betale 12 skilling i året til skulekassa. I 1888 vart det vedteke at alle plassemenn med skyldsett jord skulle ta del i skulehushaldet og andre utgifter til skulen in natura med ¼ mot gardbrukarane. Då plassemennene protesterte mot dette gjorde heradstyret vedtak om at så lenge der var omgangsskule, skulle plassemenn betale for ein eller to dagar, og kvar dags skulehald vart sett til 25 øre.

Før andre verdskrigen vart det grave ein stor kanal på Riksheimmyrane av alle brukarane på Riksheim, slik at meir jord kunne dyrkast. I 1940 vart bøgarden flytt, og med det vart heile dei flate myrane lagt til innmarka. Alle brukarane tok då til med nydyrking.

Tabell over bruka

Oppsummert kan frå starten inndeling ha utvikla seg slik for underbruka:

Inndeling før 1650 Bruk A Bruk B Bruk C
Første brukar: Peder Jonsen Indre Standal Jakob Ole Pedersen Riksheim

Kor alle bruka gjekk vidare veit vi ikkje, men vi veit delar av dei. Eigennamn i underbruk kan sjåst under. Pegarden har flest utskilde bruk:

Delar frå Bruk A Bruk B & C Ukjend
Bruks-namn & # 1650~nåtid: Krissengarden (Bnr. 1) Tømmesgarden (Bnr. 2) Pegarden (Bnr. 3)
Stove, sel & løe: Krissenstova, Krissen-selet & Krissenløa Tømmes-selet, Tømmestova &

Tømmesløa

Pe-selet, Pe-stova & Peløa
Utskild bruks-namn & #:
  • 16 Krissenteigen
  • 17 Løken
  • 18 Høgebakken
  • 19 Vårtun I
  • 27 Vårtun II
  • 31 Nytun Krissenteigen
    • 13 Lybæk
    • 15 Gyljane
    • 18 Høgebakken Indre
    • 24 Nytun
    • 26 Løvoll
    • 43 Hallro
    • 22 Løken
    • 25 Åsly
    • 30 Fausatun
    • 36 Fausatun II
    • 32 Skogås
    • 33 Nygaard (Sjøtun)
    • 47 Bjørkly
    • 49 Soltun
  • Kalvegjerde
  • Bytningane
  • 4 Kjerane
  • 45 Larsstad I
  • 46 Trafo-tomta
  • 14 Birkebakke
  • 5 Indre Slettereiten
  • 34 Lunheim
  • 6 Reiten (el. Grøngot)
  • 7 Slettereiten
  • 21 Bytingsvika
  • 29 Riksheim trevarefabrikk
  • 50 Annavika
  • 8 Teigen
  • 9 Gylet
  • 10 Høgebakken
  • 11 Riksheim kvernbruk
  • 12 Lillegjerde
  • 23 Bakken
  • 28 Fossheim
  • 37 Lunheim
  • 38 Bakken
  • 39 Hjellen
  • 40 Utsyn
  • 41 Bakketun
  • 42 Krinstun
  • 20 (Kraftverket)
Krissenstova til venstre og Tømmesstova til høgre. Ein kan sjå at dei sto nedanfor Riksheimelva

I tilleg til sel, også kalla støl eller seter, stove og løe-namn, hadde dei tre plassnamna eigne nam for kvern og truske, til dømes Tømmeskverna for Tømmesgarden. Kvernar ovanfor ho sto på nordsida av elva, og kring 100 meter nedafor brua sto kverna til Riksheimgjerde. Litt lenger opp sto Krissen-kverna.

Det er i 2025 registret 61 utskilde bruksnummer på Riksheim totalt. Husnummera langs Sørestrandvegen frå grensa ved Riksheimgjerde i sør,[4] til grensa til Erstad i nord er 192 til 357.[5]

Personar

Jens Nilvard Riksheim var ein mann fødd på Gyljane på Riksheim som prøvde seg som akademikar i USA. I tillegg har vi Jens Riksheim og hans son Vilhjelm Riksheim. Jens Riksheim flytta derfra til Valberg i Troms, og fikk borna Sigvor Riksheim, pioner for Trastad samlinger, og Vilhjelm Riksheim, lærar og fotograf.

Vidare er Andreas Riksheim frå Pegarden òg kjend, han grunnla A. Riksheim Kurvmøbelfabrikk i 1913.

Seter

Utsikt på gammalt postkort over søndre del av Riksheim. Truleg teke over Erstadsætra. I bakgrunnen Straumshornstoppen til øvst, og Sykkylvsfjorden går mot høgre, sørover, til Straumgjerde og Fetvatnet innst i dalen.
Foto: Riksheim

Riksheimsætra ligg ovanfor Riksheim, i Riksheimdalen, vest for Riksheim. Setra grensa mot Megardsdalen i Hundeidvik i vest, og hadde ei framseter vest, sørvest for der. Setermarka grensar mot setermarka til Midtgård, Hundeide og Gjævenes i vest og Erstadsætra i nordaust. Der er ikkje gjerde. På Riksheim-stølen var innhegna slåttemark med sams slått utan teigar, og seterhusa låg om kvarandre. Segna seier at Riksheim ein gong hadde vårseter på Straumsheim.

Skule

Riksheim skule. Straumshornet i bakgrunnen
Foto: Fylkesarkivet Møre og Romsdal.

Etter omgangsskuletida var Riksheim eigen skulekrins, saman med gardane Riksheimgjerde og Erstad. Kjøpekontrakta for skuletomta er datert 4. juni 1891 og truleg vart skulebygget reist og teke i bruk i 1892 eller 1893. I 1955, etter at det vart bygt ny skule i Tandstad krins, vart Riksheim skule lagt ned og elevane flytte til skulen i Straumgjerde. Riksheimskulen vart demontert og materialane låg i mange år vekkstua. I midten av 1990-åra tok nokre oppsitjarar på Riksheim initiativ til å setje opp att skulen for å kunne nytte han som samlingshus for krinsen. I 1996 starta gravearbeidet og fire år seinare var huset ferdig i det ytre.

Kraftverk og industri

Også Riksheim fekk sin del av industrireisinga i Sykkylven. Den første trevarefabrikken var Riksheim Trevarefabrikk. Etter krigen kom Lars P. Riksheim i gang med ei dreieverksemd. Grunnlaget for industrireisinga i Sykkylven var etableringa av Riksheim Kraftverk, som vart bygt på Riksheim i 1918.[6]. Dette vart starten på Sykkylven kommunale kraftverk.

I seinare tid er det også satt opp kraftverk ved innløpet til «Dammen» i Riksheimdalen, som utnyttar vassfallet frå vatna lenger inne i Riksheimdalen.[7]

På veg opp frå Gyljane sør på Riksheim er det ein sti opp ei moreneavsetning som nok vart skapt av isbrear i sin tid, som kom nedover frå Riksheimdalen ifølgje Tandstad.[8] Omtrent halvvegs på veg opp til Riksheimdalen finnast det ein såkalla «Kvilestein». Her har nok gardsfolk kvila i eldre tidar når ein var på veg opp til setra.

Referansar

  1. SSTb 1654 (Sunnmøre Sorenskriveris Tingbok).
  2. Kulturminnesøk.no
  3. Populations de référence 2022 | Insee [1]
  4. 192
  5. [2]
  6. Sykkylven Energi
  7. Sykkylven Energi
  8. Sjå Ola Tandstad, Sykkylven i eldre tid, 1962.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer