Gjerde Fabrikker

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjerde Fabrikker AS var ein møbelfabrikk i Sykkylven, etablert av Josef Marvin Karlsen Gjerde (f. 1910 i USA, d. 1999) i 1938. Første tida gjekk bedrifta under namnet Gjerde Trevarefabrikk.

Josef Gjerde var fødd i USA men kom frå Amerika til Jarnes 4½ år gammal saman med mora si. Faren kom heim to år etter. Josef Gjerde reiste i ung alder til Amerika att og var der til 1934. Han byrja i arbeid på fabrikk, men i 1938 var han tilbake i Sykkylven og tok til med eiga verksemd i kjellaren heime. Aksjekapitalen var på 6750 kroner, og den vart fordelt likt mellom fire medeigarar.

Første produkta var klosettseter i tre. Seta vart selde gjennom grossistforretningar i sanitærbransjen. Månadsproduksjonen ved Gjerde-fabrikken kom etter kvart opp i 500 sete.

Alt året etter etableringa bygde han eige fabrikkbygg nær tunet. To år seinare bygde han eit større bygg nede ved sjøen, og i 1957 eit anna stort fabrikkbygg i betong.

Då importrestriksjonane byrja å merkast først i krigsåra, let det seg ikkje lenger gjere å få tak i raud bøk, som var materialet i klosettseta. Verksemda gjekk difor over til å lage trerammer til dei lokale møbelfabrikkane. Gjerde Trevarefabrikk greidde knapt nok å kome i møte den store etterspurnaden etter treverk. Bedrifta leverte mellom anna til Lenestolfabrikken Solid AS på andre sida av Sykkylvsfjorden. Råvaremangelen var tidvis prekær. Josef Gjerde farta vide i krigsåra på jakt etter trevyrke. Litt fekk han tak i i Skjåk, i Hornindal og i Vanylven. Ved sida av at fabrikken leverte treverk, laga han salongbord i finert material under krigen. Bemanninga var på knappe ti personar til dei første etterkrigsåra. Arbeidsstyrken steig då gradvis til 20 i 1955.

Etter at verksemda kom inn i eige bygg ved sjøen, gjekk dei over til å produsere stoppa møblar. I 1953 vart bedriftsnamnet endra til Gjerde Møbler AS.

Broren til Josef, Konrad Gjerde, kom etter kvart i gang med lervareproduksjon i fabrikkbygget ved fjorden. Konrad tok også opp produksjon av fiskestenger i massiv glasfiber. Produktet var lovande, og dei fekk ein stor ordre frå ABU-selskapet i Sverige. Nett på same tid introduserte ein fabrikk på Taiwan ein ny type fiskestong som var innhola. Stengene frå Taiwan vart mykje billegare i utsal enn dei massive stengene frå Sykkylven. Dermed vart heile produksjonsopplegget Josef og Konrad Gjerde hadde investert i ubrukeleg.

Dei gjekk likevel vidare med glasfiberproduksjon i selskapet som dei no kalla Gjerde Fabrikker AS. Verksemda tapte mykje på glasfibereksperimentet og drog med seg etterverknaden av tapet i mange år framover.

Gjerde Fabrikker AS heldt fram med å produsere stilfulle salongar heilt til J. E.Ekornes Fabrikker AS kjøpte opp verksemda i 1976.

Kjelde