Vik Lavprissenter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vik Lavprissenter AS var ei daglegvareforretning på Vik i Sykkylven. Firmaet var ei vidareføring av Vik Handel som vart skipa i 1953 av Selmer Aure og Sigmund Kvamme. Det hadde til føremål å drive handel i Kvamme sitt hus på Vik. Vareutvalet var alle slags kolonialvarer, mjølk og bakarvarer.

Lea og Sigmund Kvamme tok heilt over denne handelen i 1955, og med Lea Kvamme som dagleg leiar. Vareutvalet vart etter kvart noko utvida: kosmetikk, garn, manufaktur, steinty og leikety. I 1956 sette firmaet opp ein frysebokssentral på 122 boksar a 100 liter, og dette var det første fryseanlegget til utleige i Sykkylven.

I 1966 vart eit stort tilbygg oppsett, og dermed vart den samla salsflata på 200 m2. I tillegg kom lageret på 60 m2. Samstundes vart heile butikken ominnreidd, med nytt inventar, kjøle- og frysediskar.

Lea og Sigmund Kvamme dreiv butikken fram til 1974, då dei slutta av helsemessige grunnar. Firmaet Scan Import, som dei hadde hatt samband med nokre år, tok då over, og forandra firmanamnet til Vik Lavpriscenter AS. Frå då av vart firmaet ei rein kolonialforretning.

Eva og Einar Sørensen tok så over forretninga i 1976, med Einar Sørensen som dagleg leiar, og dei stod ansvarleg for drifta nokre år. Etter ei tid vart drifta lagt ned.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.