Eli Aasen (sølvsmed)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Eli Aasen driv som sølvsmed i Sykkylven. Aasen er dotter til gullsmed Erling Aasen i Molde. Ho starta med sølvsmie i Tusvik i 1979. Snart flytte ho både verkstaden og utsalet til Solnørdalhuset på Klokkerhaugen, og disponerte der ei golvflate på 40 m2.

Alt ho har laga, er reint handarbeid: bunadssølv til Sunnmørsbunaden, sølvsmykke, eigne modellar, kopiering av gamle brosjer og andre smykkereparasjonar.

Dei siste åra har Eli Aasen hatt verkstad i Straumgjerde. Ho har utsal frå verkstaden, men har også levert til gullsmedar og husflidsutsal i ulike deler av landet.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.