Aure (Sykkylven)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Aure
Alt. navn: Ewre (1520), Ouffre (1603), Offraa (1606 og 1616), Ouffre (1617), Oure (1666), Oure med Ullevig Engeslette (1724), Ovraa (1838).
Kommune: Sykkylven kommune
Fylke: Møre og Romsdal
Gnr.: 14

Aure er namnet på den gamle sentrumsgarden i Sykkylven. I dag ligg den karakteristiske sentrumskvadraturen på grunn som tilhøyrde Auregarden. Det gamle klyngetunet er framleis intakt, med både våningshus og driftsbygningar, men det vert ikkje drive aktivt landbruk her lenger.

Namnet har vore skrive på ulike måtar: Ewre i 1520, Ouffre i 1603, Offraa i 1606 og 1616, Ouffre i 1617, Oure i 1666, og Oure med Ullevig Engeslette i 1724. Garden grensar i sør mot Klokkerhaug, Nakkegjerde og mot Viks sætremark, i aust mot Haugset, i nord mot Grebstad, Hjellegjerde og Indre Fauske, og i vest mot Sykkylvsfjorden. Ei bukt av fjorden, Ullavika, går inn mot nordre delen av Aure, og Haubukta eller berre kalla Bukta går mot søre delen på grensa mot Klokkerhaug.

Aureelva renn gjennom garden. Ho kjem frå Andestadvatnet. Nedafor Haugset er ho eit kort stykke grenseskil mellom Grebstad og Aure, men renn sidan over Aure si mark til ho munnar ut i fjorden på sørsida av Ullavika.

Hollendartida

Aure er ein gamal gard. Funn i jorda tyder på at her har budd folk alt i steinalderen. I sogetida budde det storfolk på garden. Først på 1100-talet kom såleis ervingen til Giskegodset, Pål Skofteson frå Giske, til Aure. Han var av den mektige Arnung-ætta. Kor lenge han budde på Aure, er uvisst, men det var lenge nok til at han vart kalla Aure-Pål, Pål à Aurum. Sverresoga nemner i året 1198 ein annan norsk hovding som også vert kalla Aure-Pål. Han kan vere oppattkalla etter Arnungen Pål à Aurum og kanskje i slekt med han. I 1230-åra er det ein av sysselmennene til hertug Skule Bårdsson som truleg sit med garden, nemleg Eystein på Aure.

Aure har også vore kyrkjestaden i Sykkylven sokn som i Aslak Bolts jordebok ca. 1440 vert kalla Aura sokn, og folket frå bygda har samlast her i både sorg og glede gjennom mange hundre år. Dei fleste kom vel sjøvegen i eldre tid. Men etter kvart har Aure vorte det viktigaste knutepunktet for ferdsla også til lands. Sørover går riksvegen langs Sykkylvsfjorden mot Straumgjerde. Austover går det fylkesveg til Dalane. Vestover går det ein veg som fører til Ullavika og Ørsneset og ferjekaia der. Ein eldgamal veg som ein no berre så vidt kan ane spor etter, gjekk frå elveosen på skrå opp Janbakkane gjennom nybyggjarstroket og framom ein bergskolt som bar namnet Kyrkjehaugen og som no er skoten bort. Vegen gjekk vidare til Grebstad. Etter tradisjonen var dette ein tømmerveg som mellom anna vart nytta i den tida hollendarskutene gjesta Sykkylven og tok inn last frå skogane i Grebstaddalen.

Knutepunkt

Den første brua ein høyrer om over Aureelva, vart bygt av tre i 1821, men hausten 1823 tok flaumen henne. Peder Hansen Aure i Bakke-garden og Johan Peter Pedersen Aure (Gamle-Jan) i Jangarden tok på seg å setje opp ny bru over elva. Den nye brua var større enn den gamle, og bygningsmennene hadde gjort godt arbeid i alle delar, heiter det frå ei synfaring då brua stod ferdig i 1824. I 1890-åra bygde Magnus Brunstad ei kvelvingsbru av gråstein, og ho står framleis. Ca. 1960 vart ho utvida i breidda og styrkt med betong. Ei ny utviding skjedde i 2013.

Aure har vore stoppestad for lokalbåtane alt frå ruteferdsla tok til med hjulbåten «Søndmøre» den 16. desember 1857. I den første tida tok dei mot dampskipet med flyttbåt på Aure, og flyttbåten lasta og lossa ved Storevoren som låg eit stykke vest for Sykkylvskyrkja. Seinare gjekk rutebåtane inn på Haubukta, til Sykkylven kailag bygde kai på Aure i 1894. I 1861 fekk Aure postopneri. Det var det første i Sykkylven. Lars Carlsen Aure i Kapralgarden var første postopnaren. Så kom rikstelefonstasjon i 1900.

Aure høyrer til Aure skulekrins som i 1964 vart slegen saman med Aurdal og Vik krinsar. Første skulehuset på Aure vart bygt på nordsida av Aureelva. Krinsen fekk nytt skulebygg i 1957.

God korn-gard

Innmarka på Aure var delt mellom brukarane «ved det gammelslags teijgebytte» heiter det i ei jordbruksmelding frå 1802. Slik var det til 1828 då det vart halde jordskifte «herved at kan blive udskeldt fra det i mellem dem værende fællesskab i ager og eng som før har været i et saakaldt teigebytte». Sorenskrivar Krogh styrde jordskiftet, og domsmenn var Hans Rasmus Hansen Strømmegjerde, Peder Nicolai Pedersen Ulvestad, Ole Rasmussen Sollied og Sivert Pedersen Flaate. Bruka vart likevel nokså småbytte til det kom nytt jordskifte av innmarka i 1894 då bruka vart utlagde slik ein finn dei i dag. To av hovudbruka flytte då til nordsida av Aureelva: Jakobsbruket bnr. 13 kom til Ullavika, og Knutbruket bnr. 15 kom oppover mot Grebstad-bytet.

Gamletunet på garden låg søraust for kyrkja på båe sider av vegen. Pihlstova og Eliasstova stod på nordsida, dei andre stovene stod på sørsida. Frå gamletunet hadde buskapen geil som munna ut i utmarka ved Geilesteinane. Gardsfolket henta vatn frå Kyrkjebrunnen som låg ca. 3 meter frå vegen. Kyrkjefolket drakk også av vatnet i brunnen, og folk stod ofte i kø for å sleppe fram til bytta som dei bøygde seg ned og drakk or, fortalde Peter A. Aure. Vatnet i brunnen var både godt og stabilt, og brunnen var i bruk til 1900-åra. Aure hadde elles ein gardsbrunn lenger oppe i garden, men han var ikkje så sikker. Aure fekk springvatn ca. 1900. Inntaksbrunnen var i utmarka sør for tunet, om lag der Skogvegen no går. Sidan vart brunnen flytt lenger opp i lia for å få betre trykk. Frå 1949 vart Aure knytt til Sykkylven Vassverk som har inntaksbrunnen sin i Aurdalselva på Kjemphol.

Aure har hatt ord på seg for å vere ein årviss korngard. Dei gamle åkrane låg nedover Aureflata sør for gamletunet med unntak av eit par åkrar som låg nordafor kyrkja, m.a. Kyrkjeåkeren som no er utlagd til gravplass. Dei fleste åkrane hadde namn. Bakkefolket hadde såleis ein åker som vart kalla Smiåkeren. Janfolket hadde Geitåkeren. For å skøyte på med gjødsel til åkrane, førde aurekarane heim fiskeslo frå Ålesund, la det i mold og laga kompost. Dei tørka også tare og brukte det som strø under dyra.

Brukarane truska med tust og skeidde til 1870-åra. Svend Abrahamsen Ullavik (bnr. 16) kom i 1870-åra med ein truskemaskin av malm. Folk på garden meiner at dette var den første truskemaskinen som kom til Sykkylven. Dei drog hjulet med handemakt. Seinare nytta dei vasskraft. Aurekarane grov veite over bøane til eit stykke nord for idrettsplassen, og førte vatn frå Aureelva nedover. Pihlbruket og Elias-bruket hadde vasshjul i lag. Det stod eit stykke nord for løa i Elias-garden. Kapralbruket, Janbruket, Bakkebruket og Knutbruket hadde også hjul i lag, og dette stod noko lenger oppe ved same veita. Hjulet låg på to høge steinheller som etter tradisjonen var henta frå Plomme-haugen, ein gravhaug som låg på lag der huset til fotograf P. P. Lyshol er. Bøbruket og Jakobsbruket nytta kvernkallane sine og hadde snor frå dei.

Sætredrift

Aure hadde utslætte i Nymarka som strekkjer seg frå idrettsplassen og framover mot Haugset. Bruka hadde kvar sine teigar, og mange hadde utmarksløer. Her hadde dei også torvstykka sine. Kring 1900-årsskiftet spadde kvar brukar torv i 2-3 dagar om våren til brensel. Det var godt torv i Nymarka, særleg nede i «djupna». Elles hadde gardbrukarane stølsstykke som dei slo på Sunndalssætra. Dette høyet køyrde dei til gards på vinterføre. Plassingane slo også på «skrentå» i sætremarka.

Utmarka ligg aust for garden. Her er både hamnegangen for buskapen og skogteigane. Ved jordskifte i 1965 vart utmarka utlagd til eigedoms grunn. Ca. 10 km. frå Aure har garden sæter i Sunndalen. Opphaldet på sætra varde ca. 12 veker. Det var vanleg med gjæting av dyra i sætremarka i eldre tid, både for å verje buskapen mot udyr, og for å kunne nytte ut betre beitevidda. Såleis gjorde dei seg nytte både av Brekka og Heiane og hadde buskapen der visse dagar i veka. Avdrotten bar og klyvja dei til gards fram til 1880-åra. Råsa til sætra gjekk på Aurdalssida av sætreelva. Men så gjorde dei dugnad og laga ny veg på Kjempholsida fram gjennom sætremarka til Grebstad, Haugset og Eidem. Dei tok att denne vegen i 1930-åra og bygde han om frå Kjemphol til Alfarhaugen. Vegen vart køyrande med bil heilt til Sunndalen, men sætra vert no lite eller inkje brukt anna enn til sommarbeite for ungdyr og sau. I 2013 vart det bygd god køyreveg heilt opp til Heiane i samband med bygging av ein transformatorstasjon der.

Meieri

Kring 1900-årsskiftet byrja brukarane på Aure å plante skog. Andreas Larsen Aure var ein av dei som tok opp dette arbeidet. Han sette m.a. ut ein del gran i sætremarka i Sunndalen, og dette er no store tre. I 1907 fekk han 50 kroner i premie frå Møre Landbruksselskap. Seinare har mange planta i teigane sine både i Nymarka og i utmarka. Plantinga fekk eit nytt oppsving etter jordskiftet i 1965.

Jordbruk og feal var viktigaste næringsgrunnlaget også for Aure fram til slutten av førre verdskrigen då handelsverksemd og noko seinare industrien etter kvart tok over. Hovudbruka var flate og lettdrivne, og dei fôra 10-11 mjølkekyr på kvart bruk, dessutan ungdyr og småfe. Dei fleste bruk hadde følmerrar. Eit av dei første meieria i distriktet kom i gang på Aure. Det var Petter Johannes Thomassen Aurdal frå Fjordegarden som ca. 1887 sette opp eit sommarmeieri ved Nedsæterbrua og tok mot mjølk frå sætrane i dalen. Seinare flytte han separatoren til Pihlkjellaren og tok mot mjølk frå Fauskebygda til Vik. I 1894 vart det bygt meieri som samyrketiltak på nordsida av Aure bru. Separator og kinne gjekk med vasskraft. Ei 200 meter lang veite med mur på båe sider og heller over, gjekk frå meieriet austover til Aureelva og førde ned vatn. Til dette meieriet kom det mjølk frå Tjønes til Fauskebygda, og noko frå Grebstaddalen. I 1907 vart det slutt med meieriverksemda ved Aure bru, og mjølka vart send til Ålesund.

Nærfiske og havfiske

Aure ligg lagleg til ved sjøen, og fisket har også spela ei viktig rolle for levemåten ned gjennom tida. Frå gamalt har det vore lakse-verpe i Ullavika. Det må ha vore eit svært godt verpe, etter skylda å døme. Frå 1544 var det presten i Ørskog som hadde inntekta av verpet. Frå slutten av 1700-åra ser det ut til at prestane i Ørskog har bygsla bort dette verpet.

Aurelandet rekk lenger enn Ullavika, og resten av stranda åtte oppsitjarane på Aure. Laksen kom også inn mot Aureelva som etter tradisjonen var ei av dei beste lakseelvane på Sunnmøre i 1800-åra. Dette freista mange uvedkomande til å kaste med not i elveosen. I 1808 var det reint ille. Aurekarane valde då lagrettemennene Peder Olsen Aure og Knut Knutsen Aure til å reise til Brandal og klage til futen Andreas Landmark med krav om at han fredlyste fiskelandet deira. Aurekarane sjølve hadde kastenot, fortalde dei, men dei var ikkje ein gong sikre på å få nota si i sjøen «førend Kastet i foreveien, dend uafvidende, er overforet med adskillige fremmede Nøder, og atsaa den 1iden Deel Vandfisk som kunde have samlet sig for Landet, aldeles opfanget». Futen fredlyste då for alt ulovleg kastenotfiske på Aure sin grunn. I seinare år har det kome nye fredingsføresegner for osen av Aureelva og sjøområdet utafor. Elles er det år om anna rikt torskefiske på Aure-djupet. Aurekarane har også vore flittige med kveiteliner ved Magerholmlandet. Dei mest framtøkne dreiv dessutan havfiske og heldt ute båt. Mest namngjeten av dei gamle høvedsmennene var Gamle-Jan i Jangarden, d. 1876.

Kring 1900-årsskiftet var det eit godt utbygt notbruk på Aure. Laget åtte både seinot, fleire sildenøter, stornotbåt og fleire lettnotbåtar. Notnaustet stod på nordsida av huset til Martin Lyshol. Nøtene var så store at dei måtte dragast fram med spel. Aurekarane var heilt til Tafjord for å kaste etter sei, fortelst det. Andreas Larsen Aure i Pihl-garden var notbas. År om anna tok dei mykje både fisk og sild, men gjorde dei storvarp, vart det som regel vanskeleg med avsetnaden. Det hende at dei måtte bruke silda til gjødsel. Etter kvart vart det vanskeleg å samle folket, og laget vart oppløyst.

Fisketurking gav også ei god attåtinntekt heilt fram til 1940-åra. I fine solskinsdagar var fjøra kvit av klippfisk frå Haubukta til Ørsnesodden.

Handel og industri

Eldste industritiltaket på Aure var Teglverket som låg ovafor idrettsplassen. Staden vert framleis kalla Verket. Det var Nils Larsen Aure på Aurebøen og Lars Carl Amundsen Aure i Kapral-garden som i 1814 hadde planar om å byrje med teglverk og søkte løyve frå dei andre oppsitjarane på garden. Dei hadde ikkje noko i mot det, dersom dei fekk att like god jord.

Etter at Sykkylven kailag i 1894 bygde kai på Aure og hus for butikk og hotell, auka ferdsla gjennom garden. Fleire og fleire handelsmenn slo seg ned i kaiområdet. Severin K. Aure (bnr. 28) bygde i 1902 på sørsida av kaivegen og flytte handelsverksemda si dit. Han dreiv også hotellverksemd i huset. Sykkylven Sparebank sette opp forretningsbygg i 1908, og her fekk også kommuneadministrasjonen etter kvart møterom og kontor. Petter Olaus Sivertsen Hjorthol dreiv skomakarverkstad i Pihlkjellaren og hadde 7-8 mann i arbeid. Det kom skreddarar til garden, og i 1915 bygde O.T. Lied konfeksjonsfabrikk (bnr. 25). Gjennom dei siste 15-20 åra hadde Aure fått eit nytt sentrum som etter kvart utvikla seg til å bli bygdebyen i Sykkylven, med handelsverksemd og industri som næringsgrunnlag for dei fleste. I slutten av 1920-åra kom møbelindustrien i gang og sette ny fart i utviklinga.

Ny kyrkje

Natta til 19. august 1939 braut det ut brann i eit av husa på Aure kai. Elden spreidde seg fort, og snart stod husa på heile kaia og på båe sider av kaivegen i ljos loge. Eit hus på nordsida av riksvegen strauk også med. Skaden var stor, men det gjekk ikkje tapt liv. Det hadde vorte trangt om plassen i Aure sentrum etter kvart som trafikken auka i 1930-åra, og etter brannen baud det seg eit godt høve til å regulere dette stroket før atterreisinga tok til. Kommunestyret valde byggeråd til å ta seg av saka, og det vart gjort vedtak om å regulere eit område til bytet mellom Vik og Klokkerhaug med ei øvre grense oppover mot Nakkegjerde og ut mot Aureelva. Professor Sverre Pedersen ved N.T.H. i Trondheim laga reguleringsplan.

Krigsutbrotet i 1940 gjorde atterreisingsarbeidet etter brannen vanskeleg. Mellombels vart det sett opp brakker, men etter kvart kom det nye og større hus i betong på dei brannherja tuftene, og sentrum fekk ein ny og moderne utsjånad. Etter at krigen slutta i 1945, skaut reisinga av nye bustader og andre bygg ny fart. Av større bygg som er komne til kan nemnast Samfunnshuset/Kulturhuset, Sykkylven ungdomsskule, Sykkylven vidaregåande skule og Storhallen. Etter at trekyrkja brann ned i 1983 vart det bygd opp ny kyrkje.

Kjelde

  • Gustav Weiberg-Aurdal: Gardssoge for Sykkylven, bd. 1, 1972.

Lenkjer