Forside:Fjord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeÅlesund

Om Fjord kommune
Fjord kommune er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen vart etablert 1. januar 2020, då kommunane Stordal og Norddal slo seg samen. Samanslåinga, som vart vedteke i 2017, var ein del av Solberg-regjeringa si kommunereform. Den nye kommunen har om lag 2600 innbyggjarar. Kommunehuset ligg i Stordal, medan helseadministrasjonen har tilhald i Valldal. Fjord kommune grensar til sunnmørskommunane Ålesund i nord, Sykkylven og Stranda i vest; til Skjåk kommune i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke i sør; og til romsdalskommunane Rauma i aust og nordaust og Vestnes i nord.

Etter samanslåingsvedtaket vart det utgreidd to moglege grensejusteringar mellom Stranda og nye Fjord kommune. Dette gjaldt Liabygda i Stranda og bygdene Norddal og Norddal i Norddal. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtok i 2018 at grensene ikkje skal endrast.

Norddal og Stordal var samde om at namnet på den nye kommunen skulle vere Fjord. Språkrådet var kritisk, av di dette var eit ikkje-eksisterende namn i nokon av kommunane. Departementet meinte allikevel at dei lokale ønskja skulle vege tyngst, og godkjende difor vedtaket.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Løsetstova og stabburet fra Busengdal.

Stordal bygdetun er en samling fire eldre bygninger i Stordal kommune. Tilsammen utgjør de fire bygningene et attraktivt stoppested for turister på vei gjennom Stordalen. Fortidsminneforeningen står for daglig omvisning i bygningene noen måneder i sommersessongen.

Rosekyrkja eller Stordal gamle kirke utmerker seg mest, selv om den ser ganske ordinær ut på utsiden. Den er en åttekantet langkirke i Stordal kommune i Møre og Romsdal fylke. Byggverket er i laftet tømmer og ble bygd av gårdbrukerne på stedet i 1789. Den er en av de mest dekorerte kirkene i Norge. Fortidsminneforeningen overtok som eiere av kirken i 1908

Prestestova ligger like ved kirken. Den ble bygd rundt 1870 og stod opprinnelig på den andre siden av riksvegen. Bygget har fungert som varmestue for dåpsbarn og menighet. Men også til konfirmantundervisning og som overnattingssted og skifterom for presten som ofte bodde i en annen del av prestegjeldet.   Les mer …

Lovise Heggen
Foto: Johan J. Nerbøvik

Lovise Heggen (fødd 17. mars 1893 på Heggen i Valldalen av foreldra Gurine Ingebriktsdtr. og Mons Ellingss. Heggen, som nr fem av fjorten sysken. Ho vart konfirmert i Norddal i 1908 med karakteren «Næsten udmerket godt».

Lovise Heggen tok eksamen ved Volda lærarskule i 1914 og hadde deretter stillingar ved Arendal, i heimbygda Valldalen og tre år i Narvik. I 1930 tok ho embetseksamen ved Universitetet i Oslo med hovudfag i norsk og sidefaga historie og engelsk. Deretter vart ho lektor ved Volda lærarskule fram til 1957. Ho bygde seg hus i Kårstavegen nr. 12 i 1937 og bude der til ho døydde.[1].

Lovise Heggen var sosialist og var med på etableringa av Volda Arbeidarlags kvinnegruppe i 1937, same året som ho vart vald inn i heradsstyret. Ho var sterkt religiøs, og vart medlem av Oxfordrørsla. Lærarskulen vart eit sentrum for denne rørsla. Ho var òg pasifist, og markerte seg ved å gå i mot hjelpa til Finland i februar 1940. Det fekk ho «skarpe hogg» for.   Les mer …

Utsyn over Danskehytta og Heimste Vikvatnet i 2008.
Danskehytta er ei sjølvbetjent turisthytte tilhøyrande Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST). Hytta ligg på 1450 meter over havet ved Heimste Vikvatnet i Norddal kommune, og vart bygd for midlar som danske medlemer samla inn som gåve til 125-årsjubileet til Den Norske Turistforening i 1993. DNT bestemte å gje midla vidare til ÅST. Også dronning Margrethe var aktivt med i innsamlingsarbeidet, og hytta fekk derfor namnet Danskehytta.   Les mer …

Reinheimen er ei nyare nemning på eit fjellområde som i grove trekk er avgrensa av Ottadalen i sør, Lesjadalføret i nord og Tafjordfjella i vest. Namnet Reinheimen vart først nytta av fjelloppsynsmann Olaf Heitkøtter i ei bok frå 1970-talet. Tidlegare hadde ikkje området noko felles namn. Det er mange minne etter den gamle villreinfangsten i området; dyregraver (fangsgroper) og massefangstanlegg.   Les mer …

Elias og Sigrid Hoel.
Elias Thoresen Hoel (født 15. januar 1859 i Valldal, Norddalen prestegjeld på Sunnmøre, død i Harstad 26. april 1921) var handelsmann i Harstad. Elias var sønn av Thore Thoresen Hoel og Margrethe Ingebrigtsdatter Alstadsæter fra gården Hol (Hoels-Bakken) i Valldal på Sunnmøre. I en meget tidlig alder, 17-18 år, bega Elias Hoel seg i vei nordover, lokket av de rike sildefiskeriene der. I 1877 befant han seg i Hammerfest med varelageret og butikken på ryggen. Under sitt noe slitsomme omstreiferliv var Elias Hoel stadig på utkikk etter et høvelig sted for fast handelsvirksomhet, og i Harstad øynet han muligheten.   Les mer …

Stuguflottbrue med skade etter sprengninga.
(2009)

Fieldfare-operasjonen er nemninga på oppdraget tre Kompani Linge-karar frå Ålesund: Birger Strømsheim, Olav Aarsæther og leiaren Joachim Rønneberg gjennomførte i området Tafjordfjella - Romsdalen i perioden mars 1944 - mai 1945. Dei tre hadde tidlegare vore med på TungtvannsaksjonenVemork.

Gruppa skulle organisere motstandsgrupper og førebu jernbanesabotasje. Natta mellom 5. og 6. januar 1945 sprengte dei Stuguflottbrue etter ein strabasiøs marsj i djup snø og sterk kulde frå basen dei hadde i Veltdalen om lag 25 km inne i fjellområdet. Sprengninga var vellykka og blokkerte den tyske jernbanetrafikken i 19 dagar. På bildet kan ein sjå reparasjonen etter sprenginga.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Eksterne ressursar
Forside:Fjord kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Fjord kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar