Thorkel Jonassen (1839-1921)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Herbør ved austenden av Langfjellvatnet i Rauma, der Thorkel og familien overvintra 1895-96.
Foto: Arnfinn Kjelland (2019)

Thorkel Jonassen (født 2. desember 1839 i Åsele i Sverige, død 9. oktober 1921 på Aun i Snåsa) er registrert med mange skriveformer av fornamnet og med Rutfjell som etternamn. Han var fjellsame og dreiv med tamrein frå Vesterfjellet (nord i Børgefjellet) sørover til Beitstaden, Grong, Overhalla, Fosen, Hemne, Sunndal, Nesset, Gjemnes, Norddal, Rauma og Lesja før han og familien returnerte nordover til Snåsa der han budde siste del av livet.

Thorkel var av Børgefjellslekta. Han gifta seg i 1866 i Grane kyrkje i Vefsn med Sigrid Marie Olsdatter, født på Vega 1848, død i Snåsa 1916. Dei fekk i alle fall desse barna:

  1. Bendik Jonas, 1867, født i Grong
  2. Elias, 1871, født i Grong
  3. Sara, 1885, født i Hemne

Thorkel og familien dreg frå Børgefjellet til Beitstaden og Fosen i 1869. I 1881 kryssar dei Trondheimsfjorden og dreg til Hemne. I 1888 går reisa vidare til Sunndalen, og i 1891-93 er dei i Nesset og Gjemnes før dei reiser til NorddalenSunnmøre. Her vart dei involvert i konflikt med setereigarar og villreinjegerar og vart dømd til å betale erstatning. Hausten 1895 fann dei vinterly under ein berghellar i Vermedalen, der dei budde til ut på våren 1896. Så reiste dei nordover att, gjennom Asbjørnsdalen i Rånå, Lesja tilbake til Sunndalen. Men heller ikkje der er dei velkomne, og i 1898 drog dei nordover til Snåsafjella der dei vart verande resten av livet.

Kjelder

Litteratur