Forside:Hemne kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Hemne)
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Møre og Romsdal • Trøndelag
(Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
HemneSnillfjordHitraFrøyaAgdenesØrlandBjugnÅfjordRoanOsenIndre Fosen

Om Hemne kommune
1612 Hemne komm.png
Hemne kommune er ein kommune sør i det tidligare Fosen futedømme i Trøndelag fylke. Han grensar til Snillfjord og Orkdal i aust, Rindal og Surnadal i sør og Halsa og Aure i vest. Nord for Trondheimsleia ligg Hitra. Hemne prestegjeld (inntil 1918 skrive Hevne) vart oppretta som eit formannsskapsdistrikt den 1. januar 1838. Annekssoknet Vinje hørte til Romsdals Amt, medan resten av prestegjeldet hørte til Søndre Trondhjems Amt. Det skulle derfor i utgangspunktet ha vorte oppretta som ein eigen kommune, sidan ein kommune ikkje kunne høre til to ulike fylke.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
«Johanna» malt av Daniel Hagerup.
«Johanna» av Indresæter er ei hardangerjakt som vart bygd i 1892 på verftet åt Gjermund T. Øvrevik ved SålåsundetTustna. Jakta gikk i slofartLofoten og Finnmarka — med salt nordover og fisk salta rett i lasterommet sørover att. Skipper frå 1916 til 1937 var Hans T. Gimnes. Jakt «Johanna» vart selt til Erling og Haakon Taftø ved årsskiftet 1937/1938; skroget vart forlenga og ho vart avrigga og gjort om til motorfarty. I 1980 vart ho selt til Egil Torhus i Mosjøen. I 1992 vart ho kjøpt av Norway Yacht Charter i Oslo, og i dag er ho rigga som brigantin og bruka til turar på Oslofjorden. Laurdagen den 9. juli 2016 rente ho i land og sokk på grunt vatn ved Nesoddtangen. Alle 156 som var ombord vart berga. Tysdagen den 12. juni vart skuta heva, og eigarane seier dei vil gjera alt for å få ho i drift att.   Les mer …

Nybygd aurgjeldsfyring.
Foto: Olve Utne
(2017)
Aurgjeldsgeit eller aurgjeldgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Hemne kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i Trøndelag òg.   Les mer …

Gjertrud Grøtnes Aarsand
Foto: Norske skolefolk (1952)
Gjertrud Grøtnes Aarsand (født 13. august 1893 i Hemne, Sør-Trøndelag, død 28. juli 1980) var lærerinne og poståpner. Hun bodde og virka lengst i KvalavågAvaldsnes, i nåværende Karmøy kommune. Hun deltok også i det kristelige ungdomsarbeidet og i søndagsskolearbeidet og var dessuten medlem av misjonskvinneforeninga og edruskapsnemnda. Aarsand var formann i husmorlaget i bygda. Hun var datter av bonde Hans Grøtnes og Gunhild f. Bjerkan. Gjertrud Grøtnes gikk først Fredly ungdomsskole i Trondheim (1913) og tok eksamen ved Elverum lærerskole i 1917.   Les mer …

Vinje kyrkje.
Foto: Olve Utne
(2009)

Vinje kyrkje i Hemne kommune er ei åttekanta kyrkje i tømmer frå 1820.

Kyrkja har eit romansk krusifiks som kan vere frå slutten av 1100-talet. Det skal opphavleg ha stått utandørs med eit tak over, og vart attfunne under ei oppussing i 1950-åra. Altartavla frå 1712 er i nederlandsk barokkstil. Preikestol og altartavle vart flytta over frå gamlekyrkja.   Les mer …

TINE Midt-Norge (Hemne) på Kyrksæterøra var i drift inntil 2001.
Foto: Olve Utne
(2009)
Hemne meieri var et andelsmeieriKyrksæterøra i Hemne kommune. Det ble opprettet i 1953, og var fra starten ment å være et smør- og geitostmeieri, men mangel på geitemelk gjorde at det bare ble produsert smør inntil hvitostproduksjonen begynte i 1956. Meieriet innstilte driften i 2001. Etableringen av meieri bidro til utviklingen av båtruter, bilruter og vannverk i Hemne. Meieriet drev både slakteri, butikk og innkjøpslag.   Les mer …

Kart over Trondhjems Stift / Nidaros bispedømme (med grenser frå føre 1983) som viser kvar Hemne prestegjeld låg.
Hemne prestegjeld, fram til 1918 skrive Hevne prestegjeld, var eit prestegjeld i Orkdal prosti i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Hemne prestegjeld, som vart frådelt Hitra prestegjeld ved reskript av 5. desember 1765, dekkjer kommunane Hemne og Snillfjord og har fire sokn: Hemne, Vinje, Heim (frå 1884) og Snillfjord (frå 1899). Gardane Bjørnslia, Ljøsevollen og Lillehaugen, som tidlegare høyrde til Rindal prestegjeld, vart lagt til Vinje sokn av Hemne prestegjeld ved kongeleg resolusjon av 4. desember 1862. Den noverande kyrkja i Hemne sokn vart innvigd den 29. juni 1817 etter at den gamle kyrkja, «Sancta Margrethæ», brann ned natt til 15. desember 1815. Kyrkja er åttekanta og har totalt 500 sitteplassar. Ved Vinjeøra har det vore kyrkje sidan føre reformasjonen. Den noverande kyrkja i Vinje sokn, ei åttekanta tømmerkyrkje, vart bygd i 1820 etter at den gamle kyrkja vart riven, men tårnet og preikestolen, så vel som den gamle altartavla frå 1712 i nederlandsk barokkstil, vart flytta over til nykyrkja.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Hemne kommune
Heim
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar