Hemnværing

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hemnværing (lokal uttale ["hæm:ˌvær.eŋ] el. ["hæmnˌvær.eŋ]), òg kalla hemnemål og hemnedialekt, er den tradisjonelle dialekten i Hemne og deler av Snillfjord i Fosen i Sør-Trøndelag. Hemnværing blir klassifisert som ein underdialekt av nordmøring, som i sin tur er ei undergruppe av dei uttrøndske dialektane av trøndermål.

Fonologi (lydlære)

Som i dei fleste andre nordmørsmåla er tendensen i hemnværing at konsonanten i jamvektsord blir lengd (komma, vekko). Diftongane ei, øy og au er stort sett bevarte, anna enn vestafor Vinjeøra, der ein kan ha monoftongisering av ei til ε og øy til ʌ i stavingsinnlyd. Vokalen ʌ er mykje bruka i ord som dʌr (‘dør’), stʌ’r (‘større’) i eldre mål. Yngre mål har gjerne overgang til æ eller, vanligast, ø i desse orda.

Morfologi (ordlære)

Substantiv

Hemnemålet skil mellom sterke og svake hokjønnsord. Sterke hokjønnsord har normalt endinga -a i bunden form eintal nominativ og akkusativ (róta), og svake hokjønnsord har normalt endinga -o (bøtto). Dativ fleirtal har m-bortfall (karo, húso).

Adjektiv

Adjektiv av typen roleg/rolig har endinga -li i hemnværing. Dette er i samsvar med smølværing, aurgjelding og kristiansunder innafor andre nordmørsmål og stemmer elles med dialektane lenger nord og aust.

Syntaks (setningslære)

Kasus

Hemnværing har tradisjonelt dativ av personlige pronomen og i bunden form av substantiv.

Kjelder og litteratur