Vinjeøra

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vinjeøra sett fra fjæra nedafor Fjelnsetneset.
Foto: Olve Utne (2009).

Vinjeøra (uttale /"viɲ:ø:ra/ (nominativ/akkusativ), /"viɲ:ø:’ṉ/ (dativ)) er ei bygd og tidlegare kommunesenter i Vinje kommune, sidan kommuneslåinga i 1964 i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. Vinjøra ligg lengst inn i Vinjefjorden, og på 1800-talet vart det bygd ein del seglskuter der. I damskipstida gikk det rutebåt ut Vinjefjorden mot Kristiansund, men dette sambandet vart seinare innkorta og erstatta med ferjer, sjå Vinjefjordsruta. I dag går E39 gjennom Vinjeøra. Avstanden til Trondheim er kring 93 km og avstanden til Kristiansund er 105 km med ei ferjekryssing på E39 via Halsa og Krifast og 118 km med ei ferjekryssing over Kyrksæterøra og Aure. Oppi bakken ovom Vinjeøra ligg Vinje kyrkje, ei åttekanta tømmerkyrkje frå 1820. I tilknyting til gravlunden ved kyrkja ligg ein æresgravlund der 165 sovjetiske soldatar som døydde under andre verdskrigen ligg gravlagt.

Galleri

Kjelder

  • Google maps

Koordinater: 63.2063639° N 8.98473057° Ø