Fosen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Denne artikkelen handlar om landskapet Fosen. For andre tydingar, sjå Fosen (fleirtyding).

Kart over Midt-Noreg med Fosen innteikna i blått.

Fosen er eit landskap og tidlegare futedømme i Midt-Noreg. Landskapet omfattar dei ytste kommunane på begge sidene av Trondheimsfjorden i Trøndelag fylke. Landskapet utgjorde fram til høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av — først som Fosen len, seinare som futedømme under namnet Fosens fogderi.

Politikk

Futar

Tid Namn
utnemnt 21. februar 1635 Olaf Meckelborg[1]
nemnt 1640 Jakob Frantssøn[2]
nemnt 1658 Eilert Christofersen Schøller[3]
utnemnt 4. april 1668 Tøger Andersen Ørland[4]
utnemnt 31. desember 1674 Rasmus Jensen[5]
utnemnt 9. september 1685 Lauritz Pedersen Brønlund[6]
utnemnt 1707 Nils Cimber[7]
kjøpte embetet ved kongeleg approbasjon i 1737; Virka til 1773 Johan Ruberg[8]
utnemnt 1792; virka til 1796 Paul Berntsen[9]

Språk

Dei fleste stadene i Fosen snakkar folk fosendialekt, som saman med dialekten i Ytre Namdalen og nordmørsdialekten utgjer dei uttrøndske dialektane. Unntak frå denne hovudregelen er først og fremst Hemne, der ein i det meste av kommunen talar nordmørsdialekt, og Rissa og dei søraustlegaste delane av Snillfjord og Hemne kommunar, der ein talar overgangsmål til inntrøndske dialektar.

Nyare regionsinndeling

Fosenregionen

I seinare år har dei av kommunane i landskapet Fosen som ligg på Fosenhalvøya inngått eit regionalt kommunesamarbeid med to kommunar i landskapet Innherad og definerer seg som regionen Fosen.

Sør-Fosenregionen

Regionen Sør-Fosen omfattar Frøya, Hitra, Snillfjord (...)

Orkdalsregionen

Til Orkdalsregionen blir, saman med Meldal, Orkdal og Skaun, fosenkommunane Agdenes, Hemne og Snillfjord medrekna.[1]

Referansar

  1. Hemneboka : ei bygdebok for Hemne prestegjeld (herada Heim, Hemne, Snillfjord og Vinje). 3 b. Orkanger, 1995– . , b. I, 1. halvband, s. 257.
  2. Hemneboka : ei bygdebok for Hemne prestegjeld (herada Heim, Hemne, Snillfjord og Vinje). 3 b. Orkanger, 1995– . , b. I, 1. halvband, s. 257.
  3. Hemneboka : ei bygdebok for Hemne prestegjeld (herada Heim, Hemne, Snillfjord og Vinje). 3 b. Orkanger, 1995– . , b. I, 1. halvband, s. 257.
  4. Hemneboka : ei bygdebok for Hemne prestegjeld (herada Heim, Hemne, Snillfjord og Vinje). 3 b. Orkanger, 1995– . , b. I, 1. halvband, s. 257.
  5. Hemneboka : ei bygdebok for Hemne prestegjeld (herada Heim, Hemne, Snillfjord og Vinje). 3 b. Orkanger, 1995– . , b. I, 1. halvband, s. 257.
  6. Hemneboka : ei bygdebok for Hemne prestegjeld (herada Heim, Hemne, Snillfjord og Vinje). 3 b. Orkanger, 1995– . , b. I, 1. halvband, s. 257 f.
  7. Hemneboka : ei bygdebok for Hemne prestegjeld (herada Heim, Hemne, Snillfjord og Vinje). 3 b. Orkanger, 1995– . , b. I, 2. halvband, s. 133.
  8. Hemneboka : ei bygdebok for Hemne prestegjeld (herada Heim, Hemne, Snillfjord og Vinje). 3 b. Orkanger, 1995– . , b. I, 2. halvband, s. 135.
  9. Hemneboka : ei bygdebok for Hemne prestegjeld (herada Heim, Hemne, Snillfjord og Vinje). 3 b. Orkanger, 1995– . , b. I, 2. halvband, s. 135.

Sjå òg