Hitra kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hitra kommune
1617 Hitra komm.png
Basisdata
Kommunenummer 5056
Fylke Trøndelag
Kommunesenter Fillan
Areal 715.69  km²
Areal land 715.69  km²
Areal vann 0  km²
Folketall 5 281 (2023)
Grunnlagt 1838
Sammenslåing(er) 1964: Sandstad, Fillan og Kvenvær innlemma. 2020: Sundan/Hemnskjela innlemma.
Målform Nøytral
Nettside Nettside

Hitra kommune er ein øykommune i Trøndelag fylke. Den har namn etter den største av øyane, Hitra på 571,5 km². Kommunen femner òg fleire mindre øyer. Den opphavlege Hitra kommune vart i 1964 samanslegen med kommunane Sandstad, Fillan og Kvenvær. 1. januar 2020 vart Hitra utvida med ein del av tidlegare Snillfjord kommune (Sundan/Hemnskjela), noko som var et resultat av kommunereforma. Den nye kommunedelen, med om lag 300 innbyggjarar, ligg delvis på fastlandet.

Jordbruk og fiske, oftast drive i kombinasjon, er viktige næringsveger i kommunen. Etter verdi på fangsten er Hitra fylkets største fiskerikommune. Industrien er sterkt knytta til primærnæringane, men det finst og sementindustri på Hitra.

Hitra er kjent for sin store stamme av hjort og rådyr, noko som har inspirert kommunevåpenet, i blått sølv hjortehovud.

Kjelder