Lars Larsson Langlo
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lars Larsson Langlo (1761-1848) var fødd på Monsgarden (bnr 3) på Løset i Stordal sokn, Stranda prestegjeld. Han skal ei tid ha tent i prestegarden på Stranda. I 1803 vart han gift med enkja på Jakobgarden (bnr. 4) på Langlo, Anne Ivarsdtr. Fjørstad (1760-1841).
Våren 1814 var Lars Larsson Langlo valmann for Stranda prestegjeld. På dette tidspunktet var han medhjelpar til presten.
Kjelder:
- Bjørlykke, Liv Randi: Gard og ætt 1801-1920, Stordalssoga, band II, s. 356-357.
- Kjølås, Gerhard: Stranda bygdebok, Første del, Gard og Grend, s. 381-382.
- Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr.: Adresser og Fuldmagter, Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, Kristiania 1914, s. 325-327.