Fastskular i Stordal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fastskular i Stordal er ein artikkel om skulehus i Stordal kommuneSunnmøre. Kommunen ligg på vestsida av Storfjorden sør for Ørskog, og nordom Norddal.

Vinje skule

Det eldste skulehuset i Stordal låg på garden Vinje og vart kalla Vinje skule. Skulehuset sto i nærleiken av Haueplassen i området mellom Stordalstunet og Stordal kyrkje. Haueplassen var ein liten husmannsplass. Namnet kom truleg av gravhaugar, som den gongen var synlege. Det har blitt fortalt at elevane brukte ein liten haug som leikeplass.

Det vart bygt nytt skulehus på garden Kyrkjebø i 1895-96, og då vart truleg materialar frå det gamle skulehuset nytta. Endå om skulen no vart ståande på Kyrkjebø, vart skulen framleis heitande Vinje skule så lenge denne bygningen sto til rundt 1960. Dette skulehuset sto på området der leikeplassen for den noverande skulen er.

Bildet over er tatt i 1936, og personane er frå venstre: Tora Hove gift Tafjord, Martha Hove gift Busengdal, Marie Midtbust gift Berg, Beate Holt gift Storheim, Nikkolina Vad gift Støle, Aasta Øie, Nancy Midtbust gift Andreassen, Ellen Stavdal gift Vikenes, Margit Midtbust gift Talberg, Karen Øie, lærar Gustav Stavdal, Sigmund Stavseng, Ingvald Vidhammer, Lars Øvrebust, Olger Kvammen og Martin Busengdal.

Alle elevane på bildet vart fødde i tidsrommet frå og med 1921 til og med 1923. Bildet er utlånt av Aasta Øie. Tekst: Kristian Almås