Ørskog kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ørskog kommune
1523 Orskog komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1523
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Sjøholt
Areal i  km²(2020) 132,36 km²
Folketall 2020 2267 (2018)
Opphørte 2020
Nå del av Ålesund kommune
Målform Nynorsk

Ørskog kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal låg på nordsida av Storfjorden og grensa mot Vestnes, Stordal, Skodje og Sykkylven kommune. Grendene Ramstaddalen, Søvikdalen og Furstranda vart overførde frå Ørskog til Sykkylven i 1955. Ørskog kommunestyre vedtok 24. november 2016 å slutte seg til Skodje, Sandøy og Ålesund og byggje ein ny kommune, «Nye Ålesund». Seinare kom også Haram med. Dette skjedde i samband med Solberg-regjeringa si kommunereform. Ørskog vart 1. januar 2020 innlemma i Ålesund kommune.

Administrasjonssenteret låg på Sjøholt. Dei større bygdene i tidlegare Ørskog kommune er Vågsvika og Vestre. Kommunen hadde berre ei kyrkje, Ørskog kyrkje på Sjøholt.

Europaveg 39 går gjennom Ørskog, frå Ålesund i vest, gjennom Sjøholt, mot nordaust over Ørskogfjellet til Vestnes kommune. Frå Vågsvik (Vaksvik) går det mot nord ein grusveg over fjellet, ned Kjersemdalen til Tresfjorden i Vestnes kommune. Denne vegen er smal og vinterstengt.

Rasmus Ingebrigtsson (ca. 1595–ca. 1666) på Myklebust, også kalla «Store-Rasmus», var bondeopprørar og frå Ørskog.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!