Vestnes kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Vestnes kommune
1535 Vestnes komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1535
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Helland
Areal 352.08  km²
Areal land 347.7  km²
Areal vann 4.38  km²
Folketall 6 577 (2017)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Vestnes kommune er ein av kommunane i Romsdal i Møre og Romsdal. Vestnes er kjend for ein lang båtbyggjartradisjon og har fleire skipsverft. Ein person frå Vestnes omtalast som vestnesing.


Geografi

Kommunenamnet kjem frå garden Vestnes. Kommunen grensar i vest mot Haram og Skodje, i sør mot Ørskog og Stordal og i aust mot Rauma. På nordsida av Moldefjorden ligg kommunane Midsund og Molde. Vestnes er nær delt i tre av to fjordar, og dette er nytta som «bilete» i kommunevåpenet. Tidlegare var kommunen delt mellom Tresfjord kommune og gamle Vestnes kommune.

Administrasjonssenteret ligg på Helland på vestsida av Tresfjorden, som går sørover til bygda Sylte, vanlegvis omtala som Tresfjord. På austsida ligg bygdene Vikebukt, Gjermundnes og Daugstad. Tomrefjorden ligg litt lengre vest, aust for Nerås. Lengst sør i fjorden ligg bygda Tomrefjord og i vest Fiksdal og Gjelsten. Lengst vest i kommunen er bygda Rekdal.


Båtbyggjartradisjon

Båtbyggjartradisjonen har og har hatt stor viktigheit i Vestnes kommune. Lars Hammeraas (1820–1904) reknast som ein føregangsmann. Seilskuta «Herman Lehmkuhl», ein fullriggar, vart bygd ved hans verft i 1874–1875. Ho var då den største skuta som hadde vorte bygd i Norge, med ei lengde på 214 fot[1].

Kjøpstad Verft vart opna som båtbyggjarmuseum den 19. september 1993. Museet har fleire hundre gjenstandar og ein rekkje båtar [1].

Kulturminner

Kommunegrensa mellom Vestnes og Ørskog.
Foto: Olve Utne (2008).

Syltebakken er ei gruppe med unike bygningar som utgjer eit kulturminneSylte i Tresfjorden. TrappeskulenHelland frå 1950-åra var eit døme på arkitektur frå gjenreisingstida etter andre verdskrigen. Bygget var velforma, og bygd i fleire halve etasjar tilpassa det skrå lendet.

Vestnes kyrkje ligg i administrasjonssenteret Helland. På andre sida av Tresfjorden ligg Vike kapellVike. Tresfjord kyrkje ligg lengst inn i Tresfjorden, og i Fiksdal ligg Fiksdal kyrkje.

Vestnes kystlag held til i Vik.

Referanser

  1. 1,0 1,1 Hjørungnes, Berge; Aassve, Anne-Grethe; Bryn, Knut; Waatvik, Anita K. 2005. Kulturminnevern gjennom 30 år. Fortidsminneforeningen, Romsdal avdeling. side 53. ISBN 82-90052-71-5