Forside:Vestnes kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal • Trøndelag
Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
SandøyVestnesRaumaNessetMoldeMidsundAukraFræna

Om Vestnes kommune
1535 Vestnes komm.png
Vestnes kommune er ein av kommunane i Romsdal i Møre og Romsdal. Vestnes er kjend for ein lang båtbyggjartradisjon og har fleire skipsverft. Ein person frå Vestnes omtalast som vestnesing.


Kommunenamnet kjem frå garden Vestnes. Kommunen grensar i vest mot Haram og Skodje, i sør mot Ørskog og Stordal og i aust mot Rauma. På nordsida av Moldefjorden ligg kommunane Midsund og Molde. Vestnes er nær delt i tre av to fjordar, og dette er nytta som «bilete» i kommunevåpenet. Tidlegare var kommunen delt mellom Tresfjord kommune og gamle Vestnes kommune.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Walter Scott Dahl
Foto: Ukjent. Oslo Museum
Walter Scott Dahl (fødd 21. februar 1839 i Melhus, død 4. september 1906 i Bergen) var advokat, sorenskrivar, stortingsmann og statsråd for Venstre. Han var aktor i riksrettssaka mot ministeriet Selmer 1883-1884.Han var son av daverande residerande kapellan i Melhus Nils Nilssøn Dahl (1806-1854) og hustru Christopha Kirstine Rønneberg. Faren var bondeson, og vart seinare sokneprest og stortingsmann. Mora kom frå ein kjøpmannsfamilie i Ålesund. Walter hadde tre yngre sysken som levde opp: Nicoline (1841-1898) gift Harbitz, forfattar, Konrad (1843-1931), prest og forfattar og Ulrikke (1846-1923). Walter Scott Dahl var gift med Beret Rebekka Stokkeland, dotter av gardbrukar C.R.Stokkeland og Marie Scherffenberg i Vestnes. Dei to fekk ikkje born sjølve, men hadde ei pleiedotter.   Les mer …

Gjermundnes og Vikebukt, sett fra Vestnes, med bygda Vike, mot høyre og fjellet Vikenakken over.
Foto: Olve Utne

Landbruksmuseet for Møre og Romsdal eller Gjermundnes Museum var tidligere en avdeling av Romsdalsmuseet, fra 2007 en avdeling av Stiftinga Sunnmøre Museum. Museet er bygd opp rundt den tidligere storgården Gjermundnes. Stedet har fra 1898 vært fylkeslandbruksskole i Møre og Romsdal.

Landbruksmuseet på Gjermundnes ligger i Vestnes kommune i Møre og Romsdal.   Les mer …

Nils Ingvar Aanes
Foto: Norske skolefolk (1952)
Nils Ingvar Aanes (fødd 6. juli 1891 i FreiNordmøre, død 17. januar 1981) var lærar, gardbrukar, organist og aktiv fråhaldsmann (D.N.T.). Mellomnamnet er også skreve Ingvard.

Han var son av snikkar Halstein Aanes og Elen f. Aasen. Nils Ingvard Aanes tok eksamen ved Levanger lærerskole i 1912 og gjekk seinare fleire kurs.

Som nyutdanna var han 1912-12 vikar i Grimstad krins, Straumsnes på Møre. Aanes arbeidde som lærar i Årsund, Rakstang i Straumsnes, 1913-16. I 1917 vart han tilsett ved skulen i Rypdal i dåverande Sylte (Tresfjord) kommune. Seinare vart han skulestyrar i Tresfjord.

Frå 1921 var Nils Aanes òg organist i Tresfjord kyrkje, medan han i 1927 vart formann i soknerådet. I bolken 1918-33 var han formann i Tresfjord lærarlag og hadde elles mange kommunale ombod.   Les mer …

Tresfjord kyrkje.
(2014)
Tresfjord kyrkje er ei åttekantkyrkjeSylte inst i Tresfjorden i Vestnes kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1828 og er bygd i tømmer. Arkitekt var Erik Kroken. Ho er den eldste kyrkja i kommunen. Kyrkja har 270 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja. Tresfjord kyrkje blei restaurert til 100-årsminne i 19271929. Ho blei grundig reparert og restaurert igjen i 20062007, etter at ho ein periode måtte støttast opp med wire. Kyrkja er rikt dekorert, og noko av interiøret er frå ei tidlegare kyrkje.   Les mer …

Hans B. Osnes med familie kring 1910.
Foto: Gustav Osnes
Hans Berntsen Osnes (fødd i Ulstein 19. juni 1872, død same stad 14. oktober 1958) var lærar, gardbrukar, forretningsdrivande og pressemann. Han var aktiv i norskdoms- og fråhaldsrørsla og i lokalpolitikken. I ei jubileumsomtale da han runda 85 år, vart han karakterisert som «ein av sentrumsfigurane i bondereisinga i Møre og Romsdal». Han var engasjert i Landmannsforbundet frå 1906 og i Bondepartiet da det vart stifta, og var ei tid redaktør for bondebladet Sunnmøre Tidend. Han var også ein tiltaksmann som sette i gang ei rekkje moderniseringstiltak i heimbygda. I ei omtale frå 1919 blir han av ein sambygding karakterisert slik: «Hans B. Osnes er ein evnerik og energisk mann - full av idear og handlekraft, og det stend javnt eit friskt ver av han.»   Les mer …

 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
Forside:Vestnes kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Vestnes kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar