Kristoffer Aas

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristoffer Aas (fødd 12. oktober 1889 i Vestnes, død 1. mai 1977 same stad) dreiv fotopraksis i Vestnes frå byrjinga av 1920-åra fram til slutten av 1950-åra. Før han starta som fotograf var han båtbyggar.

Han var son av båtbyggar og gardbrukar Rasmus Johansen Aas (f. 1860) og Marta Marie Andersdotter Aas (f. 1859). Han gifta seg i 1926 med Marit Asgjerde (f. 1902).

I folketeljinga 1910 står han oppførd som båtbyggar. Broren Johan Rasmussen Aas (1883–1947) starta opp eit båtbyggeri i Austbygda, der Kristoffer Aas arbeida ein tid. I 1920 var han båtbyggingstømrar hjå Olav S. Vestnes.

Fotograf Lars Pedersen tok over etter Kristoffer Aas, og fungerte fram til 1981 då Kari Tomren Utgård og Torgeir Utgård tok over. Arkiva etter både Aas og Pedersen er no i Utgårds eie. Arkivet inneheld mest portrett, ulike grupper, hendingar og landskap.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Kristoffer Aas er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.