Vestnes prestegard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vestnes prestegard er prestegard for heile Vestnes kommune. Garden ligg på Helland, nær Helland skule og vender ned mot Remmemsbukta. Prestegarden er frå 1847, samstundes med at Vestnes prestegjeld vart skipa. Prestegarden har vore brukt som prestebustad fram til slutten av 1900-talet. Prestegarden og litt av den gamle prestegardshagen vart freda i 1991, etter kulturminnelova. Den gamle hovudbygninga er eit døme på ein embetsbustad frå 1800-talet.

I 1846 selde dei to bøndene Kristoffer Jakobson og Jon Mortenson, gardane sine på Helland, til Opplysningsvesenets fond. Dei fekk 2000 spesiedalar, noko som var ein uvanleg høg pris på den tida. Den 14. april 1847 overlet dei gardane sine til den fyrste presten i Vestnes, Otto Theodor Krohg. Året etter, i 1848, fekk soknepresten bygd ei ny og teneleg hovudbygning på prestegarden. Seinare vart det bygd nye driftsbygningar på garden. Det var også tre husmannsplassar knytt til garden. I 1859 hadde garden ei hovudbygning med 16 rom, fjøs og stall, eldhus, borgstove (hus for tenarane), tiendestabbur og stabbur. Det var to hestar, 18 kyr, 20 sauer, 4 griser og 30 høns. Sokneprest Otto Theodor Krohg var reikna som ein foregangsmann innan jordbruk og bondeyrke.

Heilt på slutten av 1900-talet vart det bygd ein ny prestebustad, like ved sida av den gamle. Den gamle hovudbygninga frå 1848 vart seinare selt og nytta som privatbustad. Nærområde rundt huset var tidlegare av dei beste jordbruksareala på Vestnes, men er endra til eit tettbygd område med privatbustader og skule.