Johan P. Fiksdal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Johan Pederson Fiksdal (fødd 24. juni 1907 i Fiksdal, død 4. september 1988) arbeidde i konfeksjonsbransjen, og hadde i perioden 1930 til 1948 fotografi som binæring. Han virka i heimkommunen Vestnes i Romsdal.
Han var son av gardbrukar på Bakketun Peder Elias Olson Rekdal (1884–1965) og Lassina Johansdotter Fiksdal (1872–1945), og var eldste ei dei fem borna deira.
Han vart i 1936 gift med Olga Ræstad frå Otrøyn, og dei fekk døtrene Liv og Kari.
Johan Fiksdal og kona arbeidde i mange år på Tomren Fabrikker. I 1953 tok deiover gardsbruket Bakketun etter far hans, men let stort sett andre drive garden medan paret haldt fram på konfeksjonsfabrikken. Dottera Liv vart gift med Arne Ingvarson Tomren.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Johan P. Fiksdal på Digitalt museum.
- Johan P. Fiksdal på KulturNav
- Sunnmørsposten, 11. januar 1994.
- Rekdal, Olav: Gards- og slektshistorie for Vestnes - Tresfjord : Fiksdal sogn. Utg. Vestnes kommune. 1977. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Johan Pederson Fiksdal i Historisk befolkningsregister
Johan P. Fiksdal er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
|