Utsyn over Puttbudalen og Pyttbua i 2005.
Pyttbua er ei sjølvbetjent turisthytte tilhøyrande Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST). Hytta var opphavleg ei arbeidsbrakke som ÅST kjøpte av Tafjord Kraft i 1925. Brakka vart transportert frå Tafjorden til Åndalsnes og derfrå med tog til Stuguflotten. Frå der overtok Ola K. Brøste transporten innover Brøstdalen og Puttbudalen på vinterføre. Han hadde hestar som var vande til å gå med trugar og trekke tunge lass.
Pyttbua vart så sett opp på 1161 m.o.h. i Hånådalsbotnen mellom høge fjell: Karitinden (1982), Puttegga (1999, høgaste fjellet i Møre og Romsdal), Høgstolen (1955) og Høgbøra (1912). Ho var den første hytta til ÅST. Pyttbua vart ombygd i 1959 og fekk da auka sengetalet frå 12 til 18. I 1970 vart ho påbygd med ein ny fløy med kjellar under og fekk da 32 sengeplassar. Les mer …
Våningahuset på Ner-Hole, framsida. Foto: Arnfinn Kjelland
Ner-Hole Museum ligg i grenda Romsdalshorn i Rauma kommune. Det vart etablert ved at Grytten Heimbygdslag kjøpte tunet og noko jord av garden Ner-Hole gardsnr 18 bruksnr 2. Museumseigedomen fekk gardsnr 18 bruksnr 8.
Det som er særprega med museet er våningshuset, som er bygd i to etasjar av stein sett i leire. Det er truleg bygd ein gong mellom 1804 og 1815, ifølgje ein sterk lokal tradisjon av Ole Amundsson frå Flatmark f. 1778, d. 1816 på Kabben i Brøstdalen. Ytterveggane er heile 75 cm tjukke og kalka utvendig. Innvendig er huset delt med to steinveggar slik at det har tre seksjonar. Over murane er det tømra to omfar, og gavlane er òg i tømmer. Taket er eit sperretak med mønsås, men utan sideåsar. Les mer …
Sagelva Vasskraftsenter er eit anlegg bygd og drive av Brøste-Stueflotten Kulturlag omkring Brøstsaga. Det ligg ved vegen inn over mot Brøstdalen, der den gamle «kunstige» Sagelva renn nær fylkesgrensa mellom Innlandet og Møre og Romsdal. Oppbygginga av dei ymse delane av senteret starta i 1999, og det blir brukt til å vise, demonstrere og forklare viktige sider ved næringsutviklinga og bruken av vasskraft ikkje berre i Lesja og Romsdalen, men i heile landet i desse siste 500 åra. Hovudfokus er på korleis den fornybare ressursen vatn har vore utnytta fram til elektrifiseringa skaut fart i siste halvdel av 1900-talet. Senteret opna i 2002, men har vore under kontinuerleg utviding.
Les mer …
Minnesteinen Foto: Arnfinn Kjelland Gravsteinen over Georg Sinclair Foto: Arnfinn Kjelland Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom. Historia starta nokre månader før sjølve toget. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Parallelt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottland, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktest likevel Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann. Les mer …
|