Brøstsaga

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Den gamle oppgangssaga
Foto: Ukjent, ca. 1900

Brøstsaga var opphavleg ei oppgangssag som vart bygd opp kring 1870 ved den gamle vasskanalen Sagelva nær nær fylkesgrensa mellom Oppland og Møre og Romsdal. Det var gardane Ner-Brøste i Øverdalen i Romsdalen og Stuguflotten og Nystugu i Lesja som bygde denne saga.

Det første bladet i oppgangssaga vart smidd av ein bygdesmed. I 1890-åra vart det bytta ut med eit tynnare, valsa blad. I 1917 bygde brukaren i Ner-Brøste om saga til sirkelsag. Under bygginga av Raumabanen vart det skore mykje svillar og annan materialer til anlegget.

Litt om skogsdrifta på Ner-Brøste.

Etter krigen var saga i vanleg drift, og brukte fram til 1959 vatnet frå Sagelva som kraftkjelde. I åra etter 1999 er saga bygd opp att av Brøste-Stueflotten Kulturlag slik at den i dag utgjer hovuddelen av Sagelva Vasskraftsenter.

Gamle og nye bilde frå saga

Kjelder

  • Kylling, Asmund 2006: Brøstsaga i Lesja. Utvikling frå 1870. Treteknisk Informasjon nr 1 s. 31-34.

Koordinater: 62.27750° N 8.12040° Ø