Sagelva Vasskraftsenter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skilt ved innkøyringa.
Foto: Arnfinn Kjelland (2010)

Sagelva Vasskraftsenter er eit anlegg bygd og drive av Brøste-Stueflotten Kulturlag omkring Brøstsaga. Det ligg ved vegen inn over mot Brøstdalen, der den gamle Sagelva renn nær fylkesgrensa mellom Innlandet og Møre og Romsdal. Oppbygginga av arbeidet starta i 1999, og det blir brukt til å vise, demonstrere og forklare viktige sider ved næringsutviklinga ikkje berre i Lesja og Romsdalen, men i heile landet i dese siste 500 åra.

Markeringa av kulturminnedagen 13. september gav arrangørane den nasjonale kulturminnedagens pris for 2009, sjå kulturlaget.

Anlegget i ein større samanheng

Under omvisingar prøver ein gjerne, etter å ha vurdert tilhøyrarane, å plassere anlegget i ein større samanheng. Da kan ein gå tilbake til den perioden der folketalet i Noreg var på det lågaste, først på 1500-talet, der det ikkje budde fleire enn mellom 150.000 og 180.000 menneske i heile landet (dei noverande grensene). Folketalet hadde stupt drastisk etter Svartedauden, gamal dyrka mark hadde grodd att i alle fall i utkantstrøk og fjellbygder som Lesjaskogen var sannsynlegvis heilt fråflytt.

Da voks skogen opp ikkje berre i innlandet, men òg langs heile kysten stod tømmeret på rot heilt ned i fjøresteinane.

I denne perioden skjedde det òg store endringar i økonomi og befolkning særleg i Nordvest-Europa. Spania og Portugal hadde starta utforskinga av «den nye verda», og England, Skottland og Nederlanda følgde etter med raskt aukane urbanisering. Denne utviklinga kravde byggematerial, og dermed vart det norske tømmeret ei lett tilgjengeleg og ettertrakta vare. Prosessen starta kanskje med den såkalla skottehandelen, som utvikla seg vidare langs kysten både aust- og nordover.

Denne handelen med norsk trelast var avhengig av ein teknologiske nyvinning, oppgangssaga, for i alle fall langs mesteparten av kysten var det lett tilgjengelege kraftkjelder i form av vassdrag; elver og åer, som kunne drive den nye, effektive teknologien. Desse kan godt vere heilt eller delvis kunstige, og det er mange som har namnet Sagelva rundt om i landet.

Framveksten av saganlegget

Det er usikkert når anlegget her vart etablert, men det var sannsynlegvis i samband med ei vanskeleg tid for Lesja jernverk kring 1720. Jernverkseigaren, Reinholdt Ziegler, bad i alle fall i 1721 om eit tingsvitne som kunne stadfeste at han hadde behov for å drive ei sag under garden Stuguflotten.[1] Her spurte Ziegler «tilstædeværende Almue, saa vel og udi Særdeleshed af opsidderne paa Raanaa, Bjørlien og Enneboe» om 1) om dei skogstrekningane som høyrde til Rånå, Stuguflotten og Bjorlie, men som ligg i sirkumferensen til verket, var brukbare til verkets bruk som trekol eller setteved, og 2) om denne skogen på annan måte enn ved å bli levert til den saga som alt stod på Stuguflotten kan kome Kongen eller oppsitjarane til nytte. Til dette svarte 'bøndene' nei, vegen frå desse skogstrekingane til verket var så lang og «besværlig» at det ikkje var råd å frakte trekol eller setteved dit, og at skogen som dei tre gardane åtte «af ælde og Vind omfalder og forraadner» slik det var, viss dei ikkje fekk høve til å «imot billig betalning» fekk levere tømmer til eigaren av saga på Stuguflotten.

Ziegler hadde i 1719 bygsla halve Stuguflotten av eigaren, som var Oslo Hospital etter skøyte frå den tidlegare jernverkseigaren Jørgen Fillipsen. Det er ikkje usannsynleg at verkseigaren bygsla garden nettopp av omsyn til den saga som ifølgje tingsvitnet alt stod på garden.

Dei enkelte delane

Sirkelsag

Sirkelsaga som står er ein rekonstruksjon av Brøstsaga slik ho var i 1934, etter ombygging.

Oppgangssag

Oppgangssaga er ein kopi med undervasshjul, oppsett i 2008. Den demonstrerer det kanskje viktigaste industrielle gjennombrotet i Noreg i eldre tid, da den kom i bruk tidleg på 1500-talet og førte til omfattande uthogging av tømmerskogen særleg langs kysten.

Tradisjonell gardskvern

Kopien av den tradisjonelle gards- eller bekkekverna har liggande kvernkall og kvernstein frå Selbu. Det daglege brød var eit sentralt element i det gamle jordbrukssamfunnet. Denne teknologien vi ser her, med vasskraft og større kvernsteinar, avløyste den meir arbeidskrevjande håndkverna, der ein kan sjå ein modell i kafeen.

Illegal kvern frå andre verdskrig

Denne kvern er rekonstruer slik ho såg ut i 1942, med elektrisk motor. Ho vart da montert i skjul på Stuguflotten og brukt til ulovleg maling av korn så lenge krigen pågjekk. Opphavet til kvernsteinane er ukjent.

Stampe

  • Kopi av vassdrive stampe frå Stuguflotten, opphavleg oppsett midt på 1800-talet. I slike stamper behandla ein vadmel. Denne har fire stampestokkar.

Kol- og tjærebrenning

Kunstig kanalsystem med nåledammar

  • Kanalsystem med fleire vassrenner, den største på 40 m lengde og med 6,6 m fall. Systemet har fleire nåledammar og luker for kontroll av vatnet, som blir overført frå Asbjørnsåe til Sagelva gjennom Teppa, eit rekonstruert tradisjonelt inntakssystem som både sikrar minstevassføring og avgrensar vassføringa under flaum.

Moderne minikraftverk

  • Eit moderne minikraftverk ovafor anlegget med ein maksimumsproduksjon på 640 kW.

Industribygg

  • Bygg innehaldande ymse vassdrivne maskiner og reiskap frå siste fase før den elektriske krafta kunne utnyttast i lokal næringsverksemnd frå 1950- eller 60-talet.


Bilde frå vasskraftsenteret

Kjelder

  • Oppslag ved anlegget og brosjyre 2009 (pdf)
  • Heimeside
  • Informasjon frå karane som har vore med på rekonstruksjonsarbeidet

Koordinater: 62.27750° N 8.12040° Ø

Referansar