Sel kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Sel | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 3437 |
| Fylke | Innlandet |
| Kommunesenter | Otta |
| Areal | 905.04 km² |
| Areal land | 894.77 km² |
| Areal vatn | 10.27 km² |
| Folketal | 5 623 (2025) |
| Grunnlagt | 1838 |
| Målform | Nøytral |
| Nettside | Nettside |
Sel kommune ligg i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke, og grensar mot Dovre og Folldal i nord, Sør-Fron i nordaust, Nord-Fron i aust og sør og Vågå i vest. Den noverande Sel kommune vart danna i 1965, då Sel, Heidal og delar av Vågå og Nord-Fron kommuner vart slegne saman.
Administrasjonssenter er Otta, den største tettstaden. Andre tettstadar er Nord-Sel, Sandbumoen, Dale og Bjølstad.
Sel er ein land- og skogbrukskommune. Det er òg steinindustri som sysselsett omkring ein fjerdedel av dei yrkesaktive. Dette er ei gammal næring i Sel. Dovrebana (med stasjon på Otta) og E6 går gjennom kommunen.
I tidsrommet 1996–2006 gjekk folketalet i Sel attende med 3,8 %.
Kjelder og litteratur
|
