Vågstranda

Vågstranda er ei bygd ved Romsdalsfjorden i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Området høyrte til nabokommunen Rauma fram til 1. januar 2021. Bygda har om lag 450 innbyggjarar fordelt på Hjelvik og Vågstranda. Tidegare var Vågstranda ein viktig stad for båttrafikken langs fjorden. Busetnaden rundt kaia har eit bymessig preg. Bygningane er godt bevarte private bustader, og dei gamle butikkane og konfeksjonsfabrikkane er ombygde til overnattingstader for tyske fisketuristar. Vågstranda kyrkje er soknekyrkje for Vågstranda som vart eige sokn i 1870. Vågstranda hadde oppvekstsenter med barnehage og skule fram til 2020. Bygda har òg daglegvarehandel med post.

Glamox hadde lenge ein fabrikk i bygda, og over 50 arbeidde der. Men produksjonen har opphørt og de fleste tilsette fekk tilbod om arbeid ved Glamox-fabrikken i Molde. Brakkvasspollen, Vågen, aust i bygda, viste seg å vere svært godt egna til produksjon av østers, og gjennom nesten heile 1900-talet vart det dyrka fram yngel til eksport.

Litteratur og kilder

Koordinater: 62.6057982° N 7.3218692° Ø