Skottetoget

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Minnesteinen
Foto: Arnfinn Kjelland
Gravsteinen over Georg Sinclair
Foto: Arnfinn Kjelland
Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden, frå år 2000 byen Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom.

Bakgrunn

Historia starta nokre månader før sjølve toget. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Fem dagar seinare gjekk denne styrken i land ved Stjørdalen og marsjerte raskt opp dalen over Meråker og over til Sverige utan å møte motstand.

Parallelt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottland, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktest likevel Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann. Skipa segla saman mot norskekysten under leiing av oberstløytnant Alexander Ramsay, bror til Andrew, med to kompanisjefar, George Hay og George Sinclair.

Skottane skal ha lege nærare 14 dagar på Shetland, kanskje for å vente på styrken til Mönnichhofen, før dei segla vidare mot Romsdalen.

Marsjen frå Romsdalen til Sel

Minnestein Peder Klugnes
Foto: Arnfinn Kjelland
Sinclairstøtta.
Foto: Marthinius Skøien (omkr. 1880–1887)

Frå innseglinga i Romsdalsfjorden 19. august fram til slaget 26. august finst det ei lang rad segn om personar og hendingar som skal ha vore involvert i hendingane. Ein Peder Klungnes skal ha lurt skottane til å gå i land ved garden sin på nordsida av Romsdalsfjorden, der ein den dag i dag finn namnet Skothammaren. Peder skal ha lurt skottane til å marsjere heile vegen rundt Isfjorden og dermed seinka dei med ein dag. Han skal òg ha ført dei vidare oppover dalen. Men eit av dei to dokumenta om hendingane frå same hausten (sjå lenke nedafor) viser at skottane konfiskerte noko sølv frå ein dansk mann, Søren Setnes. Ser ein på kartet ser ein at Setnes ligg på sørsida av Romsdalsfjorden og ved den naturlege vegen inn i Romsdalen - hadde skottane gått rundt Isfjorden ville dei vore nøydd til å krysse elva for å kome til Setnes. Per Klungnes er ikkje nemnt i dokumenta frå den tida hendingane skjedde.

Skottane marsjerte raskt opp Romsdalen og over Lesja, der det òg er segner om at dei skal ha stole og brent gardar. Men det er ikkje rett. Tvert i mot går det fram av dokumenta frå same året at dei ikkje plyndra noko utanom på Setnes.

Varsling, mobilisering og bakhald

Det vart sendt melding om innmarsjen slik at lensmannen i Lesja (som den gang òg omfatta Dovre), Lars Hågå klarte å mobilisere ein del bønder frå det prestegjeldet for å prøve å stoppe skottane. Han fekk òg sendt varsel til naboprestegjelda, Vågå, Fron og Ringebu. Styrken samlast ved Kringen med Lars Hågå og lensmannen i Ringebu, Per Randkleiv som førarar. Der angreip dei og skaut ned «alle» skottane på halvannan time ifølge rapporten statthaldaren skreiv tre veker seinare. Men ifølge same rapport var det ein del som overlevde. Nokre prøvde å kome seg over på andre sida elva, men der vart dei slege i hel av bønder.

Segnene frå sjølve trefninga inneheld mange detaljar, mellom anna om korleis dei som låg i bakhald vart varsla ved signal frå fjellet Seljordskampen på andre sida av Gudbrandsdalslågen, at dei bygde ei stor tømmervelte som dei sleppte ned på skottane med mer. Men ingen av desse kan stadfestast gjennom rapportane frå same året.

Avretting av krigsfangar og kongelege gåver til leiarane

Rapporten frå Kruse fortel òg at 134 av skottane vart teke til fange, men at alle utanom 18 vart avretta av bøndene dagen etter. Dei 18 vart førte til statthaldarenAkershus, som altså rapporterte saka til København. Mellom dei 18 var føraren, Ramsay og den eine kompanisjefen, Hay. Den andre kompanisjefen, Sinclair, vart drepe, og tradisjonen i ettertid har utpeikt han som førar av styrken. Gravsteinen over Sinclair kan ein framleis sjå på Kvam.

Kongen, Kristian 4., viste seg takknemleg. Ved gåvebrev datert 3. september 1613 fekk Lars Hågå gardane Hågå og Lannem på Dovre. Per Randkleiv fekk gardane Randkleiv og Øvre Gunnstad i Ringebu og Berdon Segalstad fekk garden Segalstad også i Ringebu. Berdon skal etter segna ha vore den som skaut Sinclair.

Ei lang rad segner og tradisjonar om denne hendinga levde i Gudbrandsdalen i hundreåra framover.

Kjelder og litteratur