Årbok for Gudbrandsdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Årbok for Gudbrandsdalen 1994. Akantusmotivet vart utforma av Ola G. Bismo 1946.

Årbok for Gudbrandsdalen er eit lokalhistorisk årsskrift utgjeve av Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag. Årboka kom ut for fyrste gong i 1930 under namnet Årbok for Dølaringen. Samarbeidet med Gudbrandsdal historielag vart innleidd frå og med 1933. Frå 1939 heiter boka Årbok for Gudbrandsdalen, og er utgjeven av dei to organisasjonane i fellesskap, frå 1967 ved Dølaringen boklag, forlaget som historielaget og Dølaringen eig i hop.

Forslaget om å gje ut årbok kom opp på årsmøtet i Dølaringen i 1926. Forslagsstillaren var Ola Svare, lærar i Gausdal, opphavleg frå Vågå. Da ideen vart realitet fire år seinare, vart Svare med i redaksjonskomiteen. Redaktør var læraren og folkeminnesamlaren Edvard Grimstad på Lillehammer, opphavleg frå Skjåk. Elles i den fyrste redaksjonen sat Einar Enge frå Tretten og Kaspar Øvstedal, Vågå.

Ved oppstarten sette Dølaringen opp retningslinjer for innhaldet i årboka i seks punkt. Desse er attgjevne i føreordet i den fyrste utgåva slik:

I Minneord um kjende døler.
II Skrifter og uppskrifter som kan finnast att etter burtfarne folk.
III Bygdaoriginalar. Spelmenn o.a.
IV Frå arbeidslivet i det gamle bondesamfundet. T.d. heile tilgangen med ølbryggjing, slakting, kvernbruk o.sl. Ymse truer som var festa ved dette. Ymse arbeidsmåtar. Seterstell. Um øykjer og andre husdyr det er minne um.
V Gamal fortelnad. Ovtru. Stadnamn, brukte og gløymde. Segner.
VI Dølalynne og dølagjerd. (Småting som karakteriserar dølane.)

Det var lagt opp til at stofftilfanget skulle dekkje alle bygder i Gudbrandsdalen. Det står vidare i det fyrste føreordet at «kvar som skriv, fær velja sitt mål sjølv, og det syner seg i den fyrste at sume vel bygdamålet og sume ei normalisera form. Men dølamålet kjem godt fram hjå alle, og samanlagt gjev boka eit godt oversyn over målføra mest heile dalen over». I praksis har bidragsytarane kunna velje mellom variantar av normalisert nynorsk og dialekt. Innlegg på bokmål har vorte omsette til nynorsk. Den opphavlege utgjevaren, Dølaringen, har alltid hatt eit målpolitisk siktemål med boka i tillegg til det lokalhistoriske og tradisjonsbevarande motivet. Men før 1990 vart det likevel opna for at "verdifullt stoff" kunne vere på bokmål (føreordet i 1990-utgåva).

Særleg frå ca. 1980 har innhaldet i årboka endra noko karakter. Folkeminnepreget og innslaget av folkehumor og «segn og soge» har i monaleg grad vikt plass for artikkelstoff av meir historiefagleg art, med auka vekt på emne også utanom den gamle bondekulturen og på nyare tids forhold. Det har vore innslag av temautgåver. Frå og med 1995 vart format og layout lagt om, og det har vorte lagt vekt på gjennomtenkt bruk av fotografi og andre illustrasjonar.

Årboka har kome kvart år frå og med 1930, med unntak av krigsåra 1942-1944.

Redaktørar

Årbok for Gudbrandsdalen 1995.

Kjelder og litteratur

  • «Fyreord» i Årbok for Dølaringen 1930.
  • Hosar, Kristian: «75 årbøker om Gudbrandsdalen» i Årbok for Gudbrandsdalen 2007.
  • Hovdhaugen, Einar: «Årbok for Gudbrandsdalen gjennom 50 år» i Årbok for Gudbrandsdalen 1982.
  • Ramberg, Knut: «God bok blir betre» i Årbok for Gudbrandsdalen 1992.

Eksterne lenker