Dølaringen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Butikken til Dølaringen i Kirkegata 51, Lillehammer. Boklaget flytta inn der i 2010, men er nedlagd frå og med 31. januar 2013. 1972-2010 hadde Dølaringen lokale i Chr. Bruuns veg i same by.
Foto: H.P. Hosar (2010)

Dølaringen er ein samskipnad som arbeider for å fremje interessa for kultur, historie, nynorsk og dialektbruk i Gudbrandsdalen. Samskipnaden vart grunnlagt i 1914. Både enkeltpersonar og lag kan vere medlemmer. Ei hovudoppgåve for Dølaringen frå og med 1930 har vore å gje ut Årbok for Gudbrandsdalen, frå 1933 i samarbeid med Gudbrandsdal Historielag. Saman med historielaget eig og driv Dølaringen eit forlag med namnet Dølaringen boklagLillehammer.

Dølaringen var truleg dei første til å arrangere kurs der dr. Sewerein var tema
Foto: 17de Mai 22. juni 1928.

Omtale av Dølaringens stemne paa Dovre i Den 17de Mai 22.06. 1928.jpg

Oppstarten

Dølaringen vart stifta på årsmøtet til AustmannalagetDovre den 4. januar 1914. Det vart gjort etter framlegg frå Stefan Frich. Føremålet var å danne ein «målring» for Gudbrandsdalen innafor den større samskipnaden Austmannalaget. Det vart valt eit styre med tre medlemmer, Olav Åsmundstad, Olav Aukrust og Trond Vigerust, truleg med den fyrste som leiar. Eit nytt styre frå 1919 bestod av Aksel Hattestad frå Fåberg, Kr. Ourum frå Øyer og Bjørner Vigerust frå Dovre.

Den eldste møteprotokollen til Dølaringen er frå 1924, og dette blir stundom rekna som grunnleggingsåret.

Organisasjonsform og program

Frå fyrst av var Dølaringen eit samlag for dei lokale mållaga i Gudbrandsdalen. Dølaringen var i sin tur tilslutta Austmannalaget. Frå 1933 vart føremålet utvida noko ut over målsaka. Dølaringen skulle «verne om dølakulturen i mål og minne, i sed og skikk, i arbeid og kunst» (lover vedtekne på årsmøtet på Otta 16. juli 1933). Laget skulle også ha for auga å hjelpe til med opplæring av ungdomen «på heimleg grunn».

I samsvar med det utvida føremålet vedtok Dølaringen det same året å samle tilfang til ei kulturhistorie for Gudbrandsdalen. Fyrst etter krigen, i regi av Kulturhistorisk samskipnad for Gudbrandsdalen, kunne dette arbeidet nyttast i Sigurd Griegs og Fartein Valen Sendstads Gudbrandsdalen i middelalderen i tre band (1956-1958).

Samarbeidet med Gudbrandsdal Historielag

Vendinga mot kulturhistorie frå 1933 gjorde det naturleg å innleie det tette hopehavet med Gudbrandsdal Historielag som har stått ved lag alt sidan. Samarbeidet om årboka tok til det same året. Frå 1935 har dei to laga hatt felles årsmøte. Med ei avtale frå 1975 vart samarbeidet ytterlegare styrka med sams rekneskap og årsmelding for Dølaringen, historielaget og boklaget. Men da det i 1988 kom forslag om å sameine dei to laga fullt og heilt, gjekk ikkje dette gjennom. Ein ottast nok at det spesifikke ved Dølaringens føremål, særleg arbeidet for målsaka, kunne svinne i ei samanslåing med det kulturideologisk meir nøytrale historielaget. På eit eige årsmøte for Dølaringen 26. august 1990 vart dette vedtaket gjort: «Dølaringen held fram som eigen organisasjon. Arbeidet for styrking av dialektane og nynorskbruk blir prioritert høgare. Samarbeidet med Gudbrandsdal Historielag held fram som før.»

I følgje årsmeldinga for 2008 hadde Dølaringen 86 enkeltpersonar og to mållag som medlemmer.

Kjelder og litteratur